Hovudmålsettinga for sesongen var NM, og med ny pers og mykje lærdom får vi vel seie oss nøgd med resultatet.
Kva er så status ? Eg må innrømme at eg har vorte litt blinda av LP10 med rekylmangel og derfor har treningane i det siste stort sett vore live. Eg har kvar 2 dag skote ca 30 skot med godt resultat, men stort sett utan betring. Med Pardinien har det stort sett vore planlaust , og skifte mellom duell, press og raske serier.
Eg har altså nesten ikkje køyrt klikktrening på 1 mnd.
Igår kveld tok eg fram den kjære pardini og starta på ny klikktrening. Resultatet var vel sånn så som så. Så kan hende eg må revurdere litt, lese min eigen blogg og halde meg til 1 livetrening med pardini og 1 livetrening med LP10. Resten av tida bør gå til tørravtrekk og mental trening.
Det mentale har eg liksom ikkje komme heilt i gang med enno, så her har eg ein jobb å gjere. Vidare må eg jobbe analytisk med alle tekniske element.
Eg har vore litt inkonsekvent med triggerord, men dei siste live-treningane går det stort sett på stilling - korn - trykk. Så får vi sjå.
Hm, vart litt mykje oppgulp her, men status og plan vidare er viktig. Målsetting for det neste året er vel NM, kor vi skal sikte oss inn får vi sjå (litt diffust mål, der ja, som ikkje er bra)....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar