Eg har over lang tid lagt merke til at det vert vanskelegare å halde fokus på kornet etterkvart som ei skyteøkt eller ein konkurranse skrid fram. Mistanke til dårleg konsentrasjon , og ei eiga evne til å søke opp skiva for å sjå kvar skotet gjekk har vore hovudmistenkt. Synet er normalt bra, både til avstand , lesing /data mm utan at eg treng briller. Eg har frå tidlegare nokre briller som eg skal kunne bruke til dagleg, utan at eg føler stor nytte av desse. Eg er lett langsynt, og kan derfor kompensere bra i det daglege.
Igår skaffa eg meg lesebriller i 1,5 og 2.0 frå Nille (for å teste). 2 var for sterkt, men 1,5 var ei ny verd. No er det litt kort tid å uttale seg etter ei skyteøkt, men det var utan tvil mykje lettare å halde fokus på skiva utover økta. Truleg må eg nytte musklane i augene intenst når eg skyt, og dette gjer at dei vert fortare slitne, derfor behovet for briller. Vert spennande å sjå framover.
6-10 april var eg ein tur til Tromsø. Til skilnad frå tidlegare vare det kun luftpistol som var i bagasjen. Eg vitja Tromsø pistolklubb og fekk omvisning i eit flott anlegg. 5 skivetrekk for luft og 5 elektroniske skiver for krutt. Eg fekk ein lang og god luftrening, og bekrefta at eg ikkje er så aller verst, men ikkje så aller best heller ......
lørdag 19. april 2014
torsdag 13. mars 2014
Meir struktur på trening er bra.
Sjølv om aktiviteten på bloggen har vore dårleg over noko tid, så vil ikkje det seie at eg ikkje trenar. Langt derifrå. Dei siste månadane har eg vore langt meir strukturert enn tidlegare, men det er framleis langt att til eg er der eg vil vere. Dessverre ser det ut som både NM luft og NM bane utgår i år, men eg får komme attende sterkare seinare.
Kva har så hendt i det siste. Eg har skaffa meg Petter Brattli si bok og boka Pistol Shooting - The Olympic Diciplines. Dei er begge lese ein gong, og eg tek snart til på ein meir grundig gjennomgang.
Desse utfyller kvarandre bra, og for oss som er utan trenar gjev det eit mykje betre teoretisk bakteppe som vi kan nytte i treninga. Vi kjenner oss betre rusta teoretisk, men ser klart kor mykje vi manglar ein trenar til dagen. No må eg starte på ny att, dvs ikkje heilt. Det vi har av kunnskap har vorte meir systematisert og fokus på einskilddelane i skytinga er meir funderte og vala ein gjer har vorte meir medvitne. Eg trur nok at dei neste månadane må nyttast til ein meir fokusert gjennomgang av bøkene slik at teorien synk klarare inn.
På same tid er treningsregimet mitt endra ein del. Eg trener fysisk x2-3 pr veke (forutan dei siste vekene med ein kjedeleg ryggsmell), men fokus på intervall, styrke og uthald i skulder, alboge og handledd, samt rygg og mage. Skyteteknisk jobbar eg meir fokusert x2-3 pr veke med avtrekk, fokus på kor og i det heile gjere det samme gong etter gong. Petter si bok var svært bra på mange element, og Steenvåg sit råd frå tidlegare vert klarare og klarare : kvar skot kan gjere det betre, eller i verste fall dårlegare. Ein må derfor utføre kvart skot slik at det bidreg til vegen framover.
Grunnlaget eg har å bygge på er betre enn frå start, men eg reknar med at treningsarbeidet vert meir fokusert og endra smått om senn etterkvart. Det er merkeleg kor vanskeleg det er å halde fokus på kornet og ha eit reint avtrekk rett bakover.......

mandag 27. januar 2014
Ny pers standard 529.
Igår var det stemne på Vestnes og eg gjennomførte standard og luft med resultat 529 og 535. Det første var eg forsåvidt nøgd med, ny pers er ikkje å kimse av, men som ellers var det nok å ta av mop vegen framover.
Luft var forsåvidt greit, men eg vart nok hemma av manglande styrke. Eg har trena lite fysisk aktivitet dei siste par månadane, og det var tydeleg at her er potensiale. Det var ei grei gjennomkøyring.
Kort blogg idag, etter for lang tid, men det hender mykje for tida mop trening , framgang og teknikk. Vil komme attende sterkare.

torsdag 28. november 2013
Hovud - skulder -handledd - trykk, handledd, trykk ....(fritt omskrive)
Eg har ikkje vore aktiv siste tida på bloggen, men eg har lese og tenkt ein del. Eg jobbar framleis om lag på same måte som tidlegare på trening, men det har vorte litt mindre tid enn ønska. Løysinga må vere å trene fullt motivert, konsentrert og med klart mål og meining.
Eg har lese litt på følgande :
http://www.pilkguns.com/anatoli.shtml
Eg har vidare studert ein del på ISSF sine youtubesider : http://www.youtube.com/user/issfchannel og sett på video av 50 m , 25 og 10 m pistol.
Kva har eg så lært ? Vel, fokus går meir og meir vekk frå kornet og siktebilete som aktivt punkt, og meir over på aktivt fokus på avtrekket. Tross mindre tid nytta , så vert resultata mykje betre enn på lenge. Det kan jo vere at eg er meir fokusert, men likevel trur eg fokusendringa er nyttig.
Kva som med hovud og skulder ?
På videoane har eg lagt merke korleis løftet vert utført. Ein del vel å ha eit rotasjonspunkt som nærast ligg i hofta som er skote fram. Dette medfører at hovud må gå bakover og mage og rygg må jobbe dyanamisk og ikkje statisk. I tillegg til å kontrollere rotasjon av skulder så må ein ha dynamisk kontroll på rygg og mage når ein skal stoppe. Ein ser det klart på hovudet, om det flyttar seg bak eller ikkje.
Dei som ikkje roterer i hofta, men som vel å ta ein såkalla powerstance, tek ut det meste av rotasjonen i skulderleddet. Hovudet er i ro det meste av tida. På raske serier, dvs duell og siluett , så nyttar dei fleste kun rotasjon i skulder. På rolege disipliner ser ein større mengder rotasjon i hofta på fleire.
Observasjonen gjev ikkje noko meir sikkert, dvs det er ikkje slik at dei som har eine typen alltid vinn over dei som vel den andre typen rotasjon. Kva så ????
Vel, eg har relativt lite oppmerksomheitsspenn. Eg har begrensa evne til å lære motorikk (er langt over gullalder for det) så eg må gjere det eg kan for å minimere variasjon. Når eg nyttar powerstance og tek ut all rotasjon i skulder, så er det mindre variablar. Vel eg større hofterotasjon, så får eg meir å kontrollere. I utgangpunktet skal jo kroppen ordne alt dette sjølv, men eg trur førebels at eg også her får vere medviten kva eg gjer.
Så fokus er altså for tida korrekt avtrekk, korrekt handledd og fokus på stilling. Så får vi sjå korleis dette vert.

torsdag 24. oktober 2013
Trondheim pistolklubb - kjekt at dei ville treffe meg :-)
Denne veka har eg vore på jobbkurs i Trondheim. Eg har dessverre ikkje kunne trene heime, men som vanleg var SP og LP med på turen. Måndag vart det bomtur, då eg trudde eg skulle få trene på luftbana. Dessverre var det ingen som møtte opp, eller så var eg på feil stad.
Tysdag vart eg møtte av Per Marum på Buran. Korrekt nok vart våpenkort sjekka saman med identitet, noko som verka betryggande. Eg trur vi skal innføre dette også hjå oss.
Så var det laus på duelltrening på elektroniske skiver. Ein skulle trene på etterhald ifølge opplegget dei hadde. Eg oppdaga då at dei fleste (og eg sjekka med issf channel) vel å løfte rett før klar og så senke i dei første 7 sek. Dette må prøvast framover. I tillegg valde eg å stå litt smalare med beina enn vanleg. Dette gav mindre smerter i hø hæl som ofte lir litt under lange økter. Balansen verka ikkje å verte forstyrra.
Eg fekk svært gode resultat undervegs. På duell og raske serier var det lite tid til å tenke på trykk, her er det tydelegvis nok å fokusere på korn. Avtrekket kjem her av seg sjølv meir eller mindre. På rolege serier må eg nok enno fokusere på trykk, så eg trur eg skal halde fram på samme måte som tidlegare her.
Første dagen skaut vi ein serie på 60 skot i standardprogram, der ein skulle skyte 10 sek på alle seriene. Resultatet vart 515 totalt, det er ikkje verst med tanke på at alt gjekk fort :-)
Onsdag var deg også trening på samme måte. Her var det først presstrening, og av 40 skot var det kun 3 som ikkje var 9 eller 10. Faktisk var vel om lag 2/3 av desse skota 10, og dette må ein seie seg nøgd med førebels :-)
Det var nok ei god hjelp at klubben har ei god bane med god belysning over standplass slik at det er lett å fange opp kornet med ein gong våpenet kjem opp.
I tillegg har eg skaffa nokre skot med TopShot ammo. Denne er rimeleg og fungerer svært bra utan matefeil og utan for mykje skit i våpenet. Kan hende eg skal prøve denne ei stund.
Summen : fokus på korn, fokus på trykk , litt kortare beinavstand og lys på standplass. Oppmodar alle med våpen å ta kontakt med TPK for ein hyggeleg prat og fellestrening, men ta kontakt med dei på førehand pr mail.

torsdag 10. oktober 2013
2 ting på ein gong - kan såkalla menn klare det ??
Treningsprogrammet for hausten synte seg å vere for håpefullt. Det har dessverre vorte lite fysisk trening. Svært lange arbeidsdagar har stoppa dette.
Eg har likevel jobba svært planmessig på trening. Eg skyt press kvar 2 gong, og duell/hurtig kvar 2 gong. Det ser ut til å gje resultat, for samlingane vert betre. Eg ser også at fokus må vere meir og meir på avtrekk. Når fokus primært er på avtrekk oppnår eg gode resultat, betre enn når det er heilt umedvite. Scatt legg vel også opp til dette.
Treningane har vore svært gjevande, og det er jo kjekt å skyte når flugene vert færre. Igår, td, vart det først duell, så hurtig, og når eg gjekk fram var det ikkje mange 8 på 100 skot. Etter dette koseskyting med cz etter at ein hyggeleg kar troppa opp med 200 ferskladde 9 mm. Her var samlinga om lag i 7 i presskiva. Kvelden vart avslutta med LP10 med gode resultat. Det er kjekt å skyte.

fredag 20. september 2013
Lenge sidan sist.
Eg har skifta jobb for ein periode, og dette har teke mykje av tida mi. Dessverre har eg nedprioritert bloggen. Eg har som skildra tidlegare lagt om treninga,, og prøver å bruke det eg har av tid på fysisk trening. Eit stort forfall skal justerast.
Skytinga går rimeleg greit, har hatt opptil fleire serier med 50 p på trening. Eg får ikkje trent så mykje med Scatt eller tørravtrekk som eg vil, men får skote kvar veke. Ei veke er det press og ei veke duell og hurtig. Alt på tid og framgangen kjem sakte.Det vert meir og meir klart at Scatt - gutta har rett, ein må ha fokus på avtrekk. For min del vert resultatet mykje betre då.
Det er noko som ikkje heilt stemmer på grepet på SP, då eg føler pistolen hoppar litt for mykje i hurtigserier. Kan hende eg har vorte så god at eg først no legg merke til det :-)

Abonner på:
Innlegg (Atom)