Eg har lese ein god del om såkalla muskelminne. Dvs at vi jobbar med fotstilling, balanse, grep, løft. pusteteknikk og avtrekk gong på gong slik at musklane i teorien skal hugse det vi gjer frå gong til gong. Belønninga skal vel vere at det vi gjer er så nær identisk som mogleg frå gong til gong. Då vil alle skot gå i same hol - i alle fall i teorien.
For oss som byrja med skyting godt over 30, og som veit at den motoriske gullalder er kring 10-12 år, så er forsåvidt løpet køyrt :-)
Men, eg kom til å tenke. (Skummelt ) Korleis veit eg at eg løftar like høgt heime mot vegg , som mot skiva som er 1,4 meter over bakken, samt at eg har holdområdet kring 4 ?
Svaret er tangens. Leita fram gamle kalkulatorar, jobba litt og fekk madamen til å måle høgd frå golv til sikteauget. Rekna meg fram til at vinkel mellom auget/siktelinje og holdområdet sin horisontal er 1.19 grader. (Var det rett forklart ??) Med litt tangens har eg komme fram til ein formel som gjev meg høgda på holdområdet alt etter avstand frå veggen eg klikkar mot. Sjeldan eg har 25 meter heime. Så no må eg vel trene rett og berre treffe ?
Ellers har eg snakke litt med Børselars idag. Bestilt 2 nye magasin til SP, samt purra litt på LP10. Skal verte moro å får klikke/trene med luft i tillegg .
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar