søndag 16. juni 2013

Scatt - ein hard trener ? Første erfaringar.

Då har eg fått nokre treningar med scatt trainer heime. I byrjinga sleit eg litt, men etter at eg sørga for å få litt avstand mellom meg og blinken kom det seg. Avstanden vart korrekt, og kalibreringa sit som eit skot. Eg må jukse litt med ståltråd for å feste på sensoren grunna storleiken framme på Pardinien, men det fungerer. Eg har snakka litt med Stenvaag, og han skal sjekke med leverandør om det finnast eit større band.

Så over til nytta, er dette eit brukande verkty? Så absolutt, men kan hende ikkje slik eg hadde tenkt meg. Eg brukte dei første øktene på å rote til alt. Dvs skyte, sjå kvar eg treff, irritere meg litt og gløyme det basale. Etterkvart har eg fått fokus vekk frå skjermen, og jobbar med serier på 5. Etter 5 skot kastar eg eit kort blikk på skjermen før eg går vidare med neste serie.

Etter avslutta trening set eg meg ned for å studere kva som hender. Eg ser at på det jamne har eg eit haldområdet siste 0,2 sek som er innanfor 9. På dei fleste avtrekk er det ikkje meir rørsle siste 0,2 sek enn ellers, noko som tyder på stabilt hald. På dei skota som går dårleg, er både haldområdet men spesielt dei siste 0,2 sek dårleg med mykje rørsle.

Erfaringa førebels er vel at eg må halde fram med trening av det basale - fysisk uthald og styrke. Vidare balanse, jobbe med tørravtrekk og fokus på både avtrekk og korn. Ved å bruke Scatt under tørrtrening får ein i ettertid tilbakemelding som viser kva ein skal jobbe vidare med.

Så førebels er eg ikkje i tvil om at dette er eit svært godt kjøp. Truleg vil eg kunne dra enno meir nytte av dette etterkvart, med meir kunnskap. Men kunnskap om at ein berre må halde fram med det basale er det viktigaste. Scatt fungerer meir som ein biofeedback, og eg ser klart at denne kuttar tida ein treng for å verte betre. Den gjev ein også meir data , slik at ein i større grad kan trekke konklusjonar, framfor i tillegg å freiste å samle inn data.

Eg er ikkje i tvil om at eg vil tilrå Scatt for alle som ønskar å verte betre, men også til klubbar der ein kan bruke Scatt eit par gongar pr mnd for datainnsamling om eige skytemønster.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar