Ifølge Anatoliy
(A )(pr 2003 ) er rådande tanke at det viktigast er indre
stabilitet, og at ein kan finne stabilitet i nærast alle posisjonar
(ein tenker her på Moritz Minder si spesielle stilling der pistolen
låg nærast sidelengs). Ein ser også skyttarar som har byrja
karriera med sida mot skive, og ila karriere har skifta til å sjå
rett mot skiva. Dette understreker at stilling /posisjon er og vil
vere individuell.
Det viktige er at
ein skyttar finner sin posisjon som gjev optimal muskulær tonus
(spenning). Det vil IKKJE seie stillinga med minst energi, men det
som gjev maksimal stabilitet. For dei fleste krev dette at ein
spenner seg ein del. Eit råd er at ein for å få maks stabilitet i
anklar, kne og hofter løfter seg ørlite på tå når ein løfter
pistolen, og så senker seg ned utan å bøye seg bakover. Her er det
best om føtter er parallelle.
Ein har tidlegare
lært at skytestilling må vere fysisk og mentalt energieffektivt.
Dei fleste finn ein avslappa stilling i balanse, men ein får visse
skot som ikkje går der dei skal. Anatoliy (A) peikar på at ein bør
ha ei noko styrka og bestemt stilling, og at denne vil hindre
streifskota som ein får i den avslappa stillinga. Det vert påpeika
at sjølv om råda er å vere avslappa, så er ikkje stillinga til
mange av dei beste skyttarane den mest avslappa ein kan sjå.
I
boka «Olympic Pistol Shooting» (OPC) (ISBN 3-9809746-2-8 )
går dei noko lengre og forklarar kva kompromiss ein må gjere. Ein
har i utgangspunktet 2 ytterpunkt.


Mi eiga tolking av dette er at
utgangspunktet på 45 grader på siktelinja er greit. Så får ein
prøve seg fram gradvis. Eg trur at trening og medvite spenning som
er tilpassa (ifølge A) gjer at ein kan velje gå meir mot dei
ytterpunkta ein føler passar best.Spenninga gjer at ein kan
overkomme og motverke nokon av kompromissa ein må gjere , i alle
høve i ei viss grad. Ved fysisk trening, styrke og tøying vil ein
truleg også kunne gjere noko med fysiske forutsetningane kroppen din
har. Det var grunnteorien bak dette så langt eg har misforstått
den. Fleire misforståingar følger.....