Onsdag var eg saman med skyttarkollega på tur til Førde då dei arrangerte standardpistolkonkurranse. Lang køyretur før konkurranse kl 18 på kvelden, men med hyggeleg lag og skytepreik så går tida fort.
Vel framme var ikkje konkurransen heilt etter boka , så tid til førebuing og oppvarming var så som så. Eg var likevel relativt lite sosial, og desto meir fokusert. Prøveskota var relativt greie og det var lite behov for å stille. Noko seiare stilte eg likevel ned eit knepp og eit til venstre.
På dei rolege seriane fekk eg som tidlegare litt puls, men på langt nær så kraftig som det plar være. I tillegg fekk eg liksom meir kontakt med kornet. Sjølv om eg ikkje skaut alle skot optimalt (det var vel ein sjuar i dei rolege seriane !!!) så vart det 178 på dei fire første. Noko som er godkjent.
20 sekund har vore eit av mine store problem, det har vore mykje rot og dårleg avtrekk. Eg har ikkje fått fokus på kornet i konkurranse og avtrekk har vore rotete. No var ikkje alt perfekt, men kontakten med kornet holdt seg. Roen var der og avtrekka var betre enn før. Framfor å kaste alle skota ut mot venstre i det kvite, så hold eg mot midten. 177 som total er ikkje så ille.
På 10 sek klarte eg å halde fokus, med gode resultat på dei første 2 serier. Så skjer det som ofte skjer når eg skyt godt. Ein slags arroganse og sjølvgodheit kjem inn. Då slepp konsentrasjonen og der satt kjapt eit skot i 6 og eit i 7 på 3 serie. På siste serie var ein ny 6. Totalt 168, men faktisk ok totalt.
Totalt 523, over grensa på B for neste år. Totalt sett betre kontroll, betre flyt, betre kontroll på avtrekk. Om eg hadde holdt fokus på dei siste 2 serier hadde nok eg maks nådd 530. Det er så god som eg er for augneblinken. Fram til NM vert det å jobbe med skatten heim (Scatt) og 10 sek serier på bana med tid og pust/avtrekk. Nye moment er noko som får vente. Etter NM vert det truleg litt forsiktig ferie. Etter NM får eg starte med basistrening på ny, dvs uthald og styrke saman med vidare teknikkterping. Ellers får eg etterkvar gå over til hurtig fin og duell då dette førebels ikkje har vore trent særleg på
Eg får gle meg over at platået går sakte oppover for tida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar