Ikkje heilt i toppform i dag. Klarte berre å fullføre halv dag på jobb før eg måtte krype heim til sofaen.
Eg valde derfor å bruke unyttig sofatid til å sjå ein del på ISSF-channel på youtube for å lære litt meir. Målet mitt var å sjå litt på korleis dei ulike utøvarar flyttar på tyngdepunkt i løftet og korleis dei står i forhold til siktelinja. No er dessverre filminga dårleg, dei er meir opptekne av næropptak, ansiktsuttrykk mm. Det vert litt vanskeleg å studere vinklar og slikt. Har sett på 50 m fripistol, 25 m damer og 10 meter luft damer og herrer.
Eg ser at dei fleste gjer det om lag på samme vis , men nokon har sjølvsagt relativt uortodokse stillingar. Dei fleste har ein vinkel i overkropp som er om lag 10-20 grader i forhold til siktelinje (og då 70-80 i forhold til skyttarlinja). Ved løft får eg inntrykk av at dei fleste tek ut rørsla i bekken og hofteregionen, men rørsleutslaget er variabelt.
Ein annan ting eg la merke til var at dess mindre vinkel skyttar hadde mellom siktelinje og overkropp, dess meir vridning fekk ein i albogeleddet. Det kan verke som om det ideelle for albogen dermed er å ha minst mogleg vinkel mellom overkropp og siktelinje. Dessverre vil det i mitt tilfelle gje press i bakre del av skulder som gjev meir stress og skjelving i holdområdet. Pistolskyting er verkeleg ein kunst i å balansere omsyn om kvarandre.
Eg trur sjølv at vinkel i overkropp er om lag den samme hjå meg, men eg trur nok at eg tek ut rørsle i løftet i anklane av ein eller annan grunn. Det siste er kan hende ikkje så smart då eg beveger heile kroppen og plattforma. Godt eg trener ein del skot med lukka auger. Klarer eg å tenke på både bekkenrørsle og avtrekk /grep ???? (Truleg ikkje, er tross alt mann og då klarer eg jo MAKS ein ting på same tid ifølge madammen)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar