Oppkøyringa til NM er viktig, og derfor valde eg å bruke dei 2 siste vekene på Alcudia. Med reiser har eg no vore utan kontakt med våpen i nesten 3 veker. Eg har ikkje fått skote eit skot, utført eit tørrklikk eller sendt avgårde ein pellet. Så første setninga er vel å rekne for sarkasme skytemessig, men ellers heilt fantastisk.
Eg hadde med ei bok om mental trening, har vel nemnt den før. Eg har jobba ein del med denne og ved 2 gongs lesing dukker fleire faktorar opp. Skytinga vert meir og meir spennande, og eg er stadig i startgropa.
Det tekniske må ligg i botnetn, dvs stilling, grep, løft, siktebilete, avtrekk og etterhald mm. Så byrjar det verkeleg spennande. Ein må jobbe med fokus, spenningsregulering og konsentrasjonsevne. Boka nemner ein del teknikkar for å lære seg gradert og umiddelbar avspenning, vidare eit opplegg for konsentrasjonstrening. I tillegg skal ein få kontroll på kjensler slik at ein ved skytelinja har korrekt og optimal spenning , optimal konsentrasjon som varer heile konkurransen, samt den gode kjensla. Alt dette skal ligge på toppen av perfekt teknisk gjennomføring.
Heldigvis er eg berre i byrjinga av reisa, eg har mykje å lære. Dessverre får eg ikkje lagt på plass eit skikkeleg treningsopplegg ein gong før NM, så NM i år vert vel berre læring.
Ellers har eg idag kjøpt ny dykkerflaske, så no kan eg skyte LP10 til eg stuper. Har jobba litt idag så fekk berre sendt avgårde 20 skot. Ikkje optimalt, men heilt grei gjennomkøyring. Gler meg til i morgon, då eg på ny skal kjærteikne SP med hyppig tørrklikk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar