I dag var eg atter heime att på 12,5 m bane med Colt skive. Etter å ha skutt sentrert på 25 meter var det litt styr å komme attende til sub-six. 18+15+5+1 klikk, så var eg der.
Nye briller frå Nille var også på plass. Eg brukar + 0,75 og + 0,5 frå før, så no prøvde eg + 1,0 på begge auger. Vi får sjå kor det går, det var i alle fall lettare å få blinken uklar ....
Skjefte har fått litt tremasse inn mot handbaken. I tillegg er hylla flytta litt opp. Det verkar litt meir stabilt, pistolen ligg liksom meir fast i grepet.
Etter nokre skot på press, gjekk eg over å veksle frå 10 sek serier til duellserier. Betre samlingar med haldområdet på 9, og eg dreg ikkje så langt til venstre. Dette kan tyde på skjefteendringane har noko for seg, eg må sjå korleis det går framover.
Ellers jobba eg saman med ein kollega med å sjekke at hovudet er retta rett mot blinken, eg har litt å jobbe her.
Mentalt arbeid er også eit området så eg må starte på .... it's all in my head....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar