I ettermiddag vart det ein tur til skytebana saman med ein konkurrent og til saman 3 born. Dei små kosa seg med luft (LP2, LP400 og LP10) medan vi kosa oss med Pardini og Morini.
Eg får vel innrømme at det ikkje var optimalt for konsentrasjonen, men eg vel å sjå på det som optimal mental trening.
Det er fasinerande kor kort avstanden er mellom 5 sentrumtreff, og nærast skivebom er. Med full konsentrasjon på stilling, løft, fokus på korn og avtrekk går dei fleste i 10 eller god 9. Eit millisekund med senka konsentrasjon, så går det ut i ....ja.
Tek med eit bilete av dei siste 50 skota , 10 serier på 5 skot a 6 sek. Så vonar at dette skremmer dei som eg skal konkurrere mot neste helg (og sannsynet for at eg skyt like bra er jo stort).
Men frå spøk til revolver - det er godt å ha dagar der eg klarer å yte maks. Sist trening kan knapt kallast trening. Eg hadde store vanskar med å halde 7 ringen i luft, og hurtigskytinga kunne vore skote betre med avsaga hagle. Så når eg berre får opp stabilitet på trening og deretter i konkurranse, så har vi det....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar