mandag 28. januar 2013

Motgang gjev framgang, håpar eg....

No har eg vore konkurranseskyttar i om lag 1 år. Framgangen siste året har vore stor , utan særlege tilbakesteg. Alle veit at slik kan det ikkje halde fram. Når ein tek til med ein ny aktivitet, trening eller idrett, så kjem ein etterkvart til ein platåfase. Det er når ein har henta ut det som er å hente frå å lære det grunnleggande, og faktisk må trene for å komme vidare.
Det er då ein må lære seg å vere audmjuk, fokusere på korrekt trening, og innan skyting jobbe med det mentale. Det er vel der eg er kommen no.

Igår var det stemne på Vestnes, standardpistol og luftpistol.

Standardpistol byrja bra, svært bra 150 sek serier, så relativt greie 20 sek serier. I første 10 sek serie revna det totalt. 25 poeng. 25 poeng. Truleg var eg overtent og ufokusert. Etter det vart det svært vanskeleg å samleg seg att, og resten var middelmådig. Totalen havna på 502 poeng. Så , jobbe mentalt, jobbe med oppgåver og mindre arrogant (mentalt, altså). Men det positive er , hadde eg gjennomført burde eg grusa eigen rekord.

Over på luft. Her var eg truleg ikkje komme meg på plass mentalt. Ufokusert og utan konsentrasjon. Resultatet vart 533 poeng. Greit nok , grunntreninga sit , men det er ikkje godt nok.

fredag 25. januar 2013

Knalltrening.....

Treninga sist onsdag var ei av dei beste på lenge. Eg jobbar jamnleg med styrke av underarmar og skuldre, saman med generelt uthald. Sånn sett er eg i ein periode med grunntrening. Det har vore litt mindre tørrtrening/ klikktrening enn eg skulle ønske.

Tross dette var siste trening svært bra. Eg køyrde seriar på 10 og 20 sek. Noko uvanleg for meg var fokus på kornet uvanleg godt, og eg var roleg. Skota gjekk svært godt til meg å vere, og faktisk var 20 sek serier godkjende. Dette har tidlegare vore eit av mine største problem.

Elles var det morroskyting med Selleri og Gullerot i CZ. Fantastisk moro, sjølv med skyting med ei hand går det beint fram i midten. Berre eg no venner meg til rekylen.....

tirsdag 22. januar 2013

CZ, NM og NM.

Då var ein ny CZ 75 Sp-01 Shadow 9x19 komen i hus. Fekk berre tak i 100 skot , dei gjekk fort. Så lenge skyttaren gjer jobben sin - så går våpenet hol i hol. Så var dette med skyttar då.

Fekk ein kiling på omladda ammo. Med litt hjelp frå erfaren kompis oppdaga vi at dette skuldast at kammeret er litt trongt og kort. Vi må jobbe litt med dette frammover.

Ellers er avgift til NM luft betalt, så får vi sjå.

Ferie til sommer er ordna, og plass er rydda for bane-NM...

lørdag 12. januar 2013

Framgang er av og til vanskeleg å sjå

Eg er litt uviss på om det vert NM i luftpistol, men eg har lagt om treninga for å førebu meg i alle høve. Det meste av treninga er for tida presisjon og det går framover. Eg føler at eg eg klarer å automatisere balanse, stilling, grep, løft, avtrekk mm. Eg er likevel nokonlunde klar over kva eg gjer, og klarer delvis med hjelp å halde fokus på kva som kan verte betre.

Styrketrening for både underarmar og skuldre saman med generell uthald er noko eg prøver å legge inn. Med tanke på utgangspunktet skal det svært lite til før eg får framgang.

I slutten av månaden var planen å skyte standardpistol og luft 60 på Vestnes. I dag prøvde eg med dermed på 10 og 20 sek serier . Eg klarer ikkje i min beste fantasi å skjønne kvifor eg skyt 20 sek dårlegast. Mange 10 sek serier vart og skutt.

Kva framgang er det så som er vanskeleg å sjå ??? Vel, når eg skulle skyte 10 sek var det tydeleg at eg framleis glepp litt på konsentrasjon, her må eg gjere eit arbeid igjen. Men sjølv når eg er dårlegare konsentrert, så er samlingane framleis kring midten, ikkje til sides som tidlegare. Dei håplause skudda er sjeldan veldig kvite, så i forhold til tidlegare er jo dette framgang.

Eg får prøve å halde fokus på at det faktisk går framover, ikkje fokusere på kva at ikkje alle skot går i innerti.

Ellers jobbar eg litt forsiktig med grep på dei ulike våpen, men små små steg.