tirsdag 1. mai 2012
Det går framover.....bare ikkje fort
Eg fekk tid til å skyte litt igår. Som ein ser av vedlagt bilete så er holdområdet med roleg skyting framleis bra. Det ser ut som tørrtrening er nyttig.
Utfordringa no er å få til det same når eg skal skyte 10 sek serie. Med ein gong eg prøver å skyte litt fort , så vert holdområdet større, samt eg dreg skota ut til venstre.
Det skal ha litt å seie kva grep ein har, men eg trur at eg må legge om treninga litt.
Så, då er det berre å finstudere litt på korleis trene mest effektivt . KJem attende til det seinare.
Eg fekk også prøve Morini av ein kamerat. Etter nokre skot låg den godt i handa mi, den og. Litt ulik skjeftevinkel, men eg kunne nok venne meg til den og. På samlingane såg eg at Pardinien min også passa godt til min kamerat i nabobåsen.
Konklusjonen er vel at vi langt på veg må jobbe med oss sjølv, desse våpena er vel såpass bra at vi ikkje kan skulde på dei om noko går gale.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar