Har endeleg teke til vettet og laga meir struktur på heimetreninga. Skal prøve råda til Keith Sanderson. Så vi prøver 3-5x pr veke med avtrekk med lukka auger (10-20x) , avtrekk mot kvit vegg (10-20x) og til slutt 6 x avtrekk med 1 min etterhald. Den siste mot liten sirkel på vegg.
Eg oppdaga at grepet truleg var bra nok førebels, for kornet låg stort sett fint i skuret, men holdområdet var ikkje bra nok. Balanse og styrke !!!!!!
Treningsmengdene skal nok aukast i tal på repetisjonar og lengde på etterhald etterkvart.
Eg får litt tid til å kjenne godt etter. Er vekta plassert godt nok på beina ? Unngår eg å låse beina (råd frå Lars Kanedal) ? Korleis er vinkel i handledd ? Klarer eg å halde hovudet beint/rett ?
Potensialet er truleg stort ......... :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar