onsdag 6. mars 2013

Oppdal pistolklubb.

Kursverksemd gjer at eg må reise litt frå tid til anna. Denne veka er eg på kurs i Oppdal, og som vanleg dreg eg med meg litt "verkty". Denne gongen vart Pardini og Steyr reiserfølge.

Eg hadde på førehand kontakta klubben via mail og fekk raskt svar og velkomstmelding. 

Vel framme (måtte leite litt til eg kom over sidene til NM i spesialpistol /magnum)  var det rett inn i varmen. Ei hyggeleg bane med 6 elektroniske skiver, og eg vart tildelt bane nr 4 umiddelbart. På programmet var programskyting og NAIS . Som eg ikkje har skote sidan eg var på besøk i Oslo for snart 9 mnd sidan. Eg meiner å hugse at eg den gongen klart 276 eller noko slikt. 

Så , kjapt skru om sikte ned 15 knepp. Ein prøveserie og så var det i gang. På 150 sek gjekk det bra, ei fluge. På duell, vel , ikkje så verst. Det var litt uvant å skyte på så stor svart skive. Resultatet vart 270 som eg må seie var greit nok. 

Det slo meg at eg nok bør trene duell ein del, også mot kun svart ark for å trene opp fokus på fokus korn.

Etterpå vart det hyggeleg prat i klubbrommet. Mykje kunnskap, og mykje moro. Som alltid når ein vitjar ein pistolklubb, så er ein heime. Eg kjende meg som eit medlem som hadde vore der mange gongar før. Så , om eg nokon gong stikk innom Oppdal att, så skal eg innom. Må berre prøve å skaffe meg ein spesialpistol eller magnum (eller ein magnum spesialpistol) :-)

2 kommentarer:

  1. Tviler ikke på at det var hyggelig :) Fin gjeng der.
    Satser på at vi sees på Oppdal! Håper på å få tatt turen opp på lørdagen i alle fall. Og regner med vi sees på Løvenskiold!
    http://www.nm2013.no/

    SvarSlett
  2. Må dessverre reise ned på fredag. Ferie er satt av til Løvenskiold

    SvarSlett