fredag 12. juli 2013

Siste dag NM. Opptur ny pers i VM-fin 549

Etter gårsdagens lærepenge var det attende på ny frisk. Eg stilte idag med mi faste rosa piquetskjorte i håp om at det spelte inn.Det er framleis ingen som mobbar væpna mann i rosa skjorte :-)

Litt meir analyse av gårsdagens katastrofe fekk fram at problemet delvis låg i lite fokus på korn, men mest på uryddige avtrekk. Idag var dette betre på plass. Eg jobba hardt med å fokusere på korn og hugse tryyyyyykk. Store delar av dagen fungerte dette bra. Nokre glipp undervegs, og ein godtkjend funk.feil i 3 serie duell forstyrra litt. Likevel enda eg på 549, ny pers med 9 poeng.Totalt 28 plass er absolutt godkjent.

Så , vegen framover :
- trene duell  og hurtig på tid på trening.
- pusteteknikk på duell må inn.
- trene press og 10 sek serie på tid med førebuing.
- meir fokus på mental trening, og avslapping. Jobbe med mentale delar.
- fysisk : uthald og styrke må på plass.

Meir detaljert plan får komme seinare.

torsdag 11. juli 2013

NM Løvenskioldbanen. 2/3 ferdig. OPPTUR og nedtur.

Eg vil gje stor skryt til dei som har teke på seg å arrangere NM i år, flott arrangement. Eg trur ikkje nokon vert vonbråtne når eg trekk fram Lars Kanedal og Siri Vaggen Olsen som primus motor. Vi får håpe at dei ikkje går heilt lei og vert utbrende. Kjempejobb.

Så over til noko mindre viktig - skyting mi.

Igår var det hurtig fin. Eg ser på eigen hall of shame at eg ikkje har konkurrert i dette på mange månadar (9?) så forventninga var ikkje så stor. No skal det seiast at det meste av treninga siste tida har vore raske serier på press og duellskive med forsåvidt greit resultat. Eg oppdaga tidleg at 10 sek seriene gjekk greit og jamnt var eg ferdig på under 8 sek, så eg kunne slappe av på både 10 og 8 sek serier. På 6 sek var det litt meir roting, men faktisk greit nok. Konsentrasjonen slapp litt undervegs, så eg trur at totalt 3 serier var under pari. Resultatet enda på 546 p , 23 p opp på pers. Total nr 39. Ikkje dårleg, må seie meg nøgd med det.

Idag var det standard. Gode førebuingar, var ikkje sosial , god oppvarming, men når sant skal seiast var eg likevel ikkje mentalt med. Førebuingstida vart nytta godt, med puls og tremor. Prøveserien sat bra og eg var godt innskoten. Første serie enda på 41 p, med TO sju !!! Då gjekk lufta litt ut av meg. Tremor forsvann og eg samla meg. Dei neste seriane tom 20 sek gjekk bra. Då desse var ferdige hadde eg 364 , og potensialet for ein god omgang var definitivt der. SÅ skjedde det som vanlegvis skjer. Fokus gjekk frå korn og over på at eg kom til å skyte over 540, ønske om å havne oppe på lista. Første 10 sek gjekk som den måtte gå. Eg skaut faktisk ein 3 ######&&%¤%&&. Ein av dei neste serien gav 35 )(/)&//%/¤&%¤%¤&%¤. Kvar fokus var veit eg ikkje, mentalt var eg fråværande. Alt revna og totalt på dei siste 4 seriane kom eg så vidt over 150 p. Har ikkje skote så dårleg på 2 år. Lærdom - slutt å tenke. Fokus på korn. Passande at eg fekk denne lærdomen i fleisen idag. Så, om ikkje anna er motivasjon til å konkurrere på topp enno. Totalt enda eg på 520 p. Så tross total svikt på slutten var eg nesten på pers. Det seier litt om potensialet når eg skyt på mitt beste. Grr

Imorgon er det VM-fin. Går til dette med blanda kjensler, men får gjennomføre. Ta det som trening og erfaring før eg dreg heim og tenker på hausttrening. Her vert det samling på bånn.