onsdag 5. november 2014

A slow mind works.....well, slowly.

Eg har dessverre ikkje fått trene mykje den siste tida, korkje heime eller organisert. Sånn er no livet. Konsekvensen er platåfase, og faktisk at eg ser at det går litt attende.

Det er freistande å gje litt opp, men ein får heller tenke smart (til forskjell frå å tenke dumt ???). Eg prøvde ein Gopro på trening, ca 45 grader på meg sjølv, og oppdaga då at balansen min var dårleg. Så når eg har moglegheit, så trener eg balanse. I heimetrening ser eg at fotstilling er nøye, og faktisk er det best om eg tåar ørlite innover. Vidare er eg svært medviten på at tyngdepunkt ligg midt mellom beina , men omlag rett bak tåballar. Kne skal ikkje låsast, og det må jobbast kontinuerleg for at balanse er korrekt. Desse få punkta, som eg kjenner frå tidlegare, men som krev kontinuerleg fokus, har gjeve relativt raskt resultat.

Så, kvifor slowly ??

Vel, for ei tid tilbake meinte eg å forstå korleis ein kan flytte kornet til høgre/venstre ved å endre masse til/frå styreflata nede på skjeftet. Alt godt forklart av Petter Brattli.

Ein russer har tidlegare forklart at ein heller bør klemme godt med veslefinger, og mindre med ring- og langfinger. Dette er jo litt motsett frå tidlegare lærdom, der ein skal ta vekta /klemme mest ved langfinger.
Det verkar jo mest logisk å klemme med veslefinger, då denne ser ut til å klemme styreflata mest i kontakt handa. Då vil jo pistolen ligge mest stabilt. Ellers har eg ein vag tanke om at det truleg er best å ha minst mogleg belastning på fingrane som ligg nærast peikefinger, dette for å la denne jobbe mest mogleg uavhengig.
Så, det er jo sikkert noko som dei fleste har forstått, men altså ikkje eg. Slow mind works,  well , slowly.

lørdag 20. september 2014

Dobbel skivebom.......argh !!!!

Dette året har det vorte lite konkurranseskyting av ulike årsaker. Eg har klart å halde klasse B i luft og standard, men ikkje konkurrert i VM-fin eller hurtig-fin. Denne helga skulle eg delta i hurtig-fin og luft på Vestnes, og neste helg ein standard i Ålesund. Så har eg fått litt fleire konkurransar. Så viser det seg at konkurransen i Ålesund er avlyst, og når eg no er kommen til Vestnes, så er konkurransen flyttta til neste helg. Irriterande at eg ikkje har sjekka opp, men det hjelp ikkje å vere frustrert. Det vert vel ikkje fleire konkurransar for det. Så , då får eg vel vente til neste år for neste konkurransen.

Heilt bomtur var det no ikkje, eg har fylt opp med ammo i .22 og 9 mm.

Skal eg vere heilt ærleg så er det vel greit. Eg har trena mykje på hurtig, men enno har eg ikkje lært . Det har vore lite trening med tid, dvs ladetid, 7 sek klar og reell skytetid. Utan dette får ein ikkje puls. Eg får nytte tida framover betre på faktisk konkurransetrening.

Treninga ellers går strålande mop grunntrening. Skal skrive litt meir om det seinare, samt om ein annan form for skivebom eg har byrja med......

mandag 23. juni 2014

Do. Or do not. There is no try (sitat Yoda).

Framgangen held fram. Eg las ein serie artiklar for nokre år tilbake der ein sterkt vektla repetisjon. Men dei gjorde meg litt meir medviten på kvifor ein skal repetere. For kvar gong ein les, eller lærer noko, så gjer ein det med aukande kunnskap. Ein vil då for kvar gong absorbere meir kunnskap, og få større innsikt enn då ein tidlegare las same tekst. Det kan tenkast at ein kjem til eit punkt der ein er utlært, men for meg vil ei slik haldning vere arrogant.

Kvifor skriv eg noko som er så sjølvsagt ? Det kan vere at det også finnast andre som er såpass trege som meg, og som kan dra nytte av litt meir opplysning. Men tanke var eigentleg eit bakteppe for kva som hender når eg no driv tørrklikktrening.

Tidlegare var det mot ei skive, og med eit vagt fokus på at siktebilete skulle vere perfekt og iro ved avtrekk.

Korleis gjer eg det no ?

Vel først er eg meir medviten på korleis eg tek grepet. Eg legg merke til flata for rekylopptak, svullen og korleis kontakten mot styreflata påverkar korleis kornet ligg i skuret. Fingeren på avtrekker. Kor hardt trykker midt på finger nr 3-5 ? Er fingertuppar frie ? Er tommel fri ?
Spenning i leggar, lår, hofte samt rygg og mage. Lite løft av hæl og senking for å få rett spenning.
Løft med kun rotasjon i skulder med medvite forhold til pusten. Stemmer posisjon (ved skive) ?

På veg inn i avtrekker trekk ein inn Yoda si befaling. Do. Or do not. There is no try. Altså om alt stemmer, start avtrekk med fast handledd og gjennomfør. Ikkje forsøk, gjer, eller avbryt.

Etter avtrekk, etterhald og avslutt med innpust.

Alt dette går føre seg i eit stort, men ellers tomt hovud. Det er faktisk såpass mykje at eg godt kan nytte 30 min på tørravtrekk utan at det vert kjedeleg eller tregt.

Rådet om tørravtrekk heime har alle høyrt, og det er klart det kan vere kjedeleg, men om ein nyttar filosofien til Harald Stenvaag går det greit. "Alle avtrekk kan gjere deg til ein betre skyttar, eller ikkje. Du bestemmer."

torsdag 5. juni 2014

Sakte framgang.

Eg har skrive ein og anna innlegg siste tida om teori bak skying med pistol. Eg prøvar å verte noko meir strukturert, og kjem kan hende med ein betre oversikt etterkvart. Prøver å legge det ut som ei fil som eg kan oppdatere etterkvart som den vert betre. Førebels er eg på ca 7 sider (men med figurar :-))

På treningsfronten går det stadig framover. Eg har adoptert ei litt fastare ramme generelt, dvs litt fastare grep på pistol, auka muskeltonus, og fokus meir på avtrekk. Avtrekket er framleis ikkje bra nok, men det kjem seg. Ein og annan slenger ser eg enno, men eg skyt med mykje større sjølvtillit tross mindre trening. Samlingan er generelt mykje betre. Eg trener for det meste 20 sek serier, men nyttar og SCATT og eg likar det eg ser.

Så, eg vil tilrå at dei som har tid les heftet til Bratli samt dei to artiklane eg har likna til og gjer seg nokre val. For dei som ikkje gidd dette, så får ein vente på den spennande oversikten eg sjølv kjem til å legge ut :-)

onsdag 21. mai 2014

Posisjon - kvar skal nasa peike ?


Ifølge Anatoliy (A )(pr 2003 ) er rådande tanke at det viktigast er indre stabilitet, og at ein kan finne stabilitet i nærast alle posisjonar (ein tenker her på Moritz Minder si spesielle stilling der pistolen låg nærast sidelengs). Ein ser også skyttarar som har byrja karriera med sida mot skive, og ila karriere har skifta til å sjå rett mot skiva. Dette understreker at stilling /posisjon er og vil vere individuell.

Det viktige er at ein skyttar finner sin posisjon som gjev optimal muskulær tonus (spenning). Det vil IKKJE seie stillinga med minst energi, men det som gjev maksimal stabilitet. For dei fleste krev dette at ein spenner seg ein del. Eit råd er at ein for å få maks stabilitet i anklar, kne og hofter løfter seg ørlite på tå når ein løfter pistolen, og så senker seg ned utan å bøye seg bakover. Her er det best om føtter er parallelle.

Ein har tidlegare lært at skytestilling må vere fysisk og mentalt energieffektivt. Dei fleste finn ein avslappa stilling i balanse, men ein får visse skot som ikkje går der dei skal. Anatoliy (A) peikar på at ein bør ha ei noko styrka og bestemt stilling, og at denne vil hindre streifskota som ein får i den avslappa stillinga. Det vert påpeika at sjølv om råda er å vere avslappa, så er ikkje stillinga til mange av dei beste skyttarane den mest avslappa ein kan sjå.

I boka «Olympic Pistol Shooting» (OPC) (ISBN 3-9809746-2-8 ) går dei noko lengre og forklarar kva kompromiss ein må gjere. Ein har i utgangspunktet 2 ytterpunkt.

Den beste stillinga for hovud, nakke og auger mop blodforsyning mm er stå med kropp rett mot skiva. Som ein ser av figuren vil ein måtte flytte handa litt inn framfor kroppen. Den raude pila skal illustrere krafta som rekylen danner. Ein ser at denne gjer at handledd, skulder og kropp får ein vridning som ein må kompensere og rette opp att før ein kan ta neste skot. Stillinga er altså grei til enkle skot med god tid. Mangel på kroppsmasse rett bak rekylen gjer imidlertid at ein må spenne kroppen desto meir får fange opp denne i raske skot. Ein får heller ikkje så mykje gratis i løftet. Petter Bratli forklarer dette godt når han viser til at brystmuskelen i den skytande handa er pressa saman, og ryggmusklar er strekt slik at skytehanda nærast vil dra seg utover. Ein kan truleg kompensere på eit skot, men i ein serie vil kroppen dra skota uover mot høgre.


