mandag 25. mars 2013

Standardpistol Ørsta, ny pers 517 p, 3 poeng for lite

Det har vore lite aktivitet på bloggen siste tida, så eg seier meg lei for det.

Eg har trent så mykje som mogleg, men det har vore relativt lite tørrtrening og fysisk trening , dessverre.

På trening med krutt har vi fokusert på relativt raske serier, men vi har ikkje trent spesielt på faktisk tid. Når vi har trent på tid, har eg faktisk vist meg å nappe til . Så då veit eg kva eg har å trene på.

På det jamne skyte eg relativt greit men det er dessverre for lite konkurransetrening.

Før konkurransen fekk eg ein del problem med hurtigserier , då eg fekk kilingar. Skifta rekylfjær og brukte eley pistol under konkurransen . Fungerte betre det.

Konkurransen gjekk relativt greit, og eg klarte å kontrollere avtrekka i siste delen av konkurransen. Derfor gjekk det betre enn nokon gong. Men, eg må jobbe med raske avtrekk, og det vert på bana. Så får ein hugse at ein i platåfasen må jobbe tålmodig og stødig over tid får å få gradvis betre resultat.

onsdag 6. mars 2013

Oppdal pistolklubb.

Kursverksemd gjer at eg må reise litt frå tid til anna. Denne veka er eg på kurs i Oppdal, og som vanleg dreg eg med meg litt "verkty". Denne gongen vart Pardini og Steyr reiserfølge.

Eg hadde på førehand kontakta klubben via mail og fekk raskt svar og velkomstmelding. 

Vel framme (måtte leite litt til eg kom over sidene til NM i spesialpistol /magnum)  var det rett inn i varmen. Ei hyggeleg bane med 6 elektroniske skiver, og eg vart tildelt bane nr 4 umiddelbart. På programmet var programskyting og NAIS . Som eg ikkje har skote sidan eg var på besøk i Oslo for snart 9 mnd sidan. Eg meiner å hugse at eg den gongen klart 276 eller noko slikt. 

Så , kjapt skru om sikte ned 15 knepp. Ein prøveserie og så var det i gang. På 150 sek gjekk det bra, ei fluge. På duell, vel , ikkje så verst. Det var litt uvant å skyte på så stor svart skive. Resultatet vart 270 som eg må seie var greit nok. 

Det slo meg at eg nok bør trene duell ein del, også mot kun svart ark for å trene opp fokus på fokus korn.

Etterpå vart det hyggeleg prat i klubbrommet. Mykje kunnskap, og mykje moro. Som alltid når ein vitjar ein pistolklubb, så er ein heime. Eg kjende meg som eit medlem som hadde vore der mange gongar før. Så , om eg nokon gong stikk innom Oppdal att, så skal eg innom. Må berre prøve å skaffe meg ein spesialpistol eller magnum (eller ein magnum spesialpistol) :-)