Klubben har nett fått inn ein Hämmerli x-esse sport, og som styremedlem måtte den jo testast. På tom bane, med kun ein kollega skulle den prøvast.
Først varma eg opp med Lp10 . Nokre i senter, og nokre i det kvite - grrrr.
Så sporten. Litt treg i matinga, men fantastisk pistol. For meg uvant med noko rett skjefte, men samlingane var greie. Skal verte moro å la dei andre i klubben teste den.
Så vart det fram med pardinien, og kollegaen trakk fram morinien. Begge ladda opp magasina og sette igang. Idag stemde alt, om ein ser vekk frå at eit skot gjekk i bordet. Måtte stille inn lengda på andre del av avtrekket.
Det er alltid moro å ta grep på pardinien, som hand i hanske. Posisjon og stilling kom på plass. Løftet var fantastisk , avtrekket ein drøm. Magasin etter magasin etter magasin. Etter ca 40 skot vart det fram for å konstatere at 10eren var skoten vekk og indre delar ni var vekke. Nokre fluger ute i 8 og 7, pytt pytt.
Ny blink , gjenta 50 skot , på ny er senter av blinken borte. Ny blink, 50 skot, senter på blinken vekke.
Gåsehud ..... er det rart det er moro å skyte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar