tirsdag 25. desember 2012

50 - endeleg.

Eg har skote mange tusen skot mot skivene over dei siste snart 3 åra sidan mitt første skot. Summen av skot er ikkje så interessant, og fokus skal vere på å alltid avvikle eit skot som er så optimalt som mogeleg.

Likevel er det noko spesielt med å skyte 5 skot i senter, dvs 50 serie. Til dags dato har eg flust med 49 og lågare, men aldri 50.

Sist trening, faktisk på 2 serie, skjedde følgande på øving på press :
Dei øvste 4 hola er dei første 5 skota. Den streken som går i sentrum, er dei neste 5. I det store og heile ikkje så viktig, men du verden så moro.

Jobb , jul og sjukdom har gjort at det har vore lite trening i desember, men eg har fått pussa  litt på LP10 skjefte. Delen inn mot handbaken har vore litt skarp, no fell den litt betre på plass. Så får vi halde oppe treninga som før når tid og helse kjem attende.

søndag 9. desember 2012

Koseskyting...brrrr gåsehud :-)

Klubben har nett fått inn ein Hämmerli x-esse sport, og som styremedlem måtte den jo testast. På tom bane, med kun ein kollega skulle den prøvast.

Først varma eg opp med Lp10 . Nokre i senter, og nokre i det kvite - grrrr.

Så sporten. Litt treg i matinga, men fantastisk pistol. For meg uvant med noko rett skjefte, men samlingane var greie. Skal verte moro å la dei andre i klubben teste den.

Så vart det fram med pardinien, og kollegaen trakk fram morinien. Begge ladda opp magasina og sette igang. Idag stemde alt, om ein ser vekk frå at eit skot gjekk i bordet. Måtte stille inn lengda på andre del av avtrekket.
Det er alltid moro å ta grep på pardinien, som hand i hanske. Posisjon og stilling kom på plass. Løftet var fantastisk , avtrekket ein drøm. Magasin etter magasin etter magasin. Etter ca 40 skot vart det fram for å konstatere at 10eren var skoten vekk og indre delar ni var vekke. Nokre fluger ute i 8 og  7, pytt pytt.

Ny blink , gjenta 50 skot , på ny er senter av blinken borte. Ny blink,  50 skot, senter på blinken vekke.

Gåsehud ..... er det rart det er moro å skyte.

onsdag 28. november 2012

Ein skrue laus, men ikkje hjå meg...

På trening idag opplevde eg noko uvanleg. Før eg sjekka kvar skota på presskiva gjekk , var eg viss på sentertreff. God stilling, god posisjon, deilig lite haldområde og roleg , kontrollert avtrekk. Og det var grei samling ..... i overgang kvit/svart om lag kl 4.

Hmmm, skifte av ammo utan noko endring. Korleis kan sikteområdet eller våpenet skifte såpass mykje ??

Nøye våpensjekk... noko laust ??? Å ja, skruen som held alt saman var laus, og dermed var løpet ikkje heilt stabilt. Så , skru til og så var eg i sentrum att.

Ellers var skytinga utan spes hendingar. Som eg gjer til vanleg no, oppstart med skyting på svar papir. Deretter duellskyting på svart skive  før eg går over til presskive.

tirsdag 27. november 2012

Børselars er grei å ha...

Rett før siste konkurranse fekk klubben tak i ei elektrisk avtrekksvekt. Justerte meg ned på ca 1100 gr, men truleg i overkant. Ingen vanskar under konkurransen, men på første trening etterpå hende det noko spesialt. Når eg heva pistolen og tok opp første del av skotet, så gjekk det av. Dette hende på alle skot og ved måling var avtrekket ikring 800 gr. Naturleg nok såg eg og justerte litt attende på andre delen av avtrekket. Brått var eg på 1300 gr og alt fungerte. Hmmmm

Telefon til Petter på Børselars , og eit kort aha. Eg måtte justere litt på ein annan skrue. Årsaken er at når ein kjem i eit vist stille kan rørslevegen på 2.delen av avtrekket verte så kort at den forsvinn. Kjekt å kunne få slike greie råd over telefon. Så litt justering , så er vi på plass igjen . No er eg litt under 1100 gr, så det får holde.

Ellers har eg på ny kasta meg igang med styrketrening for skuldre og brystkasse. Dette må nok til. Inntil dette er komme på plass , så vil nok fintreninga lide litt. Men eg har ikkje noko val, dersom eg skal halde ut siste delen av luftkonkurransen utan for mykje skjelvingar. Så det spørs om eg vert klar til NM i luft.

søndag 18. november 2012

Vestnes - ny øving og ny pers.

Idag var det konkurranse på Vestnes, VM fin og luftpistol (60).

Til skilnad frå tidlegare gjorde eg idag det burde har gjort før. Relativt tidleg oppmøte, påmelding og relativt grei oppvarming og uttøying. Ikkje så sosial som tidlegare, men heller meir tid på metale førebuingar.

VM-fin var først på programmet. Ved innskytinga var dei 2 første skota perfekt samla i 6, så her var sikte tydeleg stilt inn på duell. 15 knepp opp og dei 3 siste skota var 9 og 10. Klar..

Kort summert gjekk dei første 30 skota svært bra, meiner å hugse at eg enda på 275. Eg hadde noko høg puls, men pusteteknikk og avspenning fekk rask ro tilbake. Totalt sett svært nøgd med denne delen av programmet.

Duelldelen - vel - her får fokus vere fremover. Dei første seriane gjekk i hytt og gevær (ikkje pistol), og avtrekksfeila florerte. Eg hadde for dårleg fokus, feil vektfordeling, fokuserte ikkje raskt nok og godt nok på kornet og nappa av. Ein stovepipe , så eg måtte i omskyting. Det var forsåvidt greit, på den siste serien kom 47. Totalt sett enda eg på 540, som eg vel får vere nøgd med. Bilete under har ikkje summert siste serien grunna feil.

Etter litt mat og drikke var det laust på luftpistol. Her var innskytinga litt rotete, men etterkvart kom eg inn i ein fin rytme. Med nokre få avbrekk gjekk gjennomføringa heilt greit. Totalt var det 3 skot eg ikkje var nøgd med - 2 seksarar og ein sjuar. Resten var 8 , men flest ni og ti. Total enda eg på 556, og det må eg vel seie meg nøgd med. Dessverre ser det ut som grensa for A-klassa er flytta opp, slik at eg ikkje er A-skyttar enno.


Sum : halde fram med treningsprogrammet som eg gjer.

onsdag 7. november 2012

Konkurranseoppkøyring or not, that's the question.

Neste helg er det VM-fin og luft på Vestnes. No skulle eg ideelt drive med konkurranseoppkøyring og fintrening av program, men for tida er ikkje det mogleg. Vi har tidvis eit lite luksusproblem på treningar, med nye skyttarar kvar gong og tidvis bra oppmøte. Resultatet er mykje undervisning , som i seg sjølv er lærerikt for meg. I tillegg må vi bruke tid på skyteleiing då vi stort sett er 2-3 som kan drive dette. Det gjev gode moglegheiter til observasjon og instruksjon, noko som også er lærerikt for meg.

Dessverre får eg ikkje driv mykje eigentrening med kuler og krutt, og finsliping av konkurranseskytinga lid litt under dette. Imidtertid har eg ein del gode heimetreningar der eg har funne attende til den gode gamle avtrekkstreningar. Det skal ikkje mange avtrekk til før eg har god kontroll på kornet, og holdområdet verkar å vere mindre. Grepet sit betre og meir konstant, og kornet fell på rett pass. Kan hende mindre trening på bane gjev meir motivasjon for kvalitativ heimetrening. Og som dei fleste veit, er det jo tal på klikk mot tomt kammer som avgjer.

Eg skal prøve å få til nokon ekstratreningar ila veka med krutt, om ikkje får vi sjå på i alle fall VM-fin som trening og ikkje konkurranse til neste helg.

Resultatet på press-trening igår (50 skot) var 2 x 7, 3 x8, resten var greie. Måtte skru 2 knepp til venstre av ein eller annan grunn. Hadde på førehand skrudd 15 klikk opp. Skaut med ein blå Eley igår , istaden foe grønn. Kan det vere 2 klikk mot venstre / høgre ?

søndag 21. oktober 2012

Long time , no write......

Dei store følgarskarane som føl denne bloggen er nok skuffa over at eg ikkje har skrive noko på ei tid. For dei er eg sjølvsagt lei meg, men eg vonar at det eg no skriv er litt lesverdig..

Dessverre har eg vore noko sjuk og måtte også reise vekk til Trondheim. Likevel er det jo greit å ha med Lp10, så litt trening får ein jo.

Utstyrsmessig har eg fått ein Røhm Twinmaster Allrounder i hus. Dette for at junior skal få trene litt meir. I tillegg har vi fått laga 2 stk Normaputer, så han får kose seg. Det verka også som om han synest dette var meir spennande når han traff meir i det svarte.

Litteraturmessig har klubben skaffa byrjarhefte i pistolskyting frå Skytterforbundet. For dei som ikkje har det, spring og skaff. Kjempebra hefte, god oversikt, ein veldig bra treningsbank over oppvarming, styrke og tøyeøvingar. Eg kjem faktisk til å bruke denne meir enn lærebok i pistolskyting. Den siste er nok tyngre og krev meir tankearbeid. Dette heftet er greiare og meir oppskriftsmessig til å ha med seg på trening.

Ammomessig har eg fått inntrykk av at grønn Eley går rett mot senter, medan CCI standard går ned mot høgre. Samlingane er bra med begge to, men altså ikkje på samme stad. Heldigvis har klubben gått til innkjøp av både grønn Eley og Eley Match Pistol så eg slepp å bale meir med CCI. (som stort sett fungerer altså).

Treningsmessig har eg vore litt flinkare å tørrtrene. Før klikktrening har eg vore meir nøye på grundig oppvarming og uttøying. Under klikktrening har eg jobba litt meir med eit tips som var i oppstartsheftet. Eg prøver å tenke meg at avtrekket skal trykke kornet gjennom skuret. Dette gjer at eg held fokus på kornet i større grad.

For oss som ikkje har trenar må eg nok ein gong berre streke under kor viktig det er å ha ein eller fleire gode treningspartnarar. Ein får ein stad å diskutere tanker og idear, og eg ser også for meg at ein god trenar etterkvart også vert ein diskutsjonspartnar med stor evne til å stille dei rette spørsmåla....

Eg las ein plass at det er viktig å lese opp att og repetere kunnskap og litteratur frå mange ulike kjelder. Første gong får ein med seg det som ligg på kanten av det ein kan, neste gongen ein les kan ein meir og får med seg meir , gongen deretter for ein med seg enno meir av det som står der. Når ein så skiftar kjelder frå gong til gong, for så å gå attende - mykje god lærdom. Dette er også ei erkjenning av at ein er i utvikling og ein god trenar/elev/student må kjenne sine begrensingar og sørge for mest mogleg informasjon som er på korrekt nivå.

Idag har eg også hatt ei god trening. Første på lang tid. Først 30 skot mot kvit bagrunn , og med god samling. Deretter 20 skot presisjon, der det store og heile var samla frå ni og inn. Så 15 klikk ned på sikte, og så var det 5 skot i duellskive i midten. Resten av treninga var duelltrening på eigenutvikla mobilapp (på Android self), der kun nokre få var utanfor ni.

Så summen av alt dette - tørrtrening med oppvarming i store mengder. Les , lær og repeter.

søndag 7. oktober 2012

Standardpistol Verpingvika Ålesund 514 p

Så var den ny konkurranse i Ålesund. Her var min føste konkurranse ca 1 år tilbake. Den gong med Browning Buckmark og 446 som resultat. Har noko endra seg?

Fjellhallen var like kald som sist, men pulsen var litt lågare. Ekstra lag med kle var med, men dei første seriane var faktisk litt prega av kulde og skjelving.

Ved innskyting var eg litt høg og skrudde ned 2 klikk. Dette var forøvring første konkurranse med litt høgare siktepunkt, dvs om lag lik mengde luft mellom korn og skive som mellom korn og skur.

Dei første 2 seriane med 150 sek var litt puls og nerveprega og ikkje bra nok. Dei 2 neste var gode med godt hald og godt avtrekk. Første 20 sek var rotete og ukonsentrert, med fire skot nappa av. Flaks at dei i det heile gjekk i det svarte. Så kom ein roleg periode att på 20 sek, før eg rota med 2 10 sek serier.

Totalt sett må eg seie meg nøgd.Eg må jobbe litt meir med puls/nerver , dvs mentalt. Ellers bør treninga halde fram med å berre verte betre på det meste. Nivået er om lag som NM, men om eg luker vekk dei største tabber og vert jamnare bør eg krype opp mot 530-540. Det er vel førebels målsettinga.

Ellers var konkurransen ikkje heilt optimal og eg kan klart verte betre på førebuing i 5 min, mykje betre fokus undervegs og mykje mindre prat. Dessverre bør eg verte meir usosial og heller prate før og etterpå. IKKJE UNDER SKYTING. Det er dessutan uhøfleg å uroe andre.




mandag 1. oktober 2012

Det samler seg.....

 
Sidan sist har eg trent litt ekstra tørrklikk , samt trent 100 skot mot kvit bakgrunn. Dette for å samle fokus og teknikk igjen. Skiva over er resultatet av 20 skot, kvart skot teke for seg.
 
For mange er kan hende ikkje dette så bra, men for meg er dette svært bra. Det er første gong eg har fått nokonlunde samling når eg tek dei lange seriane i standardpistol. Litt justering av skuret, så er vi på rett plass.
 
Ellers må eg berre streke under nytten ein har av ein god treningspartner. Vi manglar faste trenarar, mi samla treningstid under supervisjon er ca 5 timar. Då må vi dessverre lese og tenke, samt diskutere. Fordelen er likevel at vi er medvitne om stadig meir vi gjer og ikkje gjer. Så om vi finne opp hjulet på nytt, så kjenner vi i all fall godt til hjulet som konstruksjon.
 
No er det berre å halde opp fokus fram til søndag, då er det ny konkurranse, standardpistol i Ålebyen.
 
 


torsdag 27. september 2012

Standard og frykt for avtrekker

Då var det fullt fokus på standardpistol. Ny innskyting og eg enda vel på 17-18 knepp opp. Eg la merke til at eg hadde betre samlingar på luft når eg flytta sub-six litt nærare blinken, og prøvde dette også no. Etter nokre ruskeserier til oppvarming kom eg i rett modus. Det var godt å sjå at grep , balanse og posisjon samt pusteteknikk sat som eit skot. Holdområdet var svært roleg og lite.

Berre så synd at eg hadde ein total mangel på kobling mellom peikerfinger og auge. Eg måtte jobbe beinhardt for å trekke av og det var avtrekksfeil i flust. Mange flotte samlingar og fleire skot i det kvite ,med full konsentrasjon. 7 oktober er neste konkurranse i standardpistol - Ålesund. Dersom eg skal har håp om å perse, så må dette ordnast på.

Så, det vert mykje tørravtrekk med pardini neste veke for å komme over denne skrekken. Men vi får ta med alt det positive tross alt.

søndag 23. september 2012

Luft og hurtig fin ----- heilt greit

Idag var det konkurranse på Vestnes (Møre og Romsdal). Eg kom ein halv time før start og alt var klart til registrering. Klubben på Vestnes har ei flott bane, men hyggelege personar som rettleiar og ordnar ut. I tillegg var det spennande og moro å helse på nye skyttarar, i ventetida får ein diskutert mykje moro.

Hurtig fin var først på programmet. Sidan eg som vanleg kun har trent på 12,5 m bane var det litt spennande, men på innskytinga verka det som om våpenet var skutt inn. Ammo var blå Eley pistol og magasin nr 2 vart valgt.
Dei første 2 seriene var ukonsentrerte og eg hadde klart puls. Eg måtte gjennom heile konkurransen jobbe for å klare eit godt førsteskot, men måtte jobbe for å få førsteskot ned mot 2 sek. Resultatet skal eg legge ut seinare, men total endte eg på 523 p. Må seie meg nøgd med dette, burde krype opp minst 15 p når eg luker vekk småfeil. Er no komme i C klassa, må seie meg klart nøgd med dette. I denne klassa vann eg , tji hi.

Luft 60 skot var også ein første gong. Eg skaut 5 prøveskot og det verka som våpenet var skote greit inn. Kom inn i ein grei rytme med å skyte ca 10 skot med litt pause. Litt overraskande merka eg at eg hadde dårleg kondisjon !!!!! og måtte slite meg gjennom med full konsentrasjon. Svært gledeleg var det imidlertid at fokus kom seg svært, eg fekk bra holdområde, etterkvart kontroll på avtrekk og endte opp på 535 p. Ikkje dårleg for ein nybegynner, rett opp B klassa. Hurra. Sidan det viste seg at eg var einaste konkurrent, så vant eg suverent .

søndag 16. september 2012

It's still all in the head...sadly sometimes not

I ettermiddag vart det ein tur til skytebana saman med ein konkurrent og til saman 3 born. Dei små kosa seg med luft (LP2, LP400 og LP10) medan vi kosa oss med Pardini og Morini.

Eg får vel innrømme at det ikkje var optimalt for konsentrasjonen, men eg vel å sjå på det som optimal mental trening.

Det er fasinerande kor kort avstanden er mellom 5 sentrumtreff, og nærast skivebom er. Med full konsentrasjon på stilling, løft, fokus på korn og avtrekk går dei fleste i 10 eller god 9. Eit millisekund med senka konsentrasjon, så går det ut i ....ja.

Tek med eit bilete av  dei siste 50 skota , 10 serier på 5 skot a 6 sek. Så vonar at dette skremmer dei som eg skal konkurrere mot neste helg (og sannsynet for at eg skyt like bra er jo stort).

Men frå spøk til revolver - det er godt å ha dagar der eg klarer å yte maks. Sist trening kan knapt kallast trening. Eg hadde store vanskar med å halde 7 ringen i luft, og hurtigskytinga kunne vore skote betre med avsaga hagle. Så når eg berre får opp stabilitet på trening og deretter i konkurranse, så har vi det....

fredag 7. september 2012

Konkurranse kryp nærare...

Eg har skrive at eg bør drive meir klikktrening for å plukke vekk feil og jobbe vidare med grunntrening, men når det kryp nærare konkurranse er det ikkje til å unngå at eg prøver å spisse forma.

På .22 jobbar eg nokså intenst med å få kornet raskt på plass, samt å få fem raske og kontrollerte avtrekk. Tidvis mykje napping på forrige trening, men også fleire gode serier der vi ikkje var utanom 9 på 20 skot. Spørsmålet er om eg klarer å halde meg like iro mentalt. Eg er ikkje godt nok trent enno til hurtig fin, men ein må vel berre kaste seg i det for å få erfaring.

Eg skal også prøve meg på luft, aldri gjort det før. Hadde ein relativt grei gjennomkøyring idag stort sett berre 9 og 10 på 30 skot.

Har fokusert litt på korrekt grep og det faktum at ein skal gripe/bruke kraft i retning løpet/skjefte. Føler dette kjem litt meir på plass og at eg dermed har eit mindre holdområdet, meir stabilt naturleg siktepunkt og betre løft. Vert spennande med konkurranse igjen. Får håpe eg kryp opp i C i alle fall.

mandag 3. september 2012

Opp igjen.

Idag er første dagen eg har teke i pistolskjefte sidan onsdag, og det er lang tid for meg. Onsdag hadde vi ei grei gjennomføring. Måtte mekke litt på dei eldste magasina, men dei fungerte etterkvart også dei.

Eg fekk trent ein del på raske serier , ned mot 6 sek . Når eg fokuserer på det eg skal held seriene seg for det meste inne i 9 på duellskiva. Litt ukonsentrert i periodar dessverre,  slik at eg fort hopper langt ut i skiva.

 Dei siste dagane har eg dessverre ropa masse i den store kvite telefonen, med nokre påfølgande slappe dagar.

 Som skrive over prøvde eg meg litt på luft idag. Måtte jobbe masse med å finne naturleg stilling og siktepunkt, samt godt grep. Minst 10 min før det kom på plass. Resultatet var ikkje så verst. Så grunntreninga sit vel heldigvis, så får vel berre halde fram med å trene på oppgåver, det enkle, fokusere på avtrekk - her er bremsen størst.

torsdag 23. august 2012

Eit steg fram - eller mitt liv som våpensmed

Siste veka har forsåvidt vore ein opptur. Ryggen er noko betre, eg er flinkare å trene og har fått tørrklikka litt. Har hatt ei økt med lp10 live med gode resultat. Har i tillegg hatt ei økt med hurtig fin, og det gjekk svært bra. Fekk bra fokus på korn og brått var det stort sett berre 9 og 10. Raske serier kom utan større problem. Er vel ikkje anna å seie enn at fokus på oppgåver og detaljar hjelp. Får også litt betre til avtrekk .

Eg har i lengre tid også slitt litt med mating på min sp. Har stort sett skote grøn Eley , og var litt uvss på om dette var årsaken. Merka mine 2 orginale magasin og dei 2 nye . Det viser seg at stort sett dei nye lagar problem.
Litt finstudie gjorde at eg mistenkte eine leppa på dei nye magasina til å vere problemet. Målte ikkje med mikrometer, men prøvde meg forsiktig med knipetong. Flytta den lengste leppa litt lenger inn mot sentrum, slik at den skulle stå meir i vegen for tomhylsa på vegen attende. Fungerte svært bra. Etter dette fekk eg ingen matefeil. Så no er eg vel våpensmed ?????

Ellers fekk klubben vår første LP2 compact med medium handtak. Dette er til satsinga på ungdom . Stor skryt til Båtbygg AS i Vågsøy for kr 5000 til klubben. No ventar vi berre på Coast Seafood, SFE og Sibelco slik at vi kan skaffe fleire. I morgon skal eg dessutan hente ut ein dykkertank slik at vi kan skyte så mykje som mogleg bana framover med denne nye LP2. Eg har ikkje fått teke i den sjølv enno, men 2 jenter har prøvd den og likte den svært godt. Så det ser ut som vi har gjort eit godt kjøp.



onsdag 15. august 2012

Eit steg attende.

Siste veka har skytemessig ikkje vore optimal. Eg har dessverre fått eit tilbakefall med ryggplager. No skal eg ikkje syte, men når eg står rett framfor speilet har eg fått ein litt uffen rotasjon i hofta. Høgre hoftekam har gått litt ned i forhold til venstre grunna muskelspasmer. Så det er relativt klart at naturleg siktepunkt har endra seg ein del. På skytebana idag var samlingane ikkje så bra som eg skulle ønske .

Idag hadde eg i tillegg eit uhell som eg ikkje var heilt glad for. Når eg skulle skyte press, gjekk eit skot av i benken. Ein skal jo ligge på grensa, men ikkje over. Så skjerpings mentalt.

I tillegg ser eg at eg tross triggerord slit med å trekke av.

Så summen av lærdommen for tida er vel å slappe av i forhold til liv-skyting, og fokusere på basis , oppgåver og tørravtrekk. I tillegg litt meir haldøvingar.

Grrrrr.

onsdag 8. august 2012

Ikkje platåfase heilt enno.

Då var eit nytt innlegg på veg for dei sikkert mange tusen følgarane eg har der ute :-)

Den siste tida har eg vore noko uroa over at framgangen har stansa litt opp, og at eg var komme til ein platåfase. Heldigvis er den ikkje heilt der enno. Sakte framgang gjer at det framleis er lett å motivere seg framover. Den siste tida har eg jobba ein del med Lp10 heime og samlingane kryp saman. Pardinien får køyrd seg både på presskive roleg, raskt og på duellskive . Etterkvart byrjar også sentrert sikte å fungere, med stort sett 10 på trening.

Målsettinga no er neste konkurranse. Det vert luft og hurtig fin på Vestnes i september. Heime vil eg veksle mellom å trene press /luft roleg samt tørrklikk raskt med pardini, og på live-trening vil det gå mest i duell så raskt som råd. Eg skal jo ha kontroll på 6 sek serie.

Det som eg siste tida har jobba mest med er å fokusere på oppgåver undervegs, på detaljar og å heile tida fokusere på at alt eg gjer skal vere optimalt og likt. Kvart grep skal vere optimalt, stilling skal vere korrekt, kvart løft skal vere korrekt og det samme gjeld avtrekk og etterhald. Mental trening peikar på at kvart skot kan vere eit skot på veg framover med trening/læring eller eit skot med stagnasjon og tilbakegang. Det ser ut som om det fungerer for meg førebels.

søndag 29. juli 2012

Å gjere opp status.

Hovudmålsettinga for sesongen var NM, og med ny pers og mykje lærdom får vi vel seie oss nøgd med resultatet.

Kva er så status ? Eg må innrømme at eg har vorte litt blinda av LP10 med rekylmangel og derfor har treningane i det siste stort sett vore live. Eg har kvar 2 dag skote ca 30 skot med godt resultat, men stort sett utan betring. Med Pardinien har det stort sett vore planlaust , og skifte mellom duell, press og raske serier.

Eg har altså nesten ikkje køyrt klikktrening på 1 mnd.

Igår kveld tok eg fram den kjære pardini og starta på ny klikktrening. Resultatet var vel sånn så som så. Så kan hende eg må revurdere litt, lese min eigen blogg og halde meg til 1 livetrening med pardini og 1 livetrening med LP10. Resten av tida bør gå til tørravtrekk og mental trening.

Det mentale har eg liksom ikkje komme heilt i gang med enno, så her har eg ein jobb å gjere. Vidare må eg jobbe analytisk med alle tekniske element.

Eg har vore litt inkonsekvent med triggerord, men dei siste live-treningane går det stort sett på stilling - korn - trykk. Så får vi sjå.

Hm, vart litt mykje oppgulp her, men status og plan vidare er viktig. Målsetting for det neste året er vel NM, kor vi skal sikte oss inn får vi sjå  (litt diffust mål, der ja, som ikkje er bra)....

søndag 22. juli 2012

Skjefteregulering og ei ubehageleg sanning kryp fram.

Igår tok eg mot til meg og fjerna skjefte på LP10. Eg har bygd opp skjefte baktil og dette fungerer bra, men faktum er nok at med mi skytestilling må eg rotere skjefte litt i forhold til pistolen. Dette for at kornet skal havne automatisk i skuret når eg løftar pistol med augene att.

Etter å ha fjerna skjefte måtte eg tenke litt,men såg etterkvart at det er 6 skruar som ein ganske enkelt skruar opp eller ned. Desse skuvar så skjefte når ein moterer det. Det kom seg ein god del, så ein får finjustere i ettertid.

Hadde ellers ei fin økt med trening med luf. Dessverre var eg litt sliten, men dei skot som gjekk med LP10 gjekk stort sett i midten. Dei som var for låge i ni såg eg undervegs , så det var jo også greit.

Vektplasseringa ser ut til å fungere bra. Framleis ca 2/3 på framre del av fotbladet. Handa framleis i beltet , og det gjev god balanse.

Triggerorda er no endra til  vekt - posisjon - korn. Mogleg eg må inn med trykk etterkvart.

Dessverre ser det ut som eg må til med meir fysisk trening. Eg mistenker at kjernemusklar i rygg og mage bør styrkast for å få best mogleg balanse. Vidare må musklane i skulderbogen betrast. Så no vert det jogging, sit-ups, ryggøving og armhevingar. Eg som glatt tenkte eg kunne oversjå alt dette tøvet med fysisk trening........

onsdag 18. juli 2012

Bygge grunnmuren på ny

Tida etter NM har gått til analyse, for å sjå kvar problema litt, eller rettare sagt, kvar eg skal rette fokus. Det slo meg at balansen ikkje var optimal, og eg gjekk derfor gjennom rutina mi. Eg oppdaga at sjølv om eg ikkje låste kne, så var meste av vekta på bakre delen av foten. Dersom eg kom litt ut av balanse, hadde eg ikkje store moglegheiter for å rette opp att utan å få for store utslag på våpen.

Så no jobbar eg med å få inn fotstilling på ny . Eg har flytta hand frå lomme til belte og flyttar no vekta på framre del av foten. Både ved luftrening og skottrening idag verka dette bra. Så vi får sjå framover.

Ellers har eg fylt inn litt meir masse på luftpistolskjefte, baktil , og det kjem seg.

I dag skaut eg mest på duellskive, 17 knepp ned og sikta sentrert. Mange raske serier som kom på plass på ni og ti . Skyting er morsomt .

Ellers skal det nemnast at vi fekk inn ei dobbeltside i lokalavisa frå NM, kjekt for framtidig rekruttering.

fredag 13. juli 2012

Ny pers 516 og INGEN skivebom

I dag har det vore ein spennande dag. Det var kjekt å helse på Lars og Siri samt andre skyttarar og bloggarar. Vidare var det spennande å sjå på utvalet til Stenvaag og Børselars. Ny LP2 compact bestilt til pistolklubben. Her skal nye skyttarar få kose seg, og då spesielt dei yngre.

Når det gjeld standardpistolkonkurransen i NM så er vel totalbilete positivt. Ny pers, frå 497 til 516 er bra, opprykk frå C til B til neste år om dette står seg. I delar av konkurransen hadde eg godt fokus, god teknikk og god kjensle.

Det som eg ikkje var nøgd med, og der eg har potensiale er nok det meste :-) Her må eg gå gjennom og repetere det grunnleggande.

Grep : småjustering, må legg på meir masse, men dette er truleg ein detalj førebels.

Stilling/posisjon og løft : repetisjon, spes løftet sine grunnelement. Litt for stor variasjon når eg prøver å foreta fleire løft med lukka auger utan å endre posisjon.

Avtrekk : jobbe vidare, er på god veg.

Etterhald : sit førebels.

Mentalt : triggarar må jobbast vidare med. Konsentrasjons, avslapping og spenningskontroll samt affirmasjonar må jobbast vidare med. Tanken om at eit kvart skot er anten moglegheit til å verte betre, eller stagnasjon må terpast slik at kvaliteten på kvart einskild skot vert betre.

Fysisk trening : styrke, flytte tyngdepunkt (er på feil plass).

Førebels har eg ikkje endra på treningsprogrammet på bloggen, det kjem. Her må eit kvart bearbeidast litt framover.

tirsdag 10. juli 2012

Siste heimetrening.

Dei som kosar seg på NM misunner eg ikkje i det heile. Det er mykje betre å vere heime og jobbe - NOT. I tillegg måtte eg heim med kvalme mm tidlegare på dagen. Litt søvn gjorde susen, så eg prøvde meg med forsiktig våpenpuss.

Litt forsiktig og roleg tørrtrening deretter. Alt fungerer bra. Visualiserer bra, gode affirmasjonar også.

Når det gjeld triggerord, så ser det ut som kne- holdning og korn held. Skudda går av seg sjølv. Få triggarar er vel det beste. No er det ikkje lurt å endre stort rett før NM, så vi får sjå.

NM vert læring i år, vi får konkurrere neste år. Dvs eg konkurrerer heile tida med meg sjølv. Om alle skot vert avlevert så godt som eg kan ut frå dagen og konsentrasjon , så får poenga bli som dei vil.

I staden får ein bruke læringsprosessen, sjå kvar eg kan endre meg til det betre. OL om 4 år er jo tross alt heile fire år unna -- målsetting er viktig , ikkje sant.

søndag 8. juli 2012

Innskyting på 25 meter i sterk vind.

Igår var det ut på ei lokal utandørs skytebane. Med heimelaga skivestativ og måleband skulle vi skyte inn våpen på 25 meter. Med kraftig og varierande sidevind vart det ein spennade seanse. Veslegut sat med LP10 og koste seg stort.

Sidevind gjorde at det var umogleg å halde våpen retta sub six, det vart litt sånn all over, men kornet var no stabilt i forhold til skuret.

Det vart ørlite skruing, men eit knepp opp og eit til høgre. Faktisk mange 10 og 9 i hurtige serier. Så godkjensla er der.

Idag har eg jogga litt, samt skote litt med luft.

Triggerorda sig gradvis inn, dvs for meg er dei no  : kne- haldning- korn - squeeze.

Litt vanskeleg å halde konsentrasjon heile tida, men litt tid til Da Silva og mental konsentrasjonstrening.

onsdag 4. juli 2012

Gåsehud....

Ikveld var det første live-trening på 3 veker, og siste skikkelege trening før neste fredag. Fokus idag var på raske serier for å sjå at det stemmer. Og det gjorde det. Holdområdet holdt seg stort sett i 9, av og til enno mindre. Kornet sto støtt på rett plass og avtrekk utan særleg rørsle --- til å få gåsehud av.

Likevel eit lite obs, hadde eit par serier då eg merka at konsentrasjonen glapp. Det er ikkje lov, så her er det berre å jobbe med hovudet. Noko som faktisk er ein bragd, med tanke på at andre påstår at hovudpine hjå meg må reknast som fantomsmerter....

Får jobbe med å halde meg sjølv i denne bobla, ikkje bli for overmodig, jobbe med triggarar, fokus på oppgåver, så skal det nok gå bra.

tirsdag 3. juli 2012

Visualisering, affirmasjon og tørrklikk.

Eg nemnde under at mental trening må på plass, og sjølv om ikkje alt er komme på plass så har eg endra litt.
Fra å berre konsentrere meg om det reint tekniske, endrar eg no litt på heimetrening.

Tørravtrekk mot kvit bakgrunn, så mot liten prikk på veggen. Haldøvingar er jo litt kjedeleg, spesielt dei minutta ein må vente mellom løfta. Desse er jo perfekt til visualisering og affirmasjonar. Så idag har eg levert fleire perfekte serier på Kråkenesmarka, kun X og med gåsehud og stor ro.

Første fylling frå dykkerflaske vart og gjort idag, på få sekund. Fantastisk. Ellers har eg snikra litt i garasjen, må få ferdig skiveholder så eg får skutt inn på 25 m før NM.

søndag 1. juli 2012

Lp10 er nesten som tørrklikk?

I ettermiddag hadde eg ei fin økt med LP10 på 7 m bane. Mange skot mot skalert skive utan poengringar.Måtte skifte ut første småtank då den var i grensa til gult, den nye fungerte også svært bra.

Med så lite rekyl som det er i LP10 er det nesten som tørrklikk å regne, men med den fordelen at eg kan sjå kvar dårlege avtrekk går.

Blir nok mange liter luft gjennom den pistolen ja.


torsdag 28. juni 2012

Ferien over...

Oppkøyringa til NM er viktig, og derfor valde eg å bruke dei 2 siste vekene på Alcudia. Med reiser har eg no vore utan kontakt med våpen i nesten 3 veker. Eg har ikkje fått skote eit skot, utført eit tørrklikk eller sendt avgårde ein pellet. Så første setninga er vel å rekne for sarkasme skytemessig, men ellers heilt fantastisk.

Eg hadde med ei bok om mental trening, har vel nemnt den før. Eg har jobba ein del med denne og ved 2 gongs lesing dukker fleire faktorar opp. Skytinga vert meir og meir spennande, og eg er stadig i startgropa.

Det tekniske må ligg i botnetn, dvs stilling, grep, løft, siktebilete, avtrekk og etterhald mm. Så byrjar det verkeleg spennande. Ein må jobbe med fokus, spenningsregulering og konsentrasjonsevne. Boka nemner ein del teknikkar for å lære seg gradert og umiddelbar avspenning, vidare eit opplegg for konsentrasjonstrening. I tillegg skal ein få kontroll på kjensler slik at ein ved skytelinja har korrekt og optimal spenning , optimal konsentrasjon som varer heile konkurransen, samt den gode kjensla.  Alt dette skal ligge på toppen av perfekt teknisk gjennomføring.

Heldigvis er eg berre i byrjinga av reisa, eg har mykje å lære. Dessverre får eg ikkje lagt på plass eit skikkeleg treningsopplegg ein gong før NM, så NM i år vert vel berre læring.

Ellers har eg idag kjøpt ny dykkerflaske, så no kan eg skyte LP10 til eg stuper. Har jobba litt idag så fekk berre sendt avgårde 20 skot. Ikkje optimalt, men heilt grei gjennomkøyring. Gler meg til i morgon, då eg på ny skal kjærteikne SP med hyppig tørrklikk.

mandag 11. juni 2012

Lp10 rules.

I reklamen står det at den er utan rekyl, noko som eg trudde var litt , ja , ikkje heilt sant. Men det stemmer faktisk. Fekk fatt i litt luft idag, og har skote 30-40 skot med pistolen. Litt ujusterte sikter, men fantastisk pistol.

Eg tilrår denne  ( og sikker andre matchpistolar) for alle, du får garantert ei ny verd. Av ulike årsaker får eg ikkje skote noko meir på nokre veker, så oppkøyringa vert ikkje heilt optimal.

søndag 10. juni 2012

542

var poengsummen eg fekk i konkurransegjennomgang i standardpistol i kveld. Dårlegaste serie kom faktisk på første 150 sek serie. Ellers jamnt over bra. Konsentrasjonen held seg relativt greit, det tekniske sit relativt greit og sjølv 10 sek serie har eg nokonlunde kontroll over.

Ser at eg må jobbe vidare med det mentale, men ny pers om enn uoffisielt tek eg gjerne med meg.

Så nær , så nær, men akk så fjern...

Igår låg ein koseleg lapp i postkassa. Pakke frå Børselars var kommen. I denne var det ekstra magasin til sp, presskiver til 25 m så eg får skyte inn, 5000 pellets og ikkje minst Steyr LP10. Det som derimot ikkje var i pakka var pumpe, den var i rest.

Så då var det berre å justere baksikte inn litt smalare, justere hylla på skjefte, flytte avtrekk litt lengre fram og ................ starte med meir tørrklikking. Utan luft på tanken , ingen moro. Jakta på luft er starta....

fredag 8. juni 2012

Zen.....

Av og til får ein ikkje gjennomført trening, men årsaken til at vi ikkje fekk bruke skytebana sist var litt utanom det vanlege. Ein betongbil med pumpe køyrte med slangen i full givakt rett opp. Denne kappa alle straumledningar til bana som vart mørk..... som mitt sinn......

Dei siste par heimetreningar har eg komme inn i ein god rytme. Fokuset kryp på plass ganske raskt, posisjon og stilling er bra, løftet kjem seg og mange avtrekk finn stad utan at kornet beveger seg. Frå tid til anna får eg opptil fleire avtrekk etter kvarandre utan større rørsle. Ein vert ståande utan å ense kva som hender rundt ein, det er nesten synd å møte opp på skytebana med skot i våpenet. Kunne ein ikkje berre ha NM i denne tilstanden . Er vel det ein kallar Zen eller slikt ?

tirsdag 29. mai 2012

"Ta det korn og la det vandre....."

Det byrjer å nærme seg NM og det er mykje som skal gjerast. Eg føler at hovudproblemet mitt no ligg i avtrekk og kontroll i 10 sek serie. Gradvis jobbing med grepet må til og har nok hatt effekt , sjølv om eg er i startgropa enno. Trening på press, dvs jobbe vidare med automatisering av balanse, pust, løft og avtrekk går sin gang.

Korleis eg så skal trene og få kontroll av 5 avtrekk på 10 sek er noko verre. Førebels har eg endra litt på heimetreninga. Eg har bytta ut haldøvinga med duell, der eg i kvar 7 sek pause under pust ladar våpen. I løftet køyrer seg så 1 avtrekk og 4 simulerte på så kort tid som råd. Ikkje ideelt, men eg lærer jo litt av kor langt eg skal trekk av. Det som viser seg er jo at kornet går over alt, frå side til side og opp og ned. Akkurat som skota mine i serien. Tru om det er ein samanheng.........

onsdag 23. mai 2012

Ukonsentrert hovud som ikkje er skrudd rett på ?

I går var det ny trening, og det var vel ei trening som på alle områder gav blanda kjensler.

Kort summert var eg ukonsentrert, hadde dårleg avtrekkskontroll og måtte jobbe tungt med å halde fokus.

Plana var å jobbe med nokre serier med press, før eg gjekk vidare til duell og 10 sek seriar på presskive. Hovudfokus skulle vere å halde hovudet rett,dvs sjå rett fram med sikte auget slik at øyre er paralelle med skive og augene i horisontalplan. Det er jo svært logisk slik at bogegangane i det indre øyre ikkje må jobbe i ugunstig posisjon. Merkeleg nok er det for meg svært vanskeleg å få til dette. Må vere feil skrudd på, dette hovudet mitt, men det er noko som mange har påstått allereie.

Som nemnt var florerte avtrekksfeil og eg måtte konstant jobbe med å halde på konstentrasjonen.

Noko positivt tek eg likevel med meg. Tross alt det negative var stort sett haldområdet frå 8 og inn, så grunntreninga sit relativt bra. Tross dårleg konsentrasjon fungerer mykje av automatikken, så prosessen med å få mest mogleg over i det umedvitne er på god veg.

Framover må fokus endrast meir og meir på mental trening. Eg må visualisere i stadig større grad for å automatisere. Konsentrasjonsevna må trenast opp utanfor bana. På bana må eg jobbe vidare med duell og 10 sek serie på presskive . På heimebane må eg jobbe vidare med avtrekk og posisjon.

onsdag 16. mai 2012

Å endre fleire faktorer samtidig er vanskeleg.

I dag var eg atter heime att på 12,5 m bane med Colt skive. Etter å ha skutt sentrert på 25 meter var det litt styr å komme attende til sub-six. 18+15+5+1 klikk, så var eg der.

Nye briller frå Nille var også på plass. Eg brukar + 0,75 og + 0,5 frå før, så no prøvde eg + 1,0 på begge auger. Vi får sjå kor det går, det var i alle fall lettare å få blinken uklar ....

Skjefte har fått litt tremasse inn mot handbaken. I tillegg er hylla flytta litt opp. Det verkar litt meir stabilt, pistolen ligg liksom meir fast i grepet.

Etter nokre skot på press, gjekk eg over å veksle frå  10 sek serier til duellserier. Betre samlingar med haldområdet på 9, og eg dreg ikkje så langt til venstre. Dette kan tyde på skjefteendringane har noko for seg, eg må sjå korleis det går framover.

Ellers jobba eg saman med ein kollega med å sjekke at hovudet er retta rett mot blinken, eg har litt å jobbe her.

Mentalt arbeid er også eit området så eg må starte på .... it's all in my head....

fredag 11. mai 2012

Intensiv (for meg) og hyggeleg kveld med Lars

I går kveld fekk eg sjanse til å trene litt på Løvenskioldbana saman med Lars Kanedal. Han ofra 3 timar ein fredag kveld for å gje meg nokre tips og hint om korleis ein kan komme seg vidare og legge opp treninga meir fornuftig. Eg må innrømme at det er litt spesielt å ha nokon som ser på deg heile tida når ein skyt. Eg er ikkje van å trene med ein som observerer, men det gjekk faktisk svært greit. Eg og ein skytterkollega bør trene litt på å sjå på kvarandre.

No kan det vere at bloggen vert litt rotete idag, men det er vel for at eg må få på plass dei viktigaste elementa som eg må hugse.

Lars observerte at eg truleg var litt i ubalanse med hovudet, så eg må heim å sjå på meg sjølv i speil for å sjå om eg kan gjere små endringar. Eit tips er å stå bak og studere om hørselsvern er parallelt med skivene.

Eg pressa sikteauget litt saman, sjølv om eg nytta briller. Dette tyder truleg at eg må sjå på briller som er 0,5-0,75 sterkare enn dei eg har.

Ellers gjekk skyting på presisjonsskive svært bra når eg skaut utan tidspress.

Når tempo gjekk ned til 10 sekund fekk vi pressa fram fleire områder for forbetring. Når eg slepp ut att avtrekker har eg ikkje vore nøye på at kornet rører på seg litt. Det er visstnok ikkje lov. Så her har vi potensiale. Vidare kan det vere eit teikn på at skjeftet ikkje er godt nok tilpassa. Saman med det faktum at eg dreg skota litt mot venstre når det går fort, peikar det på at skjeftet må jobbast litt med. Ved litt studie på plassen kom eg fram til at det litt romt på området mot bakre del av handflata. Så no må eg bygge litt her. Samt trene vidare med fokus på avtrekk.

Løftet var det som vi ellers jobba med. Eg har eit greit løft, men bør fokusere på å senke hastigheiten på løftet inn mot skiva i siste del av løftet. Ved å halde fokus på haldområdet, men konsentrere meg om kornet i siste del av løftet senkar ein automatisk hastigheita, samt unngår å løft over skiva.

For å trene litt på dette prøvde eg ein del duellskyting. Det har eg aldri prøvd før. Aldri sikta svart i svart og sentrert, og aldri på duellskive. Det byrja bra, med ein del ti , men eg har ein tendens til å dra skota og samlinga ut mot venstre. Så igjen det med skjeftet. Lars gav eit godt tips om korleis trene opp løft og faktisk skulder i samme seanse - køyr mange duellserier. Det skal eg visstnok bli mør av, og i dag kjenner eg faktisk at skuldra har trent litt utanom det vanlege. Så statiske haldøvingar vert gjort heime, samt dynamisk styrke og duell på trening.

For å avslutte foreslo Lars at eg skulle skyte ein serie med NAIS - 2 x 150 sek, 2x duell, 1x 20 sek og 1 x 10 sek.  Etter at kruttrøyken hadde lagt seg - 278 poeng . Så her har vi skote til gullmerke. Fantastisk.

Så alt i alt ein svært vellukka kveld. Eg fekk svært god feedback, fekk tilbakemelding på kva som fungerer og kva eg kan vurdere. Eg fekk påpeika ein del områder der eg må endre trening og kvar eg er svakast slik at eg kan jobbe vidare på desse områda. Det er jo slik at det er på dei områda ein til ein kvar tid er svakast ein må jobbe.

For dei som er i området og som ønskar ein god trener - spør om du ikkje kan få leie/låne/kjøpe Lars nokre timar. Det er det vel verdt.

onsdag 9. mai 2012

Ei legende....

Harald Stenvaag er for meg ei legende. Han har vore med i utviklinga av skytesporten og gjort det svært bra over svært lang tid. Medaljar av ulike valørar i ulike mesterskap som det står stor respekt av.

Han driv ein nettbutikk der han sel våpen mm, dei fleste innan sporten kjenner han godt. Eg var innom han igår ein tur for å handle Eley sport, skivetolkar mm. I tillegg fekk eg ein svært hyggeleg samtale angåande skyting, trening, ein masse råd mm. Tida går fort når ein får tappe kunnskap frå ei slik kjelde.

Vi får bruke han og Børselars så vi kan beholde desse kjeldene lenge..........

tirsdag 8. mai 2012

Farris Sportsskyttere - kjempeklubb.

På grunn av jobbreise er eg for tida i Larvik. Eg har på førehand leita litt og funne ut at Farris Sportsskyttere held til her. Pardinien er demontert og med i ulike kofferter (og på meg) for tørrtrening, så det var jo berre å ta den med til Farrisgjengen.

Vel framme vart eg godt motteke, fekk komme inn utan problem (viste eige våpen- og klubbkort), og 5 min etter betalt ammo var eg klar på skytebana. Flott bane med 10 standplassar og svært hyggelege skyttarar. Flott å få utveksle erfaringar og prøve nye våpen. Litt rart å skyte med x-esse short, hoi kor den kastar seg i hendene :-)

Skytemessig gjekk det også svært bra. Til mi store undring gjekk eg denne gongen ned berre 2 klikk . Sist eg gjekk frå 12,5 til 25 meter måtte eg ned 10 klikk. Vel, vel. Fine samlingar, eit holdområde på 8-9 på rolege seriar, og faktisk stort sett haldområdet på 7-8 på 10 sek serie. ( Om ein ser vekk frå ein roteserie det heile 2 skot gjekk i det kvite - den tel ikkje).

Før eg visste ordet av det var 3 timar vekk.

onsdag 2. mai 2012

Større tempo --> større holdområde som flyttar seg.

Ny trening på bana igår. Fekk litt tid å trene på tempo. Frå sida til canadashooting fekk eg lasta ned ein MP3 som gjev ein peikepinn på rytmen ein må ha på 10 sek serie. Når eg lyttar på denne og tørrtrener er det klart at eg må jobbe med løft. Her har ein ikkje tid til å kaste vekk løft langt over skiva, rett på holdområdet fort er løysinga. Ellers er det vanskeleg å unngå avtrekksfeil når det går fort ....

Eg skulle gjerne hatt ei god løysing på korleis ein kan tørrtrene på tempo heime. Ein kan jo ta fem liksomavtrekk etter kvarandre, men truleg trekker eg av for kraftig og får då for stor rørsle når eg slepper ut att finger til neste avtrekk. Er det nokon som har ein god løysing på dette ?

LItt trening på rolege skot igår, og holdområdet var greit. Nytta CCI istaden for Eley, ingen funksjonsklikk, men måtte justere opp siktet eit klikk. Ser ellers at eg har vore litt sløv med haldøvingar siste veka--- skjerpings.

tirsdag 1. mai 2012

Det går framover.....bare ikkje fort


Eg fekk tid til å skyte litt igår. Som ein ser av vedlagt bilete så er holdområdet med roleg skyting framleis bra. Det ser ut som tørrtrening er nyttig.

Utfordringa no er å få til det same når eg skal skyte 10 sek serie.  Med ein gong eg prøver å skyte litt fort , så vert holdområdet større, samt eg dreg skota ut til venstre.

Det skal ha litt å seie kva grep ein har, men eg trur at eg må legge om treninga litt.

Så, då er det berre å finstudere litt på korleis trene mest effektivt . KJem attende til det seinare.

Eg fekk også prøve Morini av ein kamerat. Etter nokre skot låg den godt i handa mi, den og. Litt ulik skjeftevinkel, men eg kunne nok venne meg til den og. På samlingane såg eg at Pardinien min også passa godt til min kamerat i nabobåsen.

Konklusjonen er vel at vi langt på veg må jobbe med oss sjølv, desse våpena er vel såpass bra at vi ikkje kan skulde på dei om noko går gale.

søndag 29. april 2012

Og så over til noko heilt anna.....

I ettermiddag fekk eg invitasjon frå ein kamerat til leirdueskyting. Ei ny halvautomathagle skulle og testast ut , i tillegg vart arbeidshesten pumpehagla med. Ikkje akkurat trening til standardpistol, men moro å skyte.

Fint ver og lite vind på bana gjorde forholda idelle. Etter noko bom på første serie kom det seg utover.

Om lag 80 % av duene vart pulverisert, og rekylen frå halvautomat gjorde at skuldra førebels ikkje er blå. Moro i alle fall, men det tar vel litt tid før eg stiller i skeet eller trap.

Vel, vel, i kveld er det attende til tørrtrening. Skal jobbe vidare med balanse samt konsistent løft inn i holdområdet. Ellers stramme litt opp i handleddet for å halde konstant vinkel slik at kornet dett rett på plass i skuret når eg når haldområdet. Prøver ellers å jobbe med å unngå løft for høgt i forhold til holdområdet.

Eg ser ellers at påmelding for bane-NM i Førde er lagt ut , så det er vel berre å sende inn påmelding.

torsdag 26. april 2012

Klikker ein av for mykje tørrklikk ?

På grunn av jobb fekk eg dessverre ikkje trene med ekte skot i pistolen denne veka. Eg veit at på mitt nivå bør forhold mellom ekte skot og tørravtrekk vere 100:1, og når eg ikkje får komme på trening er vel eg ikkje langt unna. Så det var nok klaging.

Faktisk er heimetrening med fokus på balanse, pusteteknikk, løft og avtrekk svært nyttig. Ein vert litt obs på kva ein faktisk gjer. Eg har oppdaga følgande :
- eg er ikkje konsekvent i korleis eg låser kne, noko som eg ikkje vil gjere.
- eg eg ikkje konsekvent nok i pusteteknikk og vektforflytting i løft.
- løftet går ikkje alltid i samme tempo, det går for høgt for 10 sek serie.
- eg ser ikkje ut til å kunne halde samme vinkel i handledd heile tida.

MEN
Det postive er at eg føler at balansen vert betre i kne, løftet vert meir konsistent og handleddet kjem seg mop vinkel. I tillegg klarer eg å unngå for mykje hopp i holdøvingar kring 1 min . Det går altså framover.

Eg ser også at eg må jobbe ein god del med å unngå å få løftet for høgt. Eg ser at mange i fripistol og luftpistol løfter over skiva og senker seg ned i haldområdet, men det er dårleg teknikk i korte serier. Så eg prøver å bruke dei resterande motoriske evner på å prøve å løfte kornet rett i skuret i haldområdet utan meir om og men. Madammen må nok venne seg til stadige klikk i stua, ja (eg får faktisk lov å klikke heime).

tirsdag 24. april 2012

WC London

Eg reknar med at dei fleste føl med på kva som hender i London.

http://www.issf-sports.org/

Flott resultat av Stian Bogar. Vi skal jo mentalt vere positive, men det må vere lov å vere litt frustrert over å vere 0,1 poeng frå 3 plass.

mandag 23. april 2012

Mattekunnskapane var rustne

Eg har tenkt litt over tangensen min, og sjølvsagt var matten rusten. Så eg har tenkt litt igjen. Eg har prøvd å lage ein generell formel for korleis ein kan måle høgda opp til holdområdet på ein skalert blink når ein trener løft heime. Så her er den og ein må gjerne korrigere meg om ein tek feil.
Ein må vite avstand frå golv til auge når ein siktar, samt høgde til området ein siktar mot (på 25 m). Når ein då måler avstand frå der ein står til skiva får ein følgande :

Vegghøgde = (augehøgde-sikteområde)(25-veggavstand)   +  siktepunkthøgde
                                                          25

I mitt tilfelle ender eg opp med tilnærma :

Vegghøgde = 1,74 m - 0,02 x veggavstand

Så då var det berre å gå heim og trene.

Reknar med at alle følger med i London for tida. Malin Westerheim og Tore Brovold har flotte resultat. Ventar på Vebjørn Berg mm ila dagen.

onsdag 18. april 2012

Dessverre ser det ut som trening nyttar

Første trening på 14 dagar med ekte skot i Pardinien. Fekk avgarde 50 Eley Pistol utan klikk, så det ser ut som den ammoen førebels fungerer bra.

Etter ein litt rufsete start kom samlingane pent. Sjølv med litt uro var det lettare å fokusere på korn, haldområdet verka mindre og avtrekket betre.

For dei som lurer så skyt vi på 12,5 m bane med coltskive, derfor er hola så store. Samlingane var ikkje alle så bra, men mange av skota var nok i området som svarar til 9 eller betre. Sjølvsagt roleg og utan stress.

Fokus må no vere å halde ved like det gode arbeidet vidare på heimebane, og kan hende trene litt meir på raske serier på trening.

Forsøkte også å skyte på duellskive for første gong. Spennande, stor senterblink. Men kornet forsvann i alt det svarte, så eg må nok skaffe meg ein slik sotelighter.

Det er også godt å sjå at andre på trening kosar seg og resultata kjem seg. Ein kollega med nyerverva Morini fjerna like godt innertier med nokre velplasserte skot. Det var nok nyttig å kvitte seg med Benellien.

søndag 15. april 2012

Svart på svart er vann i syre ?

Eg jobbar vidare med tørrtrening på heimebane og tenkte eg skulle utvide litt. Som variasjon skulle eg flytte holdområdet til sentrert sikte på skalert duellskive. Hm svart på svart på svart vart svart. Såg ikkje ein skit (unnskyld uttrykket). Så eg må vel jobbe litt med belysninga på heimebane. Kan hende lys rett over kornet kan gjere noko for at eg skal sjå litt meir enn berre svart.

Nokon som har gode råd der ute ????

onsdag 11. april 2012

Utnytt alle moglegheiter

Ikkje heilt i toppform i dag. Klarte berre å fullføre halv dag på jobb før eg måtte krype heim til sofaen.

Eg valde derfor å bruke unyttig sofatid til å sjå ein del på ISSF-channel på youtube for å lære litt meir. Målet mitt var å sjå litt på korleis dei ulike utøvarar flyttar på tyngdepunkt i løftet og korleis dei står i forhold til siktelinja. No er dessverre filminga dårleg, dei er meir opptekne av næropptak, ansiktsuttrykk mm. Det vert litt vanskeleg å studere vinklar og slikt. Har sett på 50 m fripistol, 25 m damer og 10 meter luft damer og herrer.

Eg ser at dei fleste gjer det om lag på samme vis , men nokon har sjølvsagt relativt uortodokse stillingar. Dei fleste har ein vinkel i overkropp som er om lag 10-20 grader i forhold til siktelinje (og då 70-80 i forhold til skyttarlinja). Ved løft får eg inntrykk av at dei fleste tek ut rørsla i bekken og hofteregionen, men rørsleutslaget er variabelt.

Ein annan ting eg la merke til var at dess mindre vinkel skyttar hadde mellom siktelinje og overkropp, dess meir vridning fekk ein i albogeleddet. Det kan verke som om det ideelle for albogen dermed er å ha minst mogleg vinkel mellom overkropp og siktelinje. Dessverre vil det i mitt tilfelle gje press i bakre del av skulder som gjev meir stress og skjelving i holdområdet. Pistolskyting er verkeleg ein kunst i å balansere omsyn om kvarandre. 

Eg trur sjølv at vinkel i overkropp er om lag den samme hjå meg, men eg trur nok at eg tek ut rørsle i løftet i anklane av ein eller annan grunn. Det siste er kan hende ikkje så smart då eg beveger heile kroppen og plattforma. Godt eg trener ein del skot med lukka auger. Klarer eg å tenke på både bekkenrørsle og avtrekk /grep ???? (Truleg ikkje, er tross alt mann og då klarer eg jo MAKS ein ting på same tid ifølge madammen)

tirsdag 10. april 2012

Tangens for treff

Eg har lese ein god del om såkalla muskelminne. Dvs at vi jobbar med fotstilling, balanse, grep, løft. pusteteknikk og avtrekk gong på gong slik at musklane i teorien skal hugse det vi gjer frå gong til gong. Belønninga skal vel vere at det vi gjer er så nær identisk som mogleg frå gong til gong. Då vil alle skot gå i same hol - i alle fall i teorien.
For oss som byrja med skyting godt over 30, og som veit at den motoriske gullalder er kring 10-12 år, så er forsåvidt løpet køyrt :-)

Men, eg kom til å tenke. (Skummelt ) Korleis veit eg at eg løftar like høgt heime mot vegg , som mot skiva som er 1,4 meter over bakken, samt at eg har holdområdet kring 4 ?

Svaret er tangens. Leita fram gamle kalkulatorar, jobba litt og fekk madamen til å måle høgd frå golv til sikteauget. Rekna meg fram til at vinkel mellom auget/siktelinje og holdområdet sin horisontal er 1.19 grader. (Var det rett forklart ??)  Med litt tangens har eg komme fram til ein formel som gjev meg høgda på holdområdet alt etter avstand frå veggen eg klikkar mot. Sjeldan eg har 25 meter heime. Så no må eg vel trene rett og berre treffe ?

Ellers har eg snakke litt med Børselars idag. Bestilt 2 nye magasin til SP, samt purra litt på LP10. Skal verte moro å får klikke/trene med luft i tillegg .

mandag 9. april 2012

Seriøs ?

Har endeleg teke til vettet og laga meir struktur på heimetreninga. Skal prøve råda til Keith Sanderson. Så vi prøver 3-5x pr veke med avtrekk med lukka auger (10-20x) , avtrekk mot kvit vegg (10-20x) og til slutt 6 x avtrekk med 1 min etterhald. Den siste mot liten sirkel på vegg.

Eg oppdaga at grepet truleg var bra nok førebels, for kornet låg stort sett fint i skuret, men holdområdet var ikkje bra nok. Balanse og styrke !!!!!!

Treningsmengdene skal nok aukast i tal på repetisjonar og lengde på etterhald etterkvart.

Eg får litt tid til å kjenne godt etter. Er vekta plassert godt nok på beina ? Unngår eg å låse beina (råd frå Lars Kanedal)  ? Korleis er vinkel i handledd ? Klarer eg å halde hovudet beint/rett ?

Potensialet er truleg stort ......... :-)