søndag 1. mars 2015

Back to basics.

Det har vore lite skriving i det siste, men årsaken er enkel. Det er lite å skrive om.

Etter den katastrofale konkurransen, har eg arbeidd med årsaken. Den "langvarige og djuptgåande" analysa har påpeika eit par enkle ting. Balansen må verte betre, så no trener eg balanse. Avtrekket er for dårleg, så her trener eg avtrekk.

Kontakten med kornet har vorte dårlegare, så no skyt eg mykje mot blank bakgrunn for å betre kontakt , fokus og avtrekk.

Det gjev sakte resultat, men eg må vel berre sjå i augene at pistolskyting krev trening.

Den må vere fokusert, målretta og planlagd. Så det held eg på med no. Sakte kryp flugene nærare midten.

Legg ved treningsskiva frå siste trening. Her er 18 skot, etter at eg har skote 30 skot i kulefanger. Ein viss framgang er det jo på trening.

mandag 12. januar 2015

Som ein fyrstereisgutt.

Igår var det tid for konkurranse att. For fyrste gong på 1 år skulle eg konkurrere i standardpistol. Eg hadde ikkje sett håpet høgt, men vona å kome over i B-klassa att.  Hausten har vore prega av ustrukturert trening, lite fysisk trening og knapt eit avtrekk heime. (Her kjem orsakingane på rad og rekke). Problemet var likevel i hovudsak manglande konkurransetrening.

Puls var venta, men at den skulle lage så mykje trøbbel var eg ikkje klar over. Eg fekk ikkje kontroll på balansen, eg fekk ikkje roa nervene, grepet var ikkje teke og festa der eg skulle med rett kraft, og styrken og uthald var for låg. Fokus var truleg ein stad mellom korn og skive, og i alle fall ikkje på avtrekk der det burde. Takk og lov for skytebriller som tvinga fokuset nærare kornet enn  blinken.

Dei rolege seriane der eg burde hente poeng vart slik halgeskyting, med tanke på spreiing. 2o og 10 sek var på same måten, betre samlingar, men dei flytta seg litt som seg hør og bør rundt på blinken.
Dei fleste seriane var over 40, men knapt over. Sluttresultat ? 500, altså i snitt 0,5 poeng for dårleg på kvart skot.

Så var det noko positivt? Vel tross alt skaut eg 500, og på ein dag utan god form, i ein periode med dårleg trening, skaut eg faktisk 500. Så noko må vel stemme, det må vere noko som stemmer med grunntrening og teori. Og for ein gamal hund som ikkje skal kunne lære nye triks, så har altså nokon triks komme seg på plass. I tillegg fekk eg litt blod på tann for tida framover, og rikeleg med innsikt i kva eg bør og må trene på.

Eg vil også skryte litt til Ørsta/Volda for den flotte bana. Sidan vi no framover kan skyte korrespondanse, så åpnar det for fleire konkurransar framover.

onsdag 5. november 2014

A slow mind works.....well, slowly.

Eg har dessverre ikkje fått trene mykje den siste tida, korkje heime eller organisert. Sånn er no livet. Konsekvensen er platåfase, og faktisk at eg ser at det går litt attende.

Det er freistande å gje litt opp, men ein får heller tenke smart (til forskjell frå å tenke dumt ???). Eg prøvde ein Gopro på trening, ca 45 grader på meg sjølv, og oppdaga då at balansen min var dårleg. Så når eg har moglegheit, så trener eg balanse. I heimetrening ser eg at fotstilling er nøye, og faktisk er det best om eg tåar ørlite innover. Vidare er eg svært medviten på at tyngdepunkt ligg midt mellom beina , men omlag rett bak tåballar. Kne skal ikkje låsast, og det må jobbast kontinuerleg for at balanse er korrekt. Desse få punkta, som eg kjenner frå tidlegare, men som krev kontinuerleg fokus, har gjeve relativt raskt resultat.

Så, kvifor slowly ??

Vel, for ei tid tilbake meinte eg å forstå korleis ein kan flytte kornet til høgre/venstre ved å endre masse til/frå styreflata nede på skjeftet. Alt godt forklart av Petter Brattli.

Ein russer har tidlegare forklart at ein heller bør klemme godt med veslefinger, og mindre med ring- og langfinger. Dette er jo litt motsett frå tidlegare lærdom, der ein skal ta vekta /klemme mest ved langfinger.
Det verkar jo mest logisk å klemme med veslefinger, då denne ser ut til å klemme styreflata mest i kontakt handa. Då vil jo pistolen ligge mest stabilt. Ellers har eg ein vag tanke om at det truleg er best å ha minst mogleg belastning på fingrane som ligg nærast peikefinger, dette for å la denne jobbe mest mogleg uavhengig.
Så, det er jo sikkert noko som dei fleste har forstått, men altså ikkje eg. Slow mind works,  well , slowly.

lørdag 20. september 2014

Dobbel skivebom.......argh !!!!

Dette året har det vorte lite konkurranseskyting av ulike årsaker. Eg har klart å halde klasse B i luft og standard, men ikkje konkurrert i VM-fin eller hurtig-fin. Denne helga skulle eg delta i hurtig-fin og luft på Vestnes, og neste helg ein standard i Ålesund. Så har eg fått litt fleire konkurransar. Så viser det seg at konkurransen i Ålesund er avlyst, og når eg no er kommen til Vestnes, så er konkurransen flyttta til neste helg. Irriterande at eg ikkje har sjekka opp, men det hjelp ikkje å vere frustrert. Det vert vel ikkje fleire konkurransar for det. Så , då får eg vel vente til neste år for neste konkurransen.

Heilt bomtur var det no ikkje, eg har fylt opp med ammo i .22 og 9 mm.

Skal eg vere heilt ærleg så er det vel greit. Eg har trena mykje på hurtig, men enno har eg ikkje lært . Det har vore lite trening med tid, dvs ladetid, 7 sek klar og reell skytetid. Utan dette får ein ikkje puls. Eg får nytte tida framover betre på faktisk konkurransetrening.

Treninga ellers går strålande mop grunntrening. Skal skrive litt meir om det seinare, samt om ein annan form for skivebom eg har byrja med......

mandag 23. juni 2014

Do. Or do not. There is no try (sitat Yoda).

Framgangen held fram. Eg las ein serie artiklar for nokre år tilbake der ein sterkt vektla repetisjon. Men dei gjorde meg litt meir medviten på kvifor ein skal repetere. For kvar gong ein les, eller lærer noko, så gjer ein det med aukande kunnskap. Ein vil då for kvar gong absorbere meir kunnskap, og få større innsikt enn då ein tidlegare las same tekst. Det kan tenkast at ein kjem til eit punkt der ein er utlært, men for meg vil ei slik haldning vere arrogant.

Kvifor skriv eg noko som er så sjølvsagt ? Det kan vere at det også finnast andre som er såpass trege som meg, og som kan dra nytte av litt meir opplysning. Men tanke var eigentleg eit bakteppe for kva som hender når eg no driv tørrklikktrening.

Tidlegare var det mot ei skive, og med eit vagt fokus på at siktebilete skulle vere perfekt og iro ved avtrekk.

Korleis gjer eg det no ?

Vel først er eg meir medviten på korleis eg tek grepet. Eg legg merke til flata for rekylopptak, svullen og korleis kontakten mot styreflata påverkar korleis kornet ligg i skuret. Fingeren på avtrekker. Kor hardt trykker midt på finger nr 3-5 ? Er fingertuppar frie ? Er tommel fri ?
Spenning i leggar, lår, hofte samt rygg og mage. Lite løft av hæl og senking for å få rett spenning.
Løft med kun rotasjon i skulder med medvite forhold til pusten. Stemmer posisjon (ved skive) ?

På veg inn i avtrekker trekk ein inn Yoda si befaling. Do. Or do not. There is no try. Altså om alt stemmer, start avtrekk med fast handledd og gjennomfør. Ikkje forsøk, gjer, eller avbryt.

Etter avtrekk, etterhald og avslutt med innpust.

Alt dette går føre seg i eit stort, men ellers tomt hovud. Det er faktisk såpass mykje at eg godt kan nytte 30 min på tørravtrekk utan at det vert kjedeleg eller tregt.

Rådet om tørravtrekk heime har alle høyrt, og det er klart det kan vere kjedeleg, men om ein nyttar filosofien til Harald Stenvaag går det greit. "Alle avtrekk kan gjere deg til ein betre skyttar, eller ikkje. Du bestemmer."

torsdag 5. juni 2014

Sakte framgang.

Eg har skrive ein og anna innlegg siste tida om teori bak skying med pistol. Eg prøvar å verte noko meir strukturert, og kjem kan hende med ein betre oversikt etterkvart. Prøver å legge det ut som ei fil som eg kan oppdatere etterkvart som den vert betre. Førebels er eg på ca 7 sider (men med figurar :-))

På treningsfronten går det stadig framover. Eg har adoptert ei litt fastare ramme generelt, dvs litt fastare grep på pistol, auka muskeltonus, og fokus meir på avtrekk. Avtrekket er framleis ikkje bra nok, men det kjem seg. Ein og annan slenger ser eg enno, men eg skyt med mykje større sjølvtillit tross mindre trening. Samlingan er generelt mykje betre. Eg trener for det meste 20 sek serier, men nyttar og SCATT og eg likar det eg ser.

Så, eg vil tilrå at dei som har tid les heftet til Bratli samt dei to artiklane eg har likna til og gjer seg nokre val. For dei som ikkje gidd dette, så får ein vente på den spennande oversikten eg sjølv kjem til å legge ut :-)

onsdag 21. mai 2014

Posisjon - kvar skal nasa peike ?


Ifølge Anatoliy (A )(pr 2003 ) er rådande tanke at det viktigast er indre stabilitet, og at ein kan finne stabilitet i nærast alle posisjonar (ein tenker her på Moritz Minder si spesielle stilling der pistolen låg nærast sidelengs). Ein ser også skyttarar som har byrja karriera med sida mot skive, og ila karriere har skifta til å sjå rett mot skiva. Dette understreker at stilling /posisjon er og vil vere individuell.

Det viktige er at ein skyttar finner sin posisjon som gjev optimal muskulær tonus (spenning). Det vil IKKJE seie stillinga med minst energi, men det som gjev maksimal stabilitet. For dei fleste krev dette at ein spenner seg ein del. Eit råd er at ein for å få maks stabilitet i anklar, kne og hofter løfter seg ørlite på tå når ein løfter pistolen, og så senker seg ned utan å bøye seg bakover. Her er det best om føtter er parallelle.

Ein har tidlegare lært at skytestilling må vere fysisk og mentalt energieffektivt. Dei fleste finn ein avslappa stilling i balanse, men ein får visse skot som ikkje går der dei skal. Anatoliy (A) peikar på at ein bør ha ei noko styrka og bestemt stilling, og at denne vil hindre streifskota som ein får i den avslappa stillinga. Det vert påpeika at sjølv om råda er å vere avslappa, så er ikkje stillinga til mange av dei beste skyttarane den mest avslappa ein kan sjå.

I boka «Olympic Pistol Shooting» (OPC) (ISBN 3-9809746-2-8 ) går dei noko lengre og forklarar kva kompromiss ein må gjere. Ein har i utgangspunktet 2 ytterpunkt.

Den beste stillinga for hovud, nakke og auger mop blodforsyning mm er stå med kropp rett mot skiva. Som ein ser av figuren vil ein måtte flytte handa litt inn framfor kroppen. Den raude pila skal illustrere krafta som rekylen danner. Ein ser at denne gjer at handledd, skulder og kropp får ein vridning som ein må kompensere og rette opp att før ein kan ta neste skot. Stillinga er altså grei til enkle skot med god tid. Mangel på kroppsmasse rett bak rekylen gjer imidlertid at ein må spenne kroppen desto meir får fange opp denne i raske skot. Ein får heller ikkje så mykje gratis i løftet. Petter Bratli forklarer dette godt når han viser til at brystmuskelen i den skytande handa er pressa saman, og ryggmusklar er strekt slik at skytehanda nærast vil dra seg utover. Ein kan truleg kompensere på eit skot, men i ein serie vil kroppen dra skota uover mot høgre.


Den andre stillinga etter OPC er reint sidevegs. Her vil vridning i hovud og nakke gjere at blodforsyning, musklar og nerver ikkje har det bra. Brystmusklar vil tendere til å dra handa inn mot midten i serier, og bakre skuldermusklar vil truleg skubbe litt samme veg. Fordelen med denne stillinga er at all kroppsmasse er rett bak pistolen. Rekylen går rett gjennom handledd, arm og gjennom skulder inn i kroppen. Rekylopptaket er dermed mykje rolegare. Om ein klarer å kompensere for ulempene , kan ein altså skyte fort og kontrollert med godt rekylopptak.

Mi eiga tolking av dette er at utgangspunktet på 45 grader på siktelinja er greit. Så får ein prøve seg fram gradvis. Eg trur at trening og medvite spenning som er tilpassa (ifølge A) gjer at ein kan velje gå meir mot dei ytterpunkta ein føler passar best.Spenninga gjer at ein kan overkomme og motverke nokon av kompromissa ein må gjere , i alle høve i ei viss grad. Ved fysisk trening, styrke og tøying vil ein truleg også kunne gjere noko med fysiske forutsetningane kroppen din har. Det var grunnteorien bak dette så langt eg har misforstått den. Fleire misforståingar følger.....