Når ein ser attende på eigne prestasjonar , er det alltid viktig å fokusere på det positive. Så det postitive idag er at eg har funne mange områder der eg kan verte betre.....
Vel, så svart var det vel ikkje, men det er den dårlegaste konkurransen eg har skote med luft - 524 poeng.
Eg kom tidleg på plass, fekk orientert meg og roa meg ned. Fekk i meg drikke og mat og var tidleg på plass før opprop. Brukte rikeleg med tid på klargjering, og skaut vel 13 prøveskot.
Konkurransen byrja greit, men eg var for rask. Triggerorda og rutinen var forsåvidt med, men eg var ikkje fokusert nok. Når eg byrja sende skot ut mot sju, burde eg ha stansa opp og teke pause. I staden peisa eg på, utan fokus på tid. Ukonsentrert og ufokusert er vel summen av konkurransen idag. Eg har skote mykje betre med samme pistol og samme løpsvekter, men med litt anna handgrep på beltet. Kan hende eg skal gå attende ?
Eg må gjere noko med løpsvektene, men det er klart at eg må halde fram med trening av uthald og styrke. Her er treningsgrunnlaget kort og godt for dårleg. Eg bør køyre hyppigare serier med 10 +60 skot luft for å trene uthald.
Ellers må eg prøve å få på plass litt meir mental trening, det er det som har fått minst plass i det siste.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar