Då sit eg på eit hotellrom i Trondheim og skal om ikkje lenge dra ut til Lånkehallen for å skaffe meg litt meir rutine. Idag er det NM luftpistol. Av ein eller annan uforståeleg grunn er eg ikkje med i seeda gruppe, forstå det den som kan :-)
Den siste tida har eg tenkt å skrive fleire innlegg, men har prioritert trening og andre ting. Eg har enno ein lang veg å gå. Eg har modifisert grepet på luftpistolen, men har enno eit stykke att. Eg har ikkje turt å gjere meir på dette no rett før NM, men her skal moddast vidare. Vidare må eg sjå litt på løpsvektene, trur det er litt for tung.
Ellers har triggerorda gått meir på plass, men eg må jobbe meir med dei. Meir rutine må på plass. Ellers må eg jobbe enno meir med fokus på kornet.
Uthaldsmessig går det sakte framover med treninga,men eg har mykje trening for styrke enno. Eg trener no jamnt med styrke i underarmar, skuldrar , men også overarmar - biceps og brachialis. Desse to siste er for svake hjå meg - litt begredeleg å sjå kor dårleg det står til, men det er jo berre å trene.
Luftpistolen har fått førstepri siste tida, av naturlege årsaker. Eg klarer enno ikkje å gjennomføre ein full konkurranse utan å verte sliten, og oscilleringane dei siste skota er alt for store. Men , fleire gongar ila 70 skot får eg det eg vil kalle det gode skotet. Du føler fullt fokus på kornet, som står heilt i ro. Avtrekket går utan rørsle i kornet og du berre kjenner at skotet går i 9 eller 10. Når eg er såpass trent at desse vert fleirtalet - dvs når eg vert rutinert nok, så skal vi sjå.
Idag skal eg berre prøve å gjere jobben på skytelinja, suge til eg erfaring og jobbe vidare. Eg får håpe på pers.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar