onsdag 21. mai 2014

Posisjon - kvar skal nasa peike ?


Ifølge Anatoliy (A )(pr 2003 ) er rådande tanke at det viktigast er indre stabilitet, og at ein kan finne stabilitet i nærast alle posisjonar (ein tenker her på Moritz Minder si spesielle stilling der pistolen låg nærast sidelengs). Ein ser også skyttarar som har byrja karriera med sida mot skive, og ila karriere har skifta til å sjå rett mot skiva. Dette understreker at stilling /posisjon er og vil vere individuell.

Det viktige er at ein skyttar finner sin posisjon som gjev optimal muskulær tonus (spenning). Det vil IKKJE seie stillinga med minst energi, men det som gjev maksimal stabilitet. For dei fleste krev dette at ein spenner seg ein del. Eit råd er at ein for å få maks stabilitet i anklar, kne og hofter løfter seg ørlite på tå når ein løfter pistolen, og så senker seg ned utan å bøye seg bakover. Her er det best om føtter er parallelle.

Ein har tidlegare lært at skytestilling må vere fysisk og mentalt energieffektivt. Dei fleste finn ein avslappa stilling i balanse, men ein får visse skot som ikkje går der dei skal. Anatoliy (A) peikar på at ein bør ha ei noko styrka og bestemt stilling, og at denne vil hindre streifskota som ein får i den avslappa stillinga. Det vert påpeika at sjølv om råda er å vere avslappa, så er ikkje stillinga til mange av dei beste skyttarane den mest avslappa ein kan sjå.

I boka «Olympic Pistol Shooting» (OPC) (ISBN 3-9809746-2-8 ) går dei noko lengre og forklarar kva kompromiss ein må gjere. Ein har i utgangspunktet 2 ytterpunkt.

Den beste stillinga for hovud, nakke og auger mop blodforsyning mm er stå med kropp rett mot skiva. Som ein ser av figuren vil ein måtte flytte handa litt inn framfor kroppen. Den raude pila skal illustrere krafta som rekylen danner. Ein ser at denne gjer at handledd, skulder og kropp får ein vridning som ein må kompensere og rette opp att før ein kan ta neste skot. Stillinga er altså grei til enkle skot med god tid. Mangel på kroppsmasse rett bak rekylen gjer imidlertid at ein må spenne kroppen desto meir får fange opp denne i raske skot. Ein får heller ikkje så mykje gratis i løftet. Petter Bratli forklarer dette godt når han viser til at brystmuskelen i den skytande handa er pressa saman, og ryggmusklar er strekt slik at skytehanda nærast vil dra seg utover. Ein kan truleg kompensere på eit skot, men i ein serie vil kroppen dra skota uover mot høgre.


Den andre stillinga etter OPC er reint sidevegs. Her vil vridning i hovud og nakke gjere at blodforsyning, musklar og nerver ikkje har det bra. Brystmusklar vil tendere til å dra handa inn mot midten i serier, og bakre skuldermusklar vil truleg skubbe litt samme veg. Fordelen med denne stillinga er at all kroppsmasse er rett bak pistolen. Rekylen går rett gjennom handledd, arm og gjennom skulder inn i kroppen. Rekylopptaket er dermed mykje rolegare. Om ein klarer å kompensere for ulempene , kan ein altså skyte fort og kontrollert med godt rekylopptak.

Mi eiga tolking av dette er at utgangspunktet på 45 grader på siktelinja er greit. Så får ein prøve seg fram gradvis. Eg trur at trening og medvite spenning som er tilpassa (ifølge A) gjer at ein kan velje gå meir mot dei ytterpunkta ein føler passar best.Spenninga gjer at ein kan overkomme og motverke nokon av kompromissa ein må gjere , i alle høve i ei viss grad. Ved fysisk trening, styrke og tøying vil ein truleg også kunne gjere noko med fysiske forutsetningane kroppen din har. Det var grunnteorien bak dette så langt eg har misforstått den. Fleire misforståingar følger.....

mandag 19. mai 2014

Litt grunnteori eller noko sånt

Pistolskyting er fasinerande, svært lett og kjempevanskeleg. Det er lagt opp slik at det er umogleg å utføre det slik at alle faktorar vert teke omsyn til på ein optimal måte. Ein må heile tida gjere kompromiss, og kva ein vektlegg mest for å få best resultat er svært individuelt. Du vil dermed aldri verte heilt utlært, og alltid finne vegar å verte betre.

Grunnprinsippet er enkelt. Skyttaren skal vere eit stabilt stativ for pistolen, og trekke av medan våpen er retta mot senter av blinken. Dette skal ein gjere innanfor visse tidsrammer og på visse måtar.

Bakgrunnen for mykje av det eg skriv er fritt kokt saman av ulike tekstar og bøker som Pistolskyting Petter Brattli, Olympic pistol skyting, nettfora mm. Det kan godt vere at eg ikkje har forstått alt, men det er jo flott om nokon får større forståing ved å lese dette. Send meg gjerne tilbakemelding i så tilfelle, så eg kan verte betre.

Det kan vere at eg er litt treig, men mykje lesing, diskusjon og prøving i mangel av ein god trener gjer at det er vanskeleg å utvikle seg på ein sikker måte. Dette med bakteppe av at alle valg vi gjer i skyting krev kompromiss. Korleis skal eg eg så kunne vite at vala er meir eller mindre rette ? Kor lenge skal eg vente på resultatet ? Kva er resultatet eg ventar på ? Kan eg vere viss på at eventuelle endringar skuldast det eg har gjort medvite eller er det noko anna som har rota seg inn ?

For dei som orkar må eg dessverre skrive litt om bakgrunnen for kvifor eg føler eg har oppnådd eit høgare kunnskapsnivå. Det grunngjev mykje av endringane den siste tida. For om lag 1 år sidan tok eg til å trene med ein SCATT simulator. I byrjinga var dette berre noko som var svært kjekt å sjå på, «live» skyting heime med fine strekar. Som den treigingen eg er, tok det meg nesten eit år å forstå kva denne eigentleg kunne gjere. Den gjev mykje data , og det er lett å gå seg vill. Førebels er det 2 sett med data som eg synest eg har svært stor nytte av.

Det eine er length of trace, eller lengde på sporet som sensoren registrerer ei definert tid før skotet. Er ein svært uroleg og virrar over heile blinken, så vil denne naturleg nok vere lang. Den gjev altså ei tilbakemelding på kor uroleg ein er. Det er her ein får ein slags fasit på kor stabil ein er før ein trekk av, det er her styrke, uthald mm viser seg. Ein god og stabil skyttar som har gjort det fysiske grunnarbeidet bra, vil naturleg nok ha mykje kortare lengde. Det gjev eit mål på det som på engelsk gjerne vert kalla arc of movement (AM), altså kor mykje ein virrar.

Det andre, og for min del mykje viktigare, datasettet, er absolutt avstand frå senter teikna mot tid. Sensoren viser til ei kvar tid kvar våpenet peikar på blinken, og viser dette som avstand frå sentrum av blinken. Når skotet går, vert det registrert, og så byrjer analysearbeidet. Anatoliy Piddubnyy skriv dette godt i artikkelen http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml.

Poenget med denne grafen ein då får opp, er at ein hjå svært mange skyttarar, inklusiv meg sjølv, ser at ein held våpenet relativt stabilt fram til rett før avtrekket. Det fortel oss at AM eller virring om du vil er relativt liten, og vi har eit godt haldområdet. Om skota hadde gått i dette området, så ville vi alle skote i klasse A eller B. Men det gjer vi ikkje, kvifor det ? Vi ser jo på kornet, trekker av umedvite og likevel så går ikkje alle skot i sentrum.

Om lag 0,3 sek eller så før skotet hender det noko hjå mange av oss. Brått aukar AM og virringa, og når skotet kjem så fell det som ellers tilfeldig i haldområdet, men no har haldområdet vorte så mykje større, kvifor det ? Kva hender rett før avtrekket, og kvifor går så haldområdet ut i det kvite ?

Anatoliy P meiner vi må tenke annleis, trene annleis enn det som er opplese og vedteke.

søndag 18. mai 2014

Fast grep, litt auka spenning i kropp - ny 50 serie !!!!

Prøvde idag skyting med handleddstøtte. Bilete er IKKJE frå dette. Faktisk stemte det som mange meiner, ein skyt ikkje betre med støtte då ein gjer dei største feil i avtrekket. Så med støtte gjekk det ikkje spesielt bra.

Etter nokre serier på 20 sek , ville eg prøve nokre serier med press. Dette er første 5 skot som eg meiner er ein 50 serie. Dei neste 5 skot var 48. Dette lovar bra.

Eg prøver no å følge råda frå artiklane som eg skildra. For dei som ikkje har lese enno, så tilrår eg spesielt artikkel nr 2. Alt i nr 1 står i nr 2. Den er litt tung, men vel verdt å lese. Eg skal prøve å omsetje den , i alle høve dei viktigaste delane etterkvart.

fredag 16. mai 2014

It is all in the wrist ?

Eg vil rå dei som ynskjer å verte gode i pistolskting til å lese følgande artiklar:

http://www.pilkguns.com/anatoli.shtml
http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml

For lang tid tilbake la eg ein link til ein tråd på targettalk som omhandla akkurat dette. Det kan sjå ut som om meir fokus på handledd og avtrekk er vegen å gå framfor alt fokus på korn. Dvs fokus skal vere på kornet, men truleg skal tanken og automatikken vere meir stilt inn på avtrekk og førebuingane på skotet ?

Eg påstår  å ha nokon fasit, men dette har gjeve svært gode resultat for skytinga mi den siste tida.

Eg dristar meg til å legge ut bilete frå SCATT

Coordination graph

dette er saksa frå følgande side :

http://www.scatt.com/articles/19/coordination_analysis+/

Les og tenk litt. Gje meg gjerne tilbakemelding

torsdag 1. mai 2014

Trening, trening og atter trening.

Som eg tidlegare har skrive, vert det truleg ingen NM på meg i år. Luft NM kom og gjekk utan meg på pallen (her er vi alle sikre på at eg ikkje hadde vore på pallen om eg hadde delteke ). NM bane vert nok også utan meg, så det vil nok bli lett for dei andre, ja. I tillegg ser det ut som om det vert få konkurransar på meg fram til oktober. For ein del disiplinar vil eg nok falle ned i klasse D grunna manglande konkurransar.

Med, eg får sjå på dette som ein gylden moglegeit for å perfeksjonere skytinga, og her er heldigvis mykje å jobbe med, både skyteteknisk, fysisk og mentalt.

Nye briller har gjeve eit bra løft, og fokus på kornet kjem seg stadig. Det er vanskeleg å seie sikkert, men eg klarer no kan hende full konsentrasjon på rundt 50 % av skota, og det aukar stadig. Bra fokus på korn gjer at eg ser at eigenskapar som balanse også må jobbast med. Styrke kjem seg og, men her har eg enno mykje att før eg er stabil nok. Uthaldstreninga kjem seg gradvis, men også her må skruen skruast til enno litt.

Eg har fleire gongar tidlegare skrive om kor mykje eg har å hente på det mentale. Truleg har eg komme meg ein del, men eg framleis så mykje att på grunnteknikken, at det mentale får ligge inntil vidare. Dvs , der eg kan , trenar eg sjølvsagt dette og, men fokus ligg framleis på det grunnleggande.