Den andre stillinga etter OPC er reint sidevegs. Her vil vridning i hovud og nakke gjere at blodforsyning, musklar og nerver ikkje har det bra. Brystmusklar vil tendere til å dra handa inn mot midten i serier, og bakre skuldermusklar vil truleg skubbe litt samme veg. Fordelen med denne stillinga er at all kroppsmasse er rett bak pistolen. Rekylen går rett gjennom handledd, arm og gjennom skulder inn i kroppen. Rekylopptaket er dermed mykje rolegare. Om ein klarer å kompensere for ulempene , kan ein altså skyte fort og kontrollert med godt rekylopptak.

Mi eiga tolking av dette er at utgangspunktet på 45 grader på siktelinja er greit. Så får ein prøve seg fram gradvis. Eg trur at trening og medvite spenning som er tilpassa (ifølge A) gjer at ein kan velje gå meir mot dei ytterpunkta ein føler passar best.Spenninga gjer at ein kan overkomme og motverke nokon av kompromissa ein må gjere , i alle høve i ei viss grad. Ved fysisk trening, styrke og tøying vil ein truleg også kunne gjere noko med fysiske forutsetningane kroppen din har. Det var grunnteorien bak dette så langt eg har misforstått den. Fleire misforståingar følger.....

mandag 19. mai 2014

Litt grunnteori eller noko sånt

Pistolskyting er fasinerande, svært lett og kjempevanskeleg. Det er lagt opp slik at det er umogleg å utføre det slik at alle faktorar vert teke omsyn til på ein optimal måte. Ein må heile tida gjere kompromiss, og kva ein vektlegg mest for å få best resultat er svært individuelt. Du vil dermed aldri verte heilt utlært, og alltid finne vegar å verte betre.

Grunnprinsippet er enkelt. Skyttaren skal vere eit stabilt stativ for pistolen, og trekke av medan våpen er retta mot senter av blinken. Dette skal ein gjere innanfor visse tidsrammer og på visse måtar.

Bakgrunnen for mykje av det eg skriv er fritt kokt saman av ulike tekstar og bøker som Pistolskyting Petter Brattli, Olympic pistol skyting, nettfora mm. Det kan godt vere at eg ikkje har forstått alt, men det er jo flott om nokon får større forståing ved å lese dette. Send meg gjerne tilbakemelding i så tilfelle, så eg kan verte betre.

Det kan vere at eg er litt treig, men mykje lesing, diskusjon og prøving i mangel av ein god trener gjer at det er vanskeleg å utvikle seg på ein sikker måte. Dette med bakteppe av at alle valg vi gjer i skyting krev kompromiss. Korleis skal eg eg så kunne vite at vala er meir eller mindre rette ? Kor lenge skal eg vente på resultatet ? Kva er resultatet eg ventar på ? Kan eg vere viss på at eventuelle endringar skuldast det eg har gjort medvite eller er det noko anna som har rota seg inn ?

For dei som orkar må eg dessverre skrive litt om bakgrunnen for kvifor eg føler eg har oppnådd eit høgare kunnskapsnivå. Det grunngjev mykje av endringane den siste tida. For om lag 1 år sidan tok eg til å trene med ein SCATT simulator. I byrjinga var dette berre noko som var svært kjekt å sjå på, «live» skyting heime med fine strekar. Som den treigingen eg er, tok det meg nesten eit år å forstå kva denne eigentleg kunne gjere. Den gjev mykje data , og det er lett å gå seg vill. Førebels er det 2 sett med data som eg synest eg har svært stor nytte av.

Det eine er length of trace, eller lengde på sporet som sensoren registrerer ei definert tid før skotet. Er ein svært uroleg og virrar over heile blinken, så vil denne naturleg nok vere lang. Den gjev altså ei tilbakemelding på kor uroleg ein er. Det er her ein får ein slags fasit på kor stabil ein er før ein trekk av, det er her styrke, uthald mm viser seg. Ein god og stabil skyttar som har gjort det fysiske grunnarbeidet bra, vil naturleg nok ha mykje kortare lengde. Det gjev eit mål på det som på engelsk gjerne vert kalla arc of movement (AM), altså kor mykje ein virrar.

Det andre, og for min del mykje viktigare, datasettet, er absolutt avstand frå senter teikna mot tid. Sensoren viser til ei kvar tid kvar våpenet peikar på blinken, og viser dette som avstand frå sentrum av blinken. Når skotet går, vert det registrert, og så byrjer analysearbeidet. Anatoliy Piddubnyy skriv dette godt i artikkelen http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml.

Poenget med denne grafen ein då får opp, er at ein hjå svært mange skyttarar, inklusiv meg sjølv, ser at ein held våpenet relativt stabilt fram til rett før avtrekket. Det fortel oss at AM eller virring om du vil er relativt liten, og vi har eit godt haldområdet. Om skota hadde gått i dette området, så ville vi alle skote i klasse A eller B. Men det gjer vi ikkje, kvifor det ? Vi ser jo på kornet, trekker av umedvite og likevel så går ikkje alle skot i sentrum.

Om lag 0,3 sek eller så før skotet hender det noko hjå mange av oss. Brått aukar AM og virringa, og når skotet kjem så fell det som ellers tilfeldig i haldområdet, men no har haldområdet vorte så mykje større, kvifor det ? Kva hender rett før avtrekket, og kvifor går så haldområdet ut i det kvite ?

Anatoliy P meiner vi må tenke annleis, trene annleis enn det som er opplese og vedteke.

søndag 18. mai 2014

Fast grep, litt auka spenning i kropp - ny 50 serie !!!!

Prøvde idag skyting med handleddstøtte. Bilete er IKKJE frå dette. Faktisk stemte det som mange meiner, ein skyt ikkje betre med støtte då ein gjer dei største feil i avtrekket. Så med støtte gjekk det ikkje spesielt bra.

Etter nokre serier på 20 sek , ville eg prøve nokre serier med press. Dette er første 5 skot som eg meiner er ein 50 serie. Dei neste 5 skot var 48. Dette lovar bra.

Eg prøver no å følge råda frå artiklane som eg skildra. For dei som ikkje har lese enno, så tilrår eg spesielt artikkel nr 2. Alt i nr 1 står i nr 2. Den er litt tung, men vel verdt å lese. Eg skal prøve å omsetje den , i alle høve dei viktigaste delane etterkvart.

fredag 16. mai 2014

It is all in the wrist ?

Eg vil rå dei som ynskjer å verte gode i pistolskting til å lese følgande artiklar:

http://www.pilkguns.com/anatoli.shtml
http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml

For lang tid tilbake la eg ein link til ein tråd på targettalk som omhandla akkurat dette. Det kan sjå ut som om meir fokus på handledd og avtrekk er vegen å gå framfor alt fokus på korn. Dvs fokus skal vere på kornet, men truleg skal tanken og automatikken vere meir stilt inn på avtrekk og førebuingane på skotet ?

Eg påstår  å ha nokon fasit, men dette har gjeve svært gode resultat for skytinga mi den siste tida.

Eg dristar meg til å legge ut bilete frå SCATT

Coordination graph

dette er saksa frå følgande side :

http://www.scatt.com/articles/19/coordination_analysis+/

Les og tenk litt. Gje meg gjerne tilbakemelding

torsdag 1. mai 2014

Trening, trening og atter trening.

Som eg tidlegare har skrive, vert det truleg ingen NM på meg i år. Luft NM kom og gjekk utan meg på pallen (her er vi alle sikre på at eg ikkje hadde vore på pallen om eg hadde delteke ). NM bane vert nok også utan meg, så det vil nok bli lett for dei andre, ja. I tillegg ser det ut som om det vert få konkurransar på meg fram til oktober. For ein del disiplinar vil eg nok falle ned i klasse D grunna manglande konkurransar.

Med, eg får sjå på dette som ein gylden moglegeit for å perfeksjonere skytinga, og her er heldigvis mykje å jobbe med, både skyteteknisk, fysisk og mentalt.

Nye briller har gjeve eit bra løft, og fokus på kornet kjem seg stadig. Det er vanskeleg å seie sikkert, men eg klarer no kan hende full konsentrasjon på rundt 50 % av skota, og det aukar stadig. Bra fokus på korn gjer at eg ser at eigenskapar som balanse også må jobbast med. Styrke kjem seg og, men her har eg enno mykje att før eg er stabil nok. Uthaldstreninga kjem seg gradvis, men også her må skruen skruast til enno litt.

Eg har fleire gongar tidlegare skrive om kor mykje eg har å hente på det mentale. Truleg har eg komme meg ein del, men eg framleis så mykje att på grunnteknikken, at det mentale får ligge inntil vidare. Dvs , der eg kan , trenar eg sjølvsagt dette og, men fokus ligg framleis på det grunnleggande.

lørdag 19. april 2014

Nytt syn på blinken..

