Eg har ikkje gløymt bloggen, men føler eg bør ha noko relativt fornuftig å skrive (ha, ha, ikkje noko tilbakemelding om at då hadde det ikkje vore noko blogg i det heile).
Den siste månaden har eg fått attende litt driv til å trene basis element. Lufttrening heime får eg gjennomført minst 1-2 gongar pr veke. Resultatet er betre og betre.
I alle fall eit par gongar pr veke får eg også trent mentalt. Det går både på siktebilete, men og på konsentrasjonsevne. Treninga er relativ konstant og viser framgang.
På skytebana er eg om lag ein gong pr veke. Då går det primært i raske serier, dvs 10 sekund eller kortare. Eg har dei siste gongane klipt vekk 8 ringen og inn. Med full konsentrasjon kan eg skyte opp mot 100 skot , og mindre enn fem skot går utanfor. Det er berre å halde opp treninga slik at eg også klarer å halde dette nivået i konkurranse. Det ser ut som eg skal kunne delta i NM, og då må eg få dette på plass. Det hadde vore greit å krype opp dei få poenga til gruppe B att.
Det er truleg ein viss skilnad på rolege serier og raske serier mop siktepunkt. Dersom eg treff i midten i rolege serier, så dreg eg litt mot venstre på raske serier. Skilnaden er mindre og mindre, men den er der. Eg trur at eg kjem til å trene med ein serie mot skive roleg, og deretter 2-3 raske serier på ei anna skive for å provosere fram denne skilnaden att.
Triggerorda vert litt endra. Eg har siste tida gått frå : grep - finger - stilling - korn og trykk til grep-stilling - pust - korn og trykk. Trykket er framleis for umedvite, noko det eigentleg bør vere, men eg har enno ikkje fått inn god nok kontroll. Etterkvart som det andre sig på plass, så bør eg vel gjere avtrekket medvite, får eg på ny gjer det automatisk på ein korrekt måte.
Så , grunntreninga held fram, det er ingen short-cuts.
Høres ut som en fornuftig framgangmåte.
SvarSlett