torsdag 24. oktober 2013

Trondheim pistolklubb - kjekt at dei ville treffe meg :-)

Denne veka har eg vore på jobbkurs i Trondheim. Eg har dessverre ikkje kunne trene heime, men som vanleg var SP og LP med på turen. Måndag vart det bomtur, då eg trudde eg skulle få trene på luftbana. Dessverre var det ingen som møtte opp, eller så var eg på feil stad.

Tysdag vart eg møtte av Per Marum på Buran. Korrekt nok vart våpenkort sjekka saman med identitet, noko som verka betryggande. Eg trur vi skal innføre dette også hjå oss.

Så var det laus på duelltrening på elektroniske skiver. Ein skulle trene på etterhald ifølge opplegget dei hadde. Eg oppdaga då at dei fleste  (og eg sjekka med issf channel) vel å løfte rett før klar og så senke i dei første 7 sek. Dette må prøvast framover. I tillegg valde eg å stå litt smalare med beina enn vanleg. Dette gav mindre smerter i hø hæl som ofte lir litt under lange økter. Balansen verka ikkje å verte forstyrra.

Eg fekk svært gode resultat undervegs. På duell og raske serier var det lite tid til å tenke på trykk, her er det tydelegvis nok å fokusere på korn. Avtrekket kjem her av seg sjølv meir eller mindre. På rolege serier må eg nok enno fokusere på trykk, så eg trur eg skal halde fram på samme måte som tidlegare her.

Første dagen skaut vi ein serie på 60 skot i standardprogram, der ein skulle skyte 10 sek på alle seriene. Resultatet vart 515 totalt, det er ikkje verst med tanke på at alt gjekk fort :-)

Onsdag var deg også trening på samme måte. Her var det først presstrening, og av 40 skot var det kun 3 som ikkje var 9 eller 10. Faktisk var vel om lag 2/3 av desse skota 10, og dette må ein seie seg nøgd med førebels :-)

Det var nok ei god hjelp at klubben har ei god bane med god belysning over standplass slik at det er lett å fange opp kornet med ein gong våpenet kjem opp.

I tillegg har eg skaffa nokre skot med TopShot ammo. Denne er rimeleg og fungerer svært bra utan matefeil og utan for mykje skit i våpenet. Kan hende eg skal prøve denne ei stund.

Summen : fokus på korn, fokus på trykk , litt kortare beinavstand og lys på standplass. Oppmodar alle med våpen å ta kontakt med TPK for ein hyggeleg prat og fellestrening, men ta kontakt med dei på førehand pr mail.

torsdag 10. oktober 2013

2 ting på ein gong - kan såkalla menn klare det ??

Treningsprogrammet for hausten synte seg å vere for håpefullt. Det har dessverre vorte lite fysisk trening. Svært lange arbeidsdagar har stoppa dette.

Eg har likevel jobba svært planmessig på trening. Eg skyt press kvar 2 gong, og duell/hurtig kvar 2 gong. Det ser ut til å gje resultat, for samlingane vert betre. Eg ser også at fokus må vere meir og meir på avtrekk. Når fokus primært er på avtrekk oppnår eg gode resultat, betre enn når det er heilt umedvite. Scatt legg vel også opp til dette.

Treningane har vore svært gjevande, og det er jo kjekt å skyte når flugene vert færre. Igår, td, vart det først duell, så hurtig, og når eg gjekk fram var det ikkje mange 8 på 100 skot. Etter dette koseskyting med cz etter at ein hyggeleg kar troppa opp med 200 ferskladde 9 mm. Her var samlinga om lag i 7 i presskiva. Kvelden vart avslutta med LP10  med gode resultat. Det er kjekt å skyte.