lørdag 23. februar 2013

NM luftpistol Lånkehallen - ein erfaring

Når ein ser attende på eigne prestasjonar , er det alltid viktig å fokusere på det positive. Så det postitive idag er at eg har funne mange områder der eg kan verte betre.....

Vel, så svart var det vel ikkje, men det er den dårlegaste konkurransen eg har skote med luft - 524 poeng.

Eg kom tidleg på plass, fekk orientert meg og roa meg ned. Fekk i meg drikke og mat og var tidleg på plass før opprop. Brukte rikeleg med tid på klargjering, og skaut vel 13 prøveskot.

Konkurransen byrja greit, men eg var for rask. Triggerorda og rutinen var forsåvidt med, men eg var ikkje fokusert nok. Når eg byrja sende skot ut mot sju, burde eg ha stansa opp og teke pause. I staden peisa eg på, utan fokus på tid. Ukonsentrert og ufokusert er vel summen av konkurransen idag. Eg har skote mykje betre med samme pistol og samme løpsvekter, men med litt anna handgrep på beltet. Kan hende eg skal gå attende ?

Eg må gjere noko med løpsvektene, men det er klart at eg må halde fram med trening av uthald og styrke. Her er treningsgrunnlaget kort og godt for dårleg. Eg bør køyre hyppigare serier med 10 +60 skot luft for å trene uthald.

Ellers må eg prøve å få på plass litt meir mental trening, det er det som har fått minst plass i det siste.

fredag 22. februar 2013

Så var dagen komen.

Då sit eg på eit hotellrom i Trondheim og skal om ikkje lenge dra ut til Lånkehallen for å skaffe meg litt meir rutine. Idag er det NM luftpistol. Av ein eller annan uforståeleg grunn er eg ikkje med i seeda gruppe, forstå det den som kan :-)

Den siste tida har eg tenkt å skrive fleire innlegg, men har prioritert trening og andre ting. Eg har enno ein lang veg å gå. Eg har modifisert grepet på luftpistolen, men har enno eit stykke att. Eg har ikkje turt å gjere meir på dette no rett før NM, men her skal moddast vidare. Vidare må eg sjå litt på løpsvektene, trur det er litt for tung.

Ellers har triggerorda gått meir på plass, men eg må jobbe meir med dei. Meir rutine må på plass. Ellers må eg jobbe enno meir med fokus på kornet.

Uthaldsmessig går det sakte framover med treninga,men eg har mykje trening for styrke enno. Eg trener no jamnt med styrke i underarmar, skuldrar , men også overarmar - biceps og brachialis. Desse to siste er for svake hjå meg - litt begredeleg å sjå kor dårleg det står til, men det er jo berre å trene.

Luftpistolen har fått førstepri siste tida, av naturlege årsaker. Eg klarer enno ikkje å gjennomføre ein full konkurranse utan å verte sliten, og oscilleringane dei siste skota er alt for store. Men , fleire gongar ila 70 skot får eg det eg vil kalle det gode skotet. Du føler fullt fokus på kornet, som står heilt i ro. Avtrekket går utan rørsle i kornet og du berre kjenner at skotet går i 9 eller 10. Når eg er såpass trent at desse vert fleirtalet - dvs når eg vert rutinert nok, så skal vi sjå.

Idag skal eg berre prøve å gjere jobben på skytelinja, suge til eg erfaring og jobbe vidare. Eg får håpe på pers.

torsdag 7. februar 2013

Sjølverkjenning, igjen..

Eg skulle gjerne har skrive at det å skyte litt dårlegare enn forventa berre er positivt, men det er no fortærande å skyte dårleg uansett. Ein vil jo alltid skyte betre enn tidlegare. Før eller seinare når eg vel 600 p, så ei må jo venne meg til platåfase :-)

Vel. Det er no slik at det har komme ein del positivt ut av alt dette.

Grepet på LP10 har fått gjennomgå. Eg har lagt på litt masse langs kanten av tommelrota, og fjerna litt mot handrota. No sit naturleg siktepunkt betre, og det kjennes betre i handa.

På ein klubbkveld ba eg nokon som skaut med begge hender forsøke å sejte først ein fot bak, og deretter bytte fot. Poenget var å legge merke til naturleg spenning og avslapping i kroppen. Sjølvsagt så er det minst spenning når foten på den same sida som den dominante armen står bak. Så , når eg sjølv står med venstre hand i beltet, så i lomma, kva oppdagar eg. Jo, faktisk så har eg mindre spenning og meir avslappa haldning i kroppen. Så no er handa i lomma.

Fokus. Etter å ha jobba meg gjennom siste konkurranse mentalt, så kom eg til å tenke på noko eg ikkje har fokusert på i det siste - kornet. Kan hende eg skal sjå på kornet når eg skyt ...... !!!!!

Løft . Her må eg verte meir konsekvent, og ALLTID hente inn kornet i dei siste 20 gradene. Aldri sjå på blink i raske serier. Merkeleg, dette er jo det første ein lærer.

Pusten, ja, kan hende vi skal faktisk puste korrekt igjen....

Så, på treningar har samlingane vore uforskamma bra etter at eg stramma meg opp. På ein god dag held eg utan større vanskar 7 ringen med shadow i 9 mm.

Åja, så held eg fram med uthaldstrening,styrke for armar og skuldre saman med klikktrening heime. Det har nesten falle ut dei siste 2 mnd.

Kan hende NM i luft ikkje berre vert katastrofe. Kan eg klare å yte opp mot pers ???