søndag 1. mars 2015

Back to basics.

Det har vore lite skriving i det siste, men årsaken er enkel. Det er lite å skrive om.

Etter den katastrofale konkurransen, har eg arbeidd med årsaken. Den "langvarige og djuptgåande" analysa har påpeika eit par enkle ting. Balansen må verte betre, så no trener eg balanse. Avtrekket er for dårleg, så her trener eg avtrekk.

Kontakten med kornet har vorte dårlegare, så no skyt eg mykje mot blank bakgrunn for å betre kontakt , fokus og avtrekk.

Det gjev sakte resultat, men eg må vel berre sjå i augene at pistolskyting krev trening.

Den må vere fokusert, målretta og planlagd. Så det held eg på med no. Sakte kryp flugene nærare midten.

Legg ved treningsskiva frå siste trening. Her er 18 skot, etter at eg har skote 30 skot i kulefanger. Ein viss framgang er det jo på trening.

mandag 12. januar 2015

Som ein fyrstereisgutt.

Igår var det tid for konkurranse att. For fyrste gong på 1 år skulle eg konkurrere i standardpistol. Eg hadde ikkje sett håpet høgt, men vona å kome over i B-klassa att.  Hausten har vore prega av ustrukturert trening, lite fysisk trening og knapt eit avtrekk heime. (Her kjem orsakingane på rad og rekke). Problemet var likevel i hovudsak manglande konkurransetrening.

Puls var venta, men at den skulle lage så mykje trøbbel var eg ikkje klar over. Eg fekk ikkje kontroll på balansen, eg fekk ikkje roa nervene, grepet var ikkje teke og festa der eg skulle med rett kraft, og styrken og uthald var for låg. Fokus var truleg ein stad mellom korn og skive, og i alle fall ikkje på avtrekk der det burde. Takk og lov for skytebriller som tvinga fokuset nærare kornet enn  blinken.

Dei rolege seriane der eg burde hente poeng vart slik halgeskyting, med tanke på spreiing. 2o og 10 sek var på same måten, betre samlingar, men dei flytta seg litt som seg hør og bør rundt på blinken.
Dei fleste seriane var over 40, men knapt over. Sluttresultat ? 500, altså i snitt 0,5 poeng for dårleg på kvart skot.

Så var det noko positivt? Vel tross alt skaut eg 500, og på ein dag utan god form, i ein periode med dårleg trening, skaut eg faktisk 500. Så noko må vel stemme, det må vere noko som stemmer med grunntrening og teori. Og for ein gamal hund som ikkje skal kunne lære nye triks, så har altså nokon triks komme seg på plass. I tillegg fekk eg litt blod på tann for tida framover, og rikeleg med innsikt i kva eg bør og må trene på.

Eg vil også skryte litt til Ørsta/Volda for den flotte bana. Sidan vi no framover kan skyte korrespondanse, så åpnar det for fleire konkurransar framover.