Pistolskyting er fasinerande, svært
lett og kjempevanskeleg. Det er lagt opp slik at det er umogleg å
utføre det slik at alle faktorar vert teke omsyn til på ein optimal
måte. Ein må heile tida gjere kompromiss, og kva ein vektlegg mest
for å få best resultat er svært individuelt. Du vil dermed aldri
verte heilt utlært, og alltid finne vegar å verte betre.
Grunnprinsippet er enkelt. Skyttaren
skal vere eit stabilt stativ for pistolen, og trekke av medan våpen
er retta mot senter av blinken. Dette skal ein gjere innanfor visse
tidsrammer og på visse måtar.
Bakgrunnen for mykje av det eg skriv er
fritt kokt saman av ulike tekstar og bøker som Pistolskyting Petter
Brattli, Olympic pistol skyting, nettfora mm. Det kan godt vere at eg
ikkje har forstått alt, men det er jo flott om nokon får større
forståing ved å lese dette. Send meg gjerne tilbakemelding i så
tilfelle, så eg kan verte betre.
Det kan vere at eg er litt treig, men
mykje lesing, diskusjon og prøving i mangel av ein god trener gjer
at det er vanskeleg å utvikle seg på ein sikker måte. Dette med
bakteppe av at alle valg vi gjer i skyting krev kompromiss. Korleis
skal eg eg så kunne vite at vala er meir eller mindre rette ? Kor
lenge skal eg vente på resultatet ? Kva er resultatet eg ventar på
? Kan eg vere viss på at eventuelle endringar skuldast det eg har
gjort medvite eller er det noko anna som har rota seg inn ?
For dei som orkar må eg dessverre
skrive litt om bakgrunnen for kvifor eg føler eg har oppnådd eit
høgare kunnskapsnivå. Det grunngjev mykje av endringane den siste
tida. For om lag 1 år sidan tok eg til å trene med ein SCATT
simulator. I byrjinga var dette berre noko som var svært kjekt å
sjå på, «live» skyting heime med fine strekar. Som den
treigingen eg er, tok det meg nesten eit år å forstå kva denne
eigentleg kunne gjere. Den gjev mykje data , og det er lett å gå
seg vill. Førebels er det 2 sett med data som eg synest eg har svært
stor nytte av.
Det eine er length of trace, eller
lengde på sporet som sensoren registrerer ei definert tid før
skotet. Er ein svært uroleg og virrar over heile blinken, så vil
denne naturleg nok vere lang. Den gjev altså ei tilbakemelding på
kor uroleg ein er. Det er her ein får ein slags fasit på kor stabil
ein er før ein trekk av, det er her styrke, uthald mm viser seg. Ein
god og stabil skyttar som har gjort det fysiske grunnarbeidet bra,
vil naturleg nok ha mykje kortare lengde. Det gjev eit mål på det
som på engelsk gjerne vert kalla arc of movement (AM), altså kor
mykje ein virrar.
Det andre, og for min del mykje
viktigare, datasettet, er absolutt avstand frå senter teikna mot
tid. Sensoren viser til ei kvar tid kvar våpenet peikar på blinken,
og viser dette som avstand frå sentrum av blinken. Når skotet går,
vert det registrert, og så byrjer analysearbeidet. Anatoliy
Piddubnyy skriv dette godt i artikkelen
http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml.
Poenget med denne grafen ein då får
opp, er at ein hjå svært mange skyttarar, inklusiv meg sjølv, ser
at ein held våpenet relativt stabilt fram til rett før avtrekket.
Det fortel oss at AM eller virring om du vil er relativt liten, og vi
har eit godt haldområdet. Om skota hadde gått i dette området, så
ville vi alle skote i klasse A eller B. Men det gjer vi ikkje, kvifor
det ? Vi ser jo på kornet, trekker av umedvite og likevel så går
ikkje alle skot i sentrum.
Om lag 0,3 sek eller så før skotet
hender det noko hjå mange av oss. Brått aukar AM og virringa, og
når skotet kjem så fell det som ellers tilfeldig i haldområdet,
men no har haldområdet vorte så mykje større, kvifor det ? Kva
hender rett før avtrekket, og kvifor går så haldområdet ut i det
kvite ?
Anatoliy P meiner vi må tenke annleis,
trene annleis enn det som er opplese og vedteke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar