På trening idag opplevde eg noko uvanleg. Før eg sjekka kvar skota på presskiva gjekk , var eg viss på sentertreff. God stilling, god posisjon, deilig lite haldområde og roleg , kontrollert avtrekk. Og det var grei samling ..... i overgang kvit/svart om lag kl 4.
Hmmm, skifte av ammo utan noko endring. Korleis kan sikteområdet eller våpenet skifte såpass mykje ??
Nøye våpensjekk... noko laust ??? Å ja, skruen som held alt saman var laus, og dermed var løpet ikkje heilt stabilt. Så , skru til og så var eg i sentrum att.
Ellers var skytinga utan spes hendingar. Som eg gjer til vanleg no, oppstart med skyting på svar papir. Deretter duellskyting på svart skive før eg går over til presskive.
onsdag 28. november 2012
tirsdag 27. november 2012
Børselars er grei å ha...
Rett før siste konkurranse fekk klubben tak i ei elektrisk avtrekksvekt. Justerte meg ned på ca 1100 gr, men truleg i overkant. Ingen vanskar under konkurransen, men på første trening etterpå hende det noko spesialt. Når eg heva pistolen og tok opp første del av skotet, så gjekk det av. Dette hende på alle skot og ved måling var avtrekket ikring 800 gr. Naturleg nok såg eg og justerte litt attende på andre delen av avtrekket. Brått var eg på 1300 gr og alt fungerte. Hmmmm
Telefon til Petter på Børselars , og eit kort aha. Eg måtte justere litt på ein annan skrue. Årsaken er at når ein kjem i eit vist stille kan rørslevegen på 2.delen av avtrekket verte så kort at den forsvinn. Kjekt å kunne få slike greie råd over telefon. Så litt justering , så er vi på plass igjen . No er eg litt under 1100 gr, så det får holde.
Ellers har eg på ny kasta meg igang med styrketrening for skuldre og brystkasse. Dette må nok til. Inntil dette er komme på plass , så vil nok fintreninga lide litt. Men eg har ikkje noko val, dersom eg skal halde ut siste delen av luftkonkurransen utan for mykje skjelvingar. Så det spørs om eg vert klar til NM i luft.

søndag 18. november 2012
Vestnes - ny øving og ny pers.
Idag var det konkurranse på Vestnes, VM fin og luftpistol (60).
Til skilnad frå tidlegare gjorde eg idag det burde har gjort før. Relativt tidleg oppmøte, påmelding og relativt grei oppvarming og uttøying. Ikkje så sosial som tidlegare, men heller meir tid på metale førebuingar.
VM-fin var først på programmet. Ved innskytinga var dei 2 første skota perfekt samla i 6, så her var sikte tydeleg stilt inn på duell. 15 knepp opp og dei 3 siste skota var 9 og 10. Klar..
Kort summert gjekk dei første 30 skota svært bra, meiner å hugse at eg enda på 275. Eg hadde noko høg puls, men pusteteknikk og avspenning fekk rask ro tilbake. Totalt sett svært nøgd med denne delen av programmet.
Duelldelen - vel - her får fokus vere fremover. Dei første seriane gjekk i hytt og gevær (ikkje pistol), og avtrekksfeila florerte. Eg hadde for dårleg fokus, feil vektfordeling, fokuserte ikkje raskt nok og godt nok på kornet og nappa av. Ein stovepipe , så eg måtte i omskyting. Det var forsåvidt greit, på den siste serien kom 47. Totalt sett enda eg på 540, som eg vel får vere nøgd med. Bilete under har ikkje summert siste serien grunna feil.
Etter litt mat og drikke var det laust på luftpistol. Her var innskytinga litt rotete, men etterkvart kom eg inn i ein fin rytme. Med nokre få avbrekk gjekk gjennomføringa heilt greit. Totalt var det 3 skot eg ikkje var nøgd med - 2 seksarar og ein sjuar. Resten var 8 , men flest ni og ti. Total enda eg på 556, og det må eg vel seie meg nøgd med. Dessverre ser det ut som grensa for A-klassa er flytta opp, slik at eg ikkje er A-skyttar enno.
Sum : halde fram med treningsprogrammet som eg gjer.
Til skilnad frå tidlegare gjorde eg idag det burde har gjort før. Relativt tidleg oppmøte, påmelding og relativt grei oppvarming og uttøying. Ikkje så sosial som tidlegare, men heller meir tid på metale førebuingar.
VM-fin var først på programmet. Ved innskytinga var dei 2 første skota perfekt samla i 6, så her var sikte tydeleg stilt inn på duell. 15 knepp opp og dei 3 siste skota var 9 og 10. Klar..
Kort summert gjekk dei første 30 skota svært bra, meiner å hugse at eg enda på 275. Eg hadde noko høg puls, men pusteteknikk og avspenning fekk rask ro tilbake. Totalt sett svært nøgd med denne delen av programmet.
Duelldelen - vel - her får fokus vere fremover. Dei første seriane gjekk i hytt og gevær (ikkje pistol), og avtrekksfeila florerte. Eg hadde for dårleg fokus, feil vektfordeling, fokuserte ikkje raskt nok og godt nok på kornet og nappa av. Ein stovepipe , så eg måtte i omskyting. Det var forsåvidt greit, på den siste serien kom 47. Totalt sett enda eg på 540, som eg vel får vere nøgd med. Bilete under har ikkje summert siste serien grunna feil.Etter litt mat og drikke var det laust på luftpistol. Her var innskytinga litt rotete, men etterkvart kom eg inn i ein fin rytme. Med nokre få avbrekk gjekk gjennomføringa heilt greit. Totalt var det 3 skot eg ikkje var nøgd med - 2 seksarar og ein sjuar. Resten var 8 , men flest ni og ti. Total enda eg på 556, og det må eg vel seie meg nøgd med. Dessverre ser det ut som grensa for A-klassa er flytta opp, slik at eg ikkje er A-skyttar enno.
Sum : halde fram med treningsprogrammet som eg gjer.
onsdag 7. november 2012
Konkurranseoppkøyring or not, that's the question.
Neste helg er det VM-fin og luft på Vestnes. No skulle eg ideelt drive med konkurranseoppkøyring og fintrening av program, men for tida er ikkje det mogleg. Vi har tidvis eit lite luksusproblem på treningar, med nye skyttarar kvar gong og tidvis bra oppmøte. Resultatet er mykje undervisning , som i seg sjølv er lærerikt for meg. I tillegg må vi bruke tid på skyteleiing då vi stort sett er 2-3 som kan drive dette. Det gjev gode moglegheiter til observasjon og instruksjon, noko som også er lærerikt for meg.
Dessverre får eg ikkje driv mykje eigentrening med kuler og krutt, og finsliping av konkurranseskytinga lid litt under dette. Imidtertid har eg ein del gode heimetreningar der eg har funne attende til den gode gamle avtrekkstreningar. Det skal ikkje mange avtrekk til før eg har god kontroll på kornet, og holdområdet verkar å vere mindre. Grepet sit betre og meir konstant, og kornet fell på rett pass. Kan hende mindre trening på bane gjev meir motivasjon for kvalitativ heimetrening. Og som dei fleste veit, er det jo tal på klikk mot tomt kammer som avgjer.
Eg skal prøve å få til nokon ekstratreningar ila veka med krutt, om ikkje får vi sjå på i alle fall VM-fin som trening og ikkje konkurranse til neste helg.
Resultatet på press-trening igår (50 skot) var 2 x 7, 3 x8, resten var greie. Måtte skru 2 knepp til venstre av ein eller annan grunn. Hadde på førehand skrudd 15 klikk opp. Skaut med ein blå Eley igår , istaden foe grønn. Kan det vere 2 klikk mot venstre / høgre ?

søndag 21. oktober 2012
Long time , no write......
Dei store følgarskarane som føl denne bloggen er nok skuffa over at eg ikkje har skrive noko på ei tid. For dei er eg sjølvsagt lei meg, men eg vonar at det eg no skriv er litt lesverdig..
Dessverre har eg vore noko sjuk og måtte også reise vekk til Trondheim. Likevel er det jo greit å ha med Lp10, så litt trening får ein jo.
Utstyrsmessig har eg fått ein Røhm Twinmaster Allrounder i hus. Dette for at junior skal få trene litt meir. I tillegg har vi fått laga 2 stk Normaputer, så han får kose seg. Det verka også som om han synest dette var meir spennande når han traff meir i det svarte.
Litteraturmessig har klubben skaffa byrjarhefte i pistolskyting frå Skytterforbundet. For dei som ikkje har det, spring og skaff. Kjempebra hefte, god oversikt, ein veldig bra treningsbank over oppvarming, styrke og tøyeøvingar. Eg kjem faktisk til å bruke denne meir enn lærebok i pistolskyting. Den siste er nok tyngre og krev meir tankearbeid. Dette heftet er greiare og meir oppskriftsmessig til å ha med seg på trening.
Ammomessig har eg fått inntrykk av at grønn Eley går rett mot senter, medan CCI standard går ned mot høgre. Samlingane er bra med begge to, men altså ikkje på samme stad. Heldigvis har klubben gått til innkjøp av både grønn Eley og Eley Match Pistol så eg slepp å bale meir med CCI. (som stort sett fungerer altså).
Treningsmessig har eg vore litt flinkare å tørrtrene. Før klikktrening har eg vore meir nøye på grundig oppvarming og uttøying. Under klikktrening har eg jobba litt meir med eit tips som var i oppstartsheftet. Eg prøver å tenke meg at avtrekket skal trykke kornet gjennom skuret. Dette gjer at eg held fokus på kornet i større grad.
For oss som ikkje har trenar må eg nok ein gong berre streke under kor viktig det er å ha ein eller fleire gode treningspartnarar. Ein får ein stad å diskutere tanker og idear, og eg ser også for meg at ein god trenar etterkvart også vert ein diskutsjonspartnar med stor evne til å stille dei rette spørsmåla....
Eg las ein plass at det er viktig å lese opp att og repetere kunnskap og litteratur frå mange ulike kjelder. Første gong får ein med seg det som ligg på kanten av det ein kan, neste gongen ein les kan ein meir og får med seg meir , gongen deretter for ein med seg enno meir av det som står der. Når ein så skiftar kjelder frå gong til gong, for så å gå attende - mykje god lærdom. Dette er også ei erkjenning av at ein er i utvikling og ein god trenar/elev/student må kjenne sine begrensingar og sørge for mest mogleg informasjon som er på korrekt nivå.
Idag har eg også hatt ei god trening. Første på lang tid. Først 30 skot mot kvit bagrunn , og med god samling. Deretter 20 skot presisjon, der det store og heile var samla frå ni og inn. Så 15 klikk ned på sikte, og så var det 5 skot i duellskive i midten. Resten av treninga var duelltrening på eigenutvikla mobilapp (på Android self), der kun nokre få var utanfor ni.
Så summen av alt dette - tørrtrening med oppvarming i store mengder. Les , lær og repeter.

søndag 7. oktober 2012
Standardpistol Verpingvika Ålesund 514 p
Så var den ny konkurranse i Ålesund. Her var min føste konkurranse ca 1 år tilbake. Den gong med Browning Buckmark og 446 som resultat. Har noko endra seg?
Fjellhallen var like kald som sist, men pulsen var litt lågare. Ekstra lag med kle var med, men dei første seriane var faktisk litt prega av kulde og skjelving.
Ved innskyting var eg litt høg og skrudde ned 2 klikk. Dette var forøvring første konkurranse med litt høgare siktepunkt, dvs om lag lik mengde luft mellom korn og skive som mellom korn og skur.
Dei første 2 seriane med 150 sek var litt puls og nerveprega og ikkje bra nok. Dei 2 neste var gode med godt hald og godt avtrekk. Første 20 sek var rotete og ukonsentrert, med fire skot nappa av. Flaks at dei i det heile gjekk i det svarte. Så kom ein roleg periode att på 20 sek, før eg rota med 2 10 sek serier.
Totalt sett må eg seie meg nøgd.Eg må jobbe litt meir med puls/nerver , dvs mentalt. Ellers bør treninga halde fram med å berre verte betre på det meste. Nivået er om lag som NM, men om eg luker vekk dei største tabber og vert jamnare bør eg krype opp mot 530-540. Det er vel førebels målsettinga.
Ellers var konkurransen ikkje heilt optimal og eg kan klart verte betre på førebuing i 5 min, mykje betre fokus undervegs og mykje mindre prat. Dessverre bør eg verte meir usosial og heller prate før og etterpå. IKKJE UNDER SKYTING. Det er dessutan uhøfleg å uroe andre.
Fjellhallen var like kald som sist, men pulsen var litt lågare. Ekstra lag med kle var med, men dei første seriane var faktisk litt prega av kulde og skjelving.
Ved innskyting var eg litt høg og skrudde ned 2 klikk. Dette var forøvring første konkurranse med litt høgare siktepunkt, dvs om lag lik mengde luft mellom korn og skive som mellom korn og skur.
Dei første 2 seriane med 150 sek var litt puls og nerveprega og ikkje bra nok. Dei 2 neste var gode med godt hald og godt avtrekk. Første 20 sek var rotete og ukonsentrert, med fire skot nappa av. Flaks at dei i det heile gjekk i det svarte. Så kom ein roleg periode att på 20 sek, før eg rota med 2 10 sek serier.Totalt sett må eg seie meg nøgd.Eg må jobbe litt meir med puls/nerver , dvs mentalt. Ellers bør treninga halde fram med å berre verte betre på det meste. Nivået er om lag som NM, men om eg luker vekk dei største tabber og vert jamnare bør eg krype opp mot 530-540. Det er vel førebels målsettinga.
Ellers var konkurransen ikkje heilt optimal og eg kan klart verte betre på førebuing i 5 min, mykje betre fokus undervegs og mykje mindre prat. Dessverre bør eg verte meir usosial og heller prate før og etterpå. IKKJE UNDER SKYTING. Det er dessutan uhøfleg å uroe andre.
mandag 1. oktober 2012
Det samler seg.....
Sidan sist har eg trent litt ekstra tørrklikk , samt trent 100 skot mot kvit bakgrunn. Dette for å samle fokus og teknikk igjen. Skiva over er resultatet av 20 skot, kvart skot teke for seg.
For mange er kan hende ikkje dette så bra, men for meg er dette svært bra. Det er første gong eg har fått nokonlunde samling når eg tek dei lange seriane i standardpistol. Litt justering av skuret, så er vi på rett plass.
Ellers må eg berre streke under nytten ein har av ein god treningspartner. Vi manglar faste trenarar, mi samla treningstid under supervisjon er ca 5 timar. Då må vi dessverre lese og tenke, samt diskutere. Fordelen er likevel at vi er medvitne om stadig meir vi gjer og ikkje gjer. Så om vi finne opp hjulet på nytt, så kjenner vi i all fall godt til hjulet som konstruksjon.
No er det berre å halde opp fokus fram til søndag, då er det ny konkurranse, standardpistol i Ålebyen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)