mandag 28. januar 2013

Motgang gjev framgang, håpar eg....

No har eg vore konkurranseskyttar i om lag 1 år. Framgangen siste året har vore stor , utan særlege tilbakesteg. Alle veit at slik kan det ikkje halde fram. Når ein tek til med ein ny aktivitet, trening eller idrett, så kjem ein etterkvart til ein platåfase. Det er når ein har henta ut det som er å hente frå å lære det grunnleggande, og faktisk må trene for å komme vidare.
Det er då ein må lære seg å vere audmjuk, fokusere på korrekt trening, og innan skyting jobbe med det mentale. Det er vel der eg er kommen no.

Igår var det stemne på Vestnes, standardpistol og luftpistol.

Standardpistol byrja bra, svært bra 150 sek serier, så relativt greie 20 sek serier. I første 10 sek serie revna det totalt. 25 poeng. 25 poeng. Truleg var eg overtent og ufokusert. Etter det vart det svært vanskeleg å samleg seg att, og resten var middelmådig. Totalen havna på 502 poeng. Så , jobbe mentalt, jobbe med oppgåver og mindre arrogant (mentalt, altså). Men det positive er , hadde eg gjennomført burde eg grusa eigen rekord.

Over på luft. Her var eg truleg ikkje komme meg på plass mentalt. Ufokusert og utan konsentrasjon. Resultatet vart 533 poeng. Greit nok , grunntreninga sit , men det er ikkje godt nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar