Eg er litt uviss på om det vert NM i luftpistol, men eg har lagt om treninga for å førebu meg i alle høve. Det meste av treninga er for tida presisjon og det går framover. Eg føler at eg eg klarer å automatisere balanse, stilling, grep, løft, avtrekk mm. Eg er likevel nokonlunde klar over kva eg gjer, og klarer delvis med hjelp å halde fokus på kva som kan verte betre.
Styrketrening for både underarmar og skuldre saman med generell uthald er noko eg prøver å legge inn. Med tanke på utgangspunktet skal det svært lite til før eg får framgang.
I slutten av månaden var planen å skyte standardpistol og luft 60 på Vestnes. I dag prøvde eg med dermed på 10 og 20 sek serier . Eg klarer ikkje i min beste fantasi å skjønne kvifor eg skyt 20 sek dårlegast. Mange 10 sek serier vart og skutt.
Kva framgang er det så som er vanskeleg å sjå ??? Vel, når eg skulle skyte 10 sek var det tydeleg at eg framleis glepp litt på konsentrasjon, her må eg gjere eit arbeid igjen. Men sjølv når eg er dårlegare konsentrert, så er samlingane framleis kring midten, ikkje til sides som tidlegare. Dei håplause skudda er sjeldan veldig kvite, så i forhold til tidlegare er jo dette framgang.
Eg får prøve å halde fokus på at det faktisk går framover, ikkje fokusere på kva at ikkje alle skot går i innerti.
Ellers jobbar eg litt forsiktig med grep på dei ulike våpen, men små små steg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar