torsdag 30. mai 2013

Saaaakte fremover.....

Det vert ikkje skrive mykje for tida, men eg brukar desto meir tid på skyting. Eit par sanningar har dukka opp eller rettare sagt, eg gjenoppdaga kor viktige dei er :
- eg må trene fysisk uthald og styrke, utan dette klarer eg ikkje å fungere gjennom ein heil konkurranse.
- eg må trene og fokusere mentalt.
- eg må gjere treningssituasjonen lik konkurranse.
- eg må fokusere på kornet.

Ei utfordring den siste tida har vore at sjølv om dei langsomme seriene går bra, så dreg eg mange skot ut mot venstre når tempoet går opp. Eg fekk eit godt råd, faktisk å bruke nok tid på første skot, dei andre kjem automatisk om dette er på plass. Dersom du rotar for fort på første skot, så går resten den vegen høna sparkar.

Sjølve skotavviklinga går framover, og eg klarer stadig oftare å fokusere på kornet, og toppen av dette. Dette er klart og når luftmengda over toppen av kornet er rett, så går alle skot rette vegen. Det er godt å føle at alle skota går rett veg.

Vi hadde ein internkonkurranse i standardpistol, og med totalt 534 får eg seie meg nøgd. Utfordringane ligg i dei raske seriane, men eg meiner eg over har skildra vegen framover. Vonar det held fram til NM.

På trening i går fekk eg skote mange raske pres.seriar, og desse var greie. Etter dette vart det skyting med hurtig-fin, og mange serier med 10, 8 og 6 var stort sett på rett plass. Kun 14 klikk opp. Er konsentrasjonen på plass så går det bra, tenk om eg kunne hugse dette !!!!
Til slutt var det koseskyting med shadow. Merkeleg nok , når ein gjer jobben, og konsentrerer seg godt nok, så går også alle desse skota beint fram. Stort sett alle 40 skota gjekk i eit hol som 7-8 cm på 10 m. Eit par floger tel vi ikkje. Moro dette med skyting, og meir moro vert det når ein faktisk legg litt energi i arbeidet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar