fredag 21. juni 2013

Ny pers standardpistol 523 - framleis B-klassa 2014 HURRA

Onsdag var eg saman med skyttarkollega på tur til Førde då dei arrangerte standardpistolkonkurranse. Lang køyretur før konkurranse kl 18 på kvelden, men med hyggeleg lag og skytepreik så går tida fort.

Vel framme var ikkje konkurransen heilt etter boka , så tid til førebuing og oppvarming var så som så. Eg var likevel relativt lite sosial, og desto meir fokusert. Prøveskota var relativt greie og det var lite behov for å stille. Noko seiare stilte eg likevel ned eit knepp og eit til venstre.

På dei rolege seriane fekk eg som tidlegare litt puls, men på langt nær så kraftig som det plar være. I tillegg fekk eg liksom meir kontakt med kornet. Sjølv om eg ikkje skaut alle skot optimalt (det var vel ein sjuar i dei rolege seriane !!!) så vart det 178 på dei fire første. Noko som er godkjent.

20 sekund har vore eit av mine store problem, det har vore mykje rot og dårleg avtrekk. Eg har ikkje fått fokus på kornet i konkurranse og avtrekk har vore rotete. No var ikkje alt perfekt, men kontakten med kornet holdt seg. Roen var der og avtrekka var betre enn før. Framfor å kaste alle skota ut mot venstre i det kvite, så hold eg mot midten. 177 som total er ikkje så ille.

På 10 sek klarte eg å halde fokus, med gode resultat på dei første 2 serier. Så skjer det som ofte skjer når eg skyt godt. Ein slags arroganse og sjølvgodheit kjem inn. Då slepp konsentrasjonen og der satt kjapt eit skot i 6 og eit i 7 på 3 serie. På siste serie var ein ny 6. Totalt 168, men faktisk ok totalt.

Totalt 523, over grensa på B for neste år. Totalt sett betre kontroll, betre flyt, betre kontroll på avtrekk. Om eg hadde holdt fokus på dei siste 2 serier hadde nok eg maks nådd 530. Det er så god som eg er for augneblinken. Fram til NM vert det å jobbe med skatten heim (Scatt) og 10 sek serier på bana med tid og pust/avtrekk. Nye moment er noko som får vente. Etter NM vert det truleg litt forsiktig ferie. Etter NM får eg starte med basistrening på ny, dvs uthald og styrke saman med vidare teknikkterping.  Ellers får eg etterkvar gå over til hurtig fin og duell då dette førebels ikkje har vore trent særleg på

Eg får gle meg over at platået går sakte oppover for tida.

søndag 16. juni 2013

Scatt - ein hard trener ? Første erfaringar.

Då har eg fått nokre treningar med scatt trainer heime. I byrjinga sleit eg litt, men etter at eg sørga for å få litt avstand mellom meg og blinken kom det seg. Avstanden vart korrekt, og kalibreringa sit som eit skot. Eg må jukse litt med ståltråd for å feste på sensoren grunna storleiken framme på Pardinien, men det fungerer. Eg har snakka litt med Stenvaag, og han skal sjekke med leverandør om det finnast eit større band.

Så over til nytta, er dette eit brukande verkty? Så absolutt, men kan hende ikkje slik eg hadde tenkt meg. Eg brukte dei første øktene på å rote til alt. Dvs skyte, sjå kvar eg treff, irritere meg litt og gløyme det basale. Etterkvart har eg fått fokus vekk frå skjermen, og jobbar med serier på 5. Etter 5 skot kastar eg eit kort blikk på skjermen før eg går vidare med neste serie.

Etter avslutta trening set eg meg ned for å studere kva som hender. Eg ser at på det jamne har eg eit haldområdet siste 0,2 sek som er innanfor 9. På dei fleste avtrekk er det ikkje meir rørsle siste 0,2 sek enn ellers, noko som tyder på stabilt hald. På dei skota som går dårleg, er både haldområdet men spesielt dei siste 0,2 sek dårleg med mykje rørsle.

Erfaringa førebels er vel at eg må halde fram med trening av det basale - fysisk uthald og styrke. Vidare balanse, jobbe med tørravtrekk og fokus på både avtrekk og korn. Ved å bruke Scatt under tørrtrening får ein i ettertid tilbakemelding som viser kva ein skal jobbe vidare med.

Så førebels er eg ikkje i tvil om at dette er eit svært godt kjøp. Truleg vil eg kunne dra enno meir nytte av dette etterkvart, med meir kunnskap. Men kunnskap om at ein berre må halde fram med det basale er det viktigaste. Scatt fungerer meir som ein biofeedback, og eg ser klart at denne kuttar tida ein treng for å verte betre. Den gjev ein også meir data , slik at ein i større grad kan trekke konklusjonar, framfor i tillegg å freiste å samle inn data.

Eg er ikkje i tvil om at eg vil tilrå Scatt for alle som ønskar å verte betre, men også til klubbar der ein kan bruke Scatt eit par gongar pr mnd for datainnsamling om eige skytemønster.

lørdag 8. juni 2013

Scatt trainer på plass.

Då var Scatt trainer wireless komen på plass. Etter mykje pes fekk eg endeleg systemet til å fungere. Fram til NM og konkurransar vert den kun nytta til trening, men analyse og endringar av skyting kjem seinare. Det einaste eg jobbar med no er litt meir fokus på avtrekk. Så er det jo ekstra moro med meir leikety. Det stod lenge mellom ein LP50 og denne, men eg trur at treningseffekten vert størst om eg brukar denne. Sjølv på raske serier.

søndag 2. juni 2013

Trykk eller sikt ?

Eg har lese ein del på Scatt sine sider, samt ein interessant diskusjon på Targettalk :

http://www.targettalk.org/viewtopic.php?t=39494&sid=4b10a7fdeef3134bf3410ed3a7c97f44

Bør ein fokusere på korrekt avtrekk eller kornet ? Som hannkjønn (vil vel ikkje påstå at eg MANN!) har ein i utgangspunktet begrensa evner til i heile tatt fokusere på noko. Så 2 ting på ein gong er vel umogleg. Spennande spørsmål, selvfølgeleg noko å rote med 1,5 mnd før NM :-(