Eg har over lang tid lagt merke til at det vert vanskelegare å halde fokus på kornet etterkvart som ei skyteøkt eller ein konkurranse skrid fram. Mistanke til dårleg konsentrasjon , og ei eiga evne til å søke opp skiva for å sjå kvar skotet gjekk har vore hovudmistenkt. Synet er normalt bra, både til avstand , lesing /data mm utan at eg treng briller. Eg har frå tidlegare nokre briller som eg skal kunne bruke til dagleg, utan at eg føler stor nytte av desse. Eg er lett langsynt, og kan derfor kompensere bra i det daglege.

Igår skaffa eg meg lesebriller i 1,5 og 2.0 frå Nille (for å teste). 2 var for sterkt, men 1,5 var ei ny verd. No er det litt kort tid å uttale seg etter ei skyteøkt, men det var utan tvil mykje lettare å halde fokus på skiva utover økta. Truleg må eg nytte musklane i augene intenst når eg skyt, og dette gjer at dei vert fortare slitne, derfor behovet for briller. Vert spennande å sjå framover.

6-10 april var eg ein tur til Tromsø. Til skilnad frå tidlegare vare det kun luftpistol som var i bagasjen. Eg vitja Tromsø pistolklubb og fekk omvisning i eit flott anlegg. 5 skivetrekk for luft og 5 elektroniske skiver for krutt. Eg fekk ein lang og god luftrening, og bekrefta at eg ikkje er så aller verst, men ikkje så aller best heller ......

torsdag 13. mars 2014

Meir struktur på trening er bra.

Sjølv om aktiviteten på bloggen har vore dårleg over noko tid, så vil ikkje det seie at eg ikkje trenar. Langt derifrå. Dei siste månadane har eg vore langt meir strukturert enn tidlegare, men det er framleis langt att til eg er der eg vil vere. Dessverre ser det ut som både NM luft og NM bane utgår i år, men eg får komme attende sterkare seinare.

Kva har så hendt i det siste. Eg har skaffa meg Petter Brattli si bok og boka Pistol Shooting - The Olympic Diciplines. Dei er begge lese ein gong, og eg tek snart til på ein meir grundig gjennomgang.

Desse utfyller kvarandre bra, og for oss som er utan trenar gjev det eit mykje betre teoretisk bakteppe som vi kan nytte i treninga. Vi kjenner oss betre rusta teoretisk, men ser klart kor mykje vi manglar ein trenar til dagen. No må eg starte på ny att, dvs ikkje heilt. Det vi har av kunnskap har vorte meir systematisert og fokus på einskilddelane i skytinga er meir funderte og vala ein gjer har vorte meir medvitne. Eg trur nok at dei neste månadane må nyttast til ein meir fokusert gjennomgang av bøkene slik at teorien synk klarare inn.

På same tid er treningsregimet mitt endra ein del. Eg trener fysisk x2-3 pr veke (forutan dei siste vekene med ein kjedeleg ryggsmell), men fokus på intervall, styrke og uthald i skulder, alboge og handledd, samt rygg og mage. Skyteteknisk jobbar eg meir fokusert x2-3 pr veke med avtrekk, fokus på kor og i det heile gjere det samme gong etter gong. Petter si bok var svært bra på mange element, og Steenvåg sit råd frå tidlegare vert klarare og klarare : kvar skot kan gjere det betre,  eller i verste fall dårlegare. Ein må derfor utføre kvart skot slik at det bidreg til vegen framover.

Grunnlaget eg har å bygge på er betre enn frå start, men eg reknar med at treningsarbeidet vert meir fokusert og endra smått om senn etterkvart. Det er merkeleg kor vanskeleg det er å halde fokus på kornet og ha eit reint avtrekk rett bakover.......

mandag 27. januar 2014

Ny pers standard 529.

Igår var det stemne på Vestnes og eg gjennomførte standard og luft med resultat 529 og 535. Det første var eg forsåvidt nøgd med, ny pers er ikkje å kimse av, men som ellers var det nok å ta av mop vegen framover.

Luft var forsåvidt greit, men eg vart nok hemma av manglande styrke. Eg har  trena lite fysisk aktivitet dei siste par månadane, og det var tydeleg at her er potensiale. Det var ei grei gjennomkøyring.

Kort blogg idag, etter for lang tid, men det hender mykje for tida mop trening , framgang og teknikk. Vil komme attende sterkare.