Eg har skrive ein og anna innlegg siste tida om teori bak skying med pistol. Eg prøvar å verte noko meir strukturert, og kjem kan hende med ein betre oversikt etterkvart. Prøver å legge det ut som ei fil som eg kan oppdatere etterkvart som den vert betre. Førebels er eg på ca 7 sider (men med figurar :-))
På treningsfronten går det stadig framover. Eg har adoptert ei litt fastare ramme generelt, dvs litt fastare grep på pistol, auka muskeltonus, og fokus meir på avtrekk. Avtrekket er framleis ikkje bra nok, men det kjem seg. Ein og annan slenger ser eg enno, men eg skyt med mykje større sjølvtillit tross mindre trening. Samlingan er generelt mykje betre. Eg trener for det meste 20 sek serier, men nyttar og SCATT og eg likar det eg ser.
Så, eg vil tilrå at dei som har tid les heftet til Bratli samt dei to artiklane eg har likna til og gjer seg nokre val. For dei som ikkje gidd dette, så får ein vente på den spennande oversikten eg sjølv kjem til å legge ut :-)
torsdag 5. juni 2014
onsdag 21. mai 2014
Posisjon - kvar skal nasa peike ?
Ifølge Anatoliy
(A )(pr 2003 ) er rådande tanke at det viktigast er indre
stabilitet, og at ein kan finne stabilitet i nærast alle posisjonar
(ein tenker her på Moritz Minder si spesielle stilling der pistolen
låg nærast sidelengs). Ein ser også skyttarar som har byrja
karriera med sida mot skive, og ila karriere har skifta til å sjå
rett mot skiva. Dette understreker at stilling /posisjon er og vil
vere individuell.
Det viktige er at
ein skyttar finner sin posisjon som gjev optimal muskulær tonus
(spenning). Det vil IKKJE seie stillinga med minst energi, men det
som gjev maksimal stabilitet. For dei fleste krev dette at ein
spenner seg ein del. Eit råd er at ein for å få maks stabilitet i
anklar, kne og hofter løfter seg ørlite på tå når ein løfter
pistolen, og så senker seg ned utan å bøye seg bakover. Her er det
best om føtter er parallelle.
Ein har tidlegare
lært at skytestilling må vere fysisk og mentalt energieffektivt.
Dei fleste finn ein avslappa stilling i balanse, men ein får visse
skot som ikkje går der dei skal. Anatoliy (A) peikar på at ein bør
ha ei noko styrka og bestemt stilling, og at denne vil hindre
streifskota som ein får i den avslappa stillinga. Det vert påpeika
at sjølv om råda er å vere avslappa, så er ikkje stillinga til
mange av dei beste skyttarane den mest avslappa ein kan sjå.
I
boka «Olympic Pistol Shooting» (OPC) (ISBN 3-9809746-2-8 )
går dei noko lengre og forklarar kva kompromiss ein må gjere. Ein
har i utgangspunktet 2 ytterpunkt.
Den beste stillinga for hovud, nakke og
auger mop blodforsyning mm er stå med kropp rett mot skiva. Som ein
ser av figuren vil ein måtte flytte handa litt inn framfor kroppen.
Den raude pila skal illustrere krafta som rekylen danner. Ein ser at
denne gjer at handledd, skulder og kropp får ein vridning som ein må
kompensere og rette opp att før ein kan ta neste skot. Stillinga er
altså grei til enkle skot med god tid. Mangel på kroppsmasse rett
bak rekylen gjer imidlertid at ein må spenne kroppen desto meir får
fange opp denne i raske skot. Ein får heller ikkje så mykje gratis
i løftet. Petter Bratli forklarer dette godt når han viser til at
brystmuskelen i den skytande handa er pressa saman, og ryggmusklar er
strekt slik at skytehanda nærast vil dra seg utover. Ein kan truleg
kompensere på eit skot, men i ein serie vil kroppen dra skota uover
mot høgre.
Den andre stillinga etter OPC er reint
sidevegs. Her vil vridning i hovud og nakke gjere at blodforsyning,
musklar og nerver ikkje har det bra. Brystmusklar vil tendere til å
dra handa inn mot midten i serier, og bakre skuldermusklar vil truleg
skubbe litt samme veg. Fordelen med denne stillinga er at all
kroppsmasse er rett bak pistolen. Rekylen går rett gjennom handledd,
arm og gjennom skulder inn i kroppen. Rekylopptaket er dermed mykje
rolegare. Om ein klarer å kompensere for ulempene , kan ein altså
skyte fort og kontrollert med godt rekylopptak.
Mi eiga tolking av dette er at
utgangspunktet på 45 grader på siktelinja er greit. Så får ein
prøve seg fram gradvis. Eg trur at trening og medvite spenning som
er tilpassa (ifølge A) gjer at ein kan velje gå meir mot dei
ytterpunkta ein føler passar best.Spenninga gjer at ein kan
overkomme og motverke nokon av kompromissa ein må gjere , i alle
høve i ei viss grad. Ved fysisk trening, styrke og tøying vil ein
truleg også kunne gjere noko med fysiske forutsetningane kroppen din
har. Det var grunnteorien bak dette så langt eg har misforstått
den. Fleire misforståingar følger.....
mandag 19. mai 2014
Litt grunnteori eller noko sånt
Pistolskyting er fasinerande, svært
lett og kjempevanskeleg. Det er lagt opp slik at det er umogleg å
utføre det slik at alle faktorar vert teke omsyn til på ein optimal
måte. Ein må heile tida gjere kompromiss, og kva ein vektlegg mest
for å få best resultat er svært individuelt. Du vil dermed aldri
verte heilt utlært, og alltid finne vegar å verte betre.
Grunnprinsippet er enkelt. Skyttaren
skal vere eit stabilt stativ for pistolen, og trekke av medan våpen
er retta mot senter av blinken. Dette skal ein gjere innanfor visse
tidsrammer og på visse måtar.
Bakgrunnen for mykje av det eg skriv er
fritt kokt saman av ulike tekstar og bøker som Pistolskyting Petter
Brattli, Olympic pistol skyting, nettfora mm. Det kan godt vere at eg
ikkje har forstått alt, men det er jo flott om nokon får større
forståing ved å lese dette. Send meg gjerne tilbakemelding i så
tilfelle, så eg kan verte betre.
Det kan vere at eg er litt treig, men
mykje lesing, diskusjon og prøving i mangel av ein god trener gjer
at det er vanskeleg å utvikle seg på ein sikker måte. Dette med
bakteppe av at alle valg vi gjer i skyting krev kompromiss. Korleis
skal eg eg så kunne vite at vala er meir eller mindre rette ? Kor
lenge skal eg vente på resultatet ? Kva er resultatet eg ventar på
? Kan eg vere viss på at eventuelle endringar skuldast det eg har
gjort medvite eller er det noko anna som har rota seg inn ?
For dei som orkar må eg dessverre
skrive litt om bakgrunnen for kvifor eg føler eg har oppnådd eit
høgare kunnskapsnivå. Det grunngjev mykje av endringane den siste
tida. For om lag 1 år sidan tok eg til å trene med ein SCATT
simulator. I byrjinga var dette berre noko som var svært kjekt å
sjå på, «live» skyting heime med fine strekar. Som den
treigingen eg er, tok det meg nesten eit år å forstå kva denne
eigentleg kunne gjere. Den gjev mykje data , og det er lett å gå
seg vill. Førebels er det 2 sett med data som eg synest eg har svært
stor nytte av.
Det eine er length of trace, eller
lengde på sporet som sensoren registrerer ei definert tid før
skotet. Er ein svært uroleg og virrar over heile blinken, så vil
denne naturleg nok vere lang. Den gjev altså ei tilbakemelding på
kor uroleg ein er. Det er her ein får ein slags fasit på kor stabil
ein er før ein trekk av, det er her styrke, uthald mm viser seg. Ein
god og stabil skyttar som har gjort det fysiske grunnarbeidet bra,
vil naturleg nok ha mykje kortare lengde. Det gjev eit mål på det
som på engelsk gjerne vert kalla arc of movement (AM), altså kor
mykje ein virrar.
Det andre, og for min del mykje
viktigare, datasettet, er absolutt avstand frå senter teikna mot
tid. Sensoren viser til ei kvar tid kvar våpenet peikar på blinken,
og viser dette som avstand frå sentrum av blinken. Når skotet går,
vert det registrert, og så byrjer analysearbeidet. Anatoliy
Piddubnyy skriv dette godt i artikkelen
http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml.
Poenget med denne grafen ein då får
opp, er at ein hjå svært mange skyttarar, inklusiv meg sjølv, ser
at ein held våpenet relativt stabilt fram til rett før avtrekket.
Det fortel oss at AM eller virring om du vil er relativt liten, og vi
har eit godt haldområdet. Om skota hadde gått i dette området, så
ville vi alle skote i klasse A eller B. Men det gjer vi ikkje, kvifor
det ? Vi ser jo på kornet, trekker av umedvite og likevel så går
ikkje alle skot i sentrum.
Om lag 0,3 sek eller så før skotet
hender det noko hjå mange av oss. Brått aukar AM og virringa, og
når skotet kjem så fell det som ellers tilfeldig i haldområdet,
men no har haldområdet vorte så mykje større, kvifor det ? Kva
hender rett før avtrekket, og kvifor går så haldområdet ut i det
kvite ?
Anatoliy P meiner vi må tenke annleis,
trene annleis enn det som er opplese og vedteke.
søndag 18. mai 2014
Fast grep, litt auka spenning i kropp - ny 50 serie !!!!
Prøvde idag skyting med handleddstøtte. Bilete er IKKJE frå dette. Faktisk stemte det som mange meiner, ein skyt ikkje betre med støtte då ein gjer dei største feil i avtrekket. Så med støtte gjekk det ikkje spesielt bra.
Etter nokre serier på 20 sek , ville eg prøve nokre serier med press. Dette er første 5 skot som eg meiner er ein 50 serie. Dei neste 5 skot var 48. Dette lovar bra.
Eg prøver no å følge råda frå artiklane som eg skildra. For dei som ikkje har lese enno, så tilrår eg spesielt artikkel nr 2. Alt i nr 1 står i nr 2. Den er litt tung, men vel verdt å lese. Eg skal prøve å omsetje den , i alle høve dei viktigaste delane etterkvart.

fredag 16. mai 2014
It is all in the wrist ?
Eg vil rå dei som ynskjer å verte gode i pistolskting til å lese følgande artiklar:
http://www.pilkguns.com/anatoli.shtml
http://www.pilkguns.com/anatoli2.shtml
For lang tid tilbake la eg ein link til ein tråd på targettalk som omhandla akkurat dette. Det kan sjå ut som om meir fokus på handledd og avtrekk er vegen å gå framfor alt fokus på korn. Dvs fokus skal vere på kornet, men truleg skal tanken og automatikken vere meir stilt inn på avtrekk og førebuingane på skotet ?
Eg påstår å ha nokon fasit, men dette har gjeve svært gode resultat for skytinga mi den siste tida.
Eg dristar meg til å legge ut bilete frå SCATT

dette er saksa frå følgande side :
http://www.scatt.com/articles/19/coordination_analysis+/
Les og tenk litt. Gje meg gjerne tilbakemelding

torsdag 1. mai 2014
Trening, trening og atter trening.
Som eg tidlegare har skrive, vert det truleg ingen NM på meg i år. Luft NM kom og gjekk utan meg på pallen (her er vi alle sikre på at eg ikkje hadde vore på pallen om eg hadde delteke ). NM bane vert nok også utan meg, så det vil nok bli lett for dei andre, ja. I tillegg ser det ut som om det vert få konkurransar på meg fram til oktober. For ein del disiplinar vil eg nok falle ned i klasse D grunna manglande konkurransar.
Med, eg får sjå på dette som ein gylden moglegeit for å perfeksjonere skytinga, og her er heldigvis mykje å jobbe med, både skyteteknisk, fysisk og mentalt.
Nye briller har gjeve eit bra løft, og fokus på kornet kjem seg stadig. Det er vanskeleg å seie sikkert, men eg klarer no kan hende full konsentrasjon på rundt 50 % av skota, og det aukar stadig. Bra fokus på korn gjer at eg ser at eigenskapar som balanse også må jobbast med. Styrke kjem seg og, men her har eg enno mykje att før eg er stabil nok. Uthaldstreninga kjem seg gradvis, men også her må skruen skruast til enno litt.
Eg har fleire gongar tidlegare skrive om kor mykje eg har å hente på det mentale. Truleg har eg komme meg ein del, men eg framleis så mykje att på grunnteknikken, at det mentale får ligge inntil vidare. Dvs , der eg kan , trenar eg sjølvsagt dette og, men fokus ligg framleis på det grunnleggande.

lørdag 19. april 2014
Nytt syn på blinken..
Eg har over lang tid lagt merke til at det vert vanskelegare å halde fokus på kornet etterkvart som ei skyteøkt eller ein konkurranse skrid fram. Mistanke til dårleg konsentrasjon , og ei eiga evne til å søke opp skiva for å sjå kvar skotet gjekk har vore hovudmistenkt. Synet er normalt bra, både til avstand , lesing /data mm utan at eg treng briller. Eg har frå tidlegare nokre briller som eg skal kunne bruke til dagleg, utan at eg føler stor nytte av desse. Eg er lett langsynt, og kan derfor kompensere bra i det daglege.
Igår skaffa eg meg lesebriller i 1,5 og 2.0 frå Nille (for å teste). 2 var for sterkt, men 1,5 var ei ny verd. No er det litt kort tid å uttale seg etter ei skyteøkt, men det var utan tvil mykje lettare å halde fokus på skiva utover økta. Truleg må eg nytte musklane i augene intenst når eg skyt, og dette gjer at dei vert fortare slitne, derfor behovet for briller. Vert spennande å sjå framover.
6-10 april var eg ein tur til Tromsø. Til skilnad frå tidlegare vare det kun luftpistol som var i bagasjen. Eg vitja Tromsø pistolklubb og fekk omvisning i eit flott anlegg. 5 skivetrekk for luft og 5 elektroniske skiver for krutt. Eg fekk ein lang og god luftrening, og bekrefta at eg ikkje er så aller verst, men ikkje så aller best heller ......

Abonner på:
Innlegg (Atom)