torsdag 23. august 2012

Eit steg fram - eller mitt liv som våpensmed

Siste veka har forsåvidt vore ein opptur. Ryggen er noko betre, eg er flinkare å trene og har fått tørrklikka litt. Har hatt ei økt med lp10 live med gode resultat. Har i tillegg hatt ei økt med hurtig fin, og det gjekk svært bra. Fekk bra fokus på korn og brått var det stort sett berre 9 og 10. Raske serier kom utan større problem. Er vel ikkje anna å seie enn at fokus på oppgåver og detaljar hjelp. Får også litt betre til avtrekk .

Eg har i lengre tid også slitt litt med mating på min sp. Har stort sett skote grøn Eley , og var litt uvss på om dette var årsaken. Merka mine 2 orginale magasin og dei 2 nye . Det viser seg at stort sett dei nye lagar problem.
Litt finstudie gjorde at eg mistenkte eine leppa på dei nye magasina til å vere problemet. Målte ikkje med mikrometer, men prøvde meg forsiktig med knipetong. Flytta den lengste leppa litt lenger inn mot sentrum, slik at den skulle stå meir i vegen for tomhylsa på vegen attende. Fungerte svært bra. Etter dette fekk eg ingen matefeil. Så no er eg vel våpensmed ?????

Ellers fekk klubben vår første LP2 compact med medium handtak. Dette er til satsinga på ungdom . Stor skryt til Båtbygg AS i Vågsøy for kr 5000 til klubben. No ventar vi berre på Coast Seafood, SFE og Sibelco slik at vi kan skaffe fleire. I morgon skal eg dessutan hente ut ein dykkertank slik at vi kan skyte så mykje som mogleg bana framover med denne nye LP2. Eg har ikkje fått teke i den sjølv enno, men 2 jenter har prøvd den og likte den svært godt. Så det ser ut som vi har gjort eit godt kjøp.



onsdag 15. august 2012

Eit steg attende.

Siste veka har skytemessig ikkje vore optimal. Eg har dessverre fått eit tilbakefall med ryggplager. No skal eg ikkje syte, men når eg står rett framfor speilet har eg fått ein litt uffen rotasjon i hofta. Høgre hoftekam har gått litt ned i forhold til venstre grunna muskelspasmer. Så det er relativt klart at naturleg siktepunkt har endra seg ein del. På skytebana idag var samlingane ikkje så bra som eg skulle ønske .

Idag hadde eg i tillegg eit uhell som eg ikkje var heilt glad for. Når eg skulle skyte press, gjekk eit skot av i benken. Ein skal jo ligge på grensa, men ikkje over. Så skjerpings mentalt.

I tillegg ser eg at eg tross triggerord slit med å trekke av.

Så summen av lærdommen for tida er vel å slappe av i forhold til liv-skyting, og fokusere på basis , oppgåver og tørravtrekk. I tillegg litt meir haldøvingar.

Grrrrr.

onsdag 8. august 2012

Ikkje platåfase heilt enno.

Då var eit nytt innlegg på veg for dei sikkert mange tusen følgarane eg har der ute :-)

Den siste tida har eg vore noko uroa over at framgangen har stansa litt opp, og at eg var komme til ein platåfase. Heldigvis er den ikkje heilt der enno. Sakte framgang gjer at det framleis er lett å motivere seg framover. Den siste tida har eg jobba ein del med Lp10 heime og samlingane kryp saman. Pardinien får køyrd seg både på presskive roleg, raskt og på duellskive . Etterkvart byrjar også sentrert sikte å fungere, med stort sett 10 på trening.

Målsettinga no er neste konkurranse. Det vert luft og hurtig fin på Vestnes i september. Heime vil eg veksle mellom å trene press /luft roleg samt tørrklikk raskt med pardini, og på live-trening vil det gå mest i duell så raskt som råd. Eg skal jo ha kontroll på 6 sek serie.

Det som eg siste tida har jobba mest med er å fokusere på oppgåver undervegs, på detaljar og å heile tida fokusere på at alt eg gjer skal vere optimalt og likt. Kvart grep skal vere optimalt, stilling skal vere korrekt, kvart løft skal vere korrekt og det samme gjeld avtrekk og etterhald. Mental trening peikar på at kvart skot kan vere eit skot på veg framover med trening/læring eller eit skot med stagnasjon og tilbakegang. Det ser ut som om det fungerer for meg førebels.