torsdag 28. november 2013

Hovud - skulder -handledd - trykk, handledd, trykk ....(fritt omskrive)

Eg har ikkje vore aktiv siste tida på bloggen, men eg har lese og tenkt ein del. Eg jobbar framleis om lag på same måte som tidlegare på trening, men det har vorte litt mindre tid enn ønska. Løysinga må vere å trene fullt motivert, konsentrert og med klart mål og meining.

Eg har lese litt på følgande  :
http://www.pilkguns.com/anatoli.shtml

Eg har vidare studert ein del på ISSF sine youtubesider : http://www.youtube.com/user/issfchannel og sett på video av 50 m , 25 og 10 m pistol.

Kva har eg så lært ? Vel, fokus går meir og meir vekk frå kornet og siktebilete som aktivt punkt, og meir over på aktivt fokus på avtrekket. Tross mindre tid nytta , så vert resultata mykje betre enn på lenge. Det kan jo vere at eg er meir fokusert, men likevel trur eg fokusendringa er nyttig.

Kva som med hovud og skulder ?

På videoane har eg lagt merke korleis løftet vert utført. Ein del vel å ha eit rotasjonspunkt som nærast ligg i hofta som er skote fram. Dette medfører at hovud må gå bakover og mage og rygg må jobbe dyanamisk og ikkje statisk. I tillegg til å kontrollere rotasjon av skulder så må ein ha dynamisk kontroll på rygg og mage når ein skal stoppe. Ein ser det klart på hovudet, om det flyttar seg bak eller ikkje.
Dei som ikkje roterer i hofta, men som vel å ta ein såkalla powerstance, tek ut det meste av rotasjonen i skulderleddet. Hovudet er i ro det meste av tida. På raske serier, dvs duell og siluett , så nyttar dei fleste kun rotasjon i skulder. På rolege disipliner ser ein større mengder rotasjon i hofta på fleire.

Observasjonen gjev ikkje noko meir sikkert, dvs det er ikkje slik at dei som har eine typen alltid vinn over dei som vel den andre typen rotasjon. Kva så ????

Vel, eg har relativt lite oppmerksomheitsspenn. Eg har begrensa evne til å lære motorikk (er langt over gullalder for det) så eg må gjere det eg kan for å minimere variasjon. Når eg nyttar powerstance og tek ut all rotasjon i skulder, så er det mindre variablar. Vel eg større hofterotasjon, så får eg meir å kontrollere. I utgangpunktet skal jo kroppen ordne alt dette sjølv, men eg trur førebels at eg også her får vere medviten kva eg gjer.

Så fokus er altså for tida korrekt avtrekk, korrekt handledd og fokus på stilling. Så får vi sjå korleis dette vert.