På trening idag opplevde eg noko uvanleg. Før eg sjekka kvar skota på presskiva gjekk , var eg viss på sentertreff. God stilling, god posisjon, deilig lite haldområde og roleg , kontrollert avtrekk. Og det var grei samling ..... i overgang kvit/svart om lag kl 4.
Hmmm, skifte av ammo utan noko endring. Korleis kan sikteområdet eller våpenet skifte såpass mykje ??
Nøye våpensjekk... noko laust ??? Å ja, skruen som held alt saman var laus, og dermed var løpet ikkje heilt stabilt. Så , skru til og så var eg i sentrum att.
Ellers var skytinga utan spes hendingar. Som eg gjer til vanleg no, oppstart med skyting på svar papir. Deretter duellskyting på svart skive før eg går over til presskive.